Historikar. Foreldre: Gardbrukar Kristian Thoresen Fladby (1868–1932) og Martha Hexeberg (1882–1950). Gift 1946 med Marie Elisabeth Lenning Nielsen (9.12.1921–), dotter til kaptein Ole Lenning (1890–1980) og lærar Anna Karoline Ihle (1893–1967).

Rolf Fladby var historikar med lokalhistorie og norsk historie i tidleg nytid som spesiale. Som leiar for Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) i 30 år skapte han ein institusjon med fagleg tyngde, som han utvikla til eit effektivt serviceorgan for lokalhistorisk og allmenn historisk forsking.

Fladby voks opp i eit solid bondemiljø på Romerike. Examen artium tok han 1937, og han var i ferd med å avslutte historiestudiet ved Universitetet i Oslo med ei hovudoppgåve om Bernt Anker då universitetet stengde hausten 1943. Han kom seg over til Sverige, der han ei tid var lærar ved politistyrkane, og cand.philol.-eksamen fekk han ved kongeleg resolusjon etter frigjeringa (rekna frå 1943). 1964 disputerte han for den filosofiske doktorgraden med avhandlinga Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged.

Han starta sin yrkeskarriere i skulen som lektor ved Sarpsborg gymnasium 1946–52, var så to år arkivar ved Statsarkivet i Oslo og fekk det meste av arbeidstida si ved NLI som leiar 1956–86. 1978 vart han kalla til Universitetet i Tromsø som professor II i historie, ei tilleggsstilling han hadde til 1982.

1942, medan han var i gang med historiestudiet, vart Fladby engasjert av Andreas Holmsen for å samle stoff til gardshistoria for Eidsvoll. I eit intervju i Heimen 1995 poengterer Fladby sjølv samarbeidet med Holmsen som “introduksjonen til mitt arbeide med historie”. Hans første større arbeid var lokalhistorie: Bygdehistoria for Eidsvoll 1700–1800 kom 1952, to band gardshistorie og eldste del av den generelle historia for Lier følgde 1953, 1962 og 1963. Bakgrunnen hans som pedagog, arkivmann og lokalhistorikar talde sterkt då han 1955 søkte stillinga som leiar for det nyetablerte NLI.

Med klokskap og diplomatiske evner greidde Fladby å byggje opp tillit og respekt frå første stund. Han fekk i stand eit landsdekkjande kontaktnett, og instituttet starta umiddelbart med konsulentverksemd og seminar og kurs i praktisk bygdebokarbeid. Mykje avhang av Fladby sjølv, men han fekk dugande medarbeidarar, og han viste ei sjeldan evne til å delegere og la medarbeidarane føle ansvar. Dette kan forklåre den imponerande rekkja av publikasjonar som etter kvart kom frå instituttet med Fladby som hovudredaktør: regestar av norske kongebrev etter 1660 (sju band fram til 1995), skattematrikkelen 1647 (17 band), samkatalogen over gamle norske kart (18 band), Norsk historisk leksikon og ei lang rekkje av skrifter og småskrifter. Publikasjonane gjev hjelp og rettleiing, opnar for innsyn og skaffar fram materiale til studium av sentrale sektorar av norsk historie. Det same er også tilfellet med dei kjeldeutgåvene Fladby redigerte for Kjeldeskriftfondet: tre band av Aktstykker til de norske stendermøders historie 1548–1661 og to band Norske supplikker 1660–1662.

Kjenneteiknet for Fladby som historikar er soliditet. Lokale granskingar er berande element i doktoravhandlinga frå 1963, og han nyttar lokalt stoff til utdjuping og til å skape liv i dei to større noregshistoriske framstellingane han skreiv: band 6 av Cappelens Norges historie og band 5 av Handbok i Norges historie. I tillegg har han skrive ei mengd større og mindre artiklar i fagtidsskrift og lokalhistoriske publikasjonar. Bibliografien frå 1994 tel i alt 240 nummer.

Då Fladby 1978 vart professor i Tromsø, gav det prestisje til lokalhistoria. Denne prestisjen og den tyngda han hadde som forskar, opna for kontakt med fagmiljø i utlandet. Fladby var sjølv ei drivkraft i dette kontaktskapande samarbeidet, og det gav varige resultat: regelmessige nordiske lokalhistoriske seminar og fleire publikasjonar i serien Skrifter fra Norsk lokalhistorisk institutt.

1994 gav NLI ut ei samling av Fladbys artiklar, som han sjølv hadde valt ut. Det vart ei variert samling — manuskript til populærvitskaplege føredrag, artiklar til lokale årbøker, arbeid for norske og internasjonale vitskaplege fora. Boka fekk tittelen Småsamfunn og storsamfunn, og i føreordet skriv han at føremålet med utvalet var å fortelje om “de kår våre forfedre levde under, om deres møte med storsamfunnet og statens krav”. Utvalet viser breidda i hans innsats som historikar og instituttsjef; han var på ei og same tid rådgjevar, formidlar og forskar.

Fladby var m.a. styremedlem i Kjeldeskriftfondet 1974–87 og i Landslaget for bygde- og byhistorie 1976–85, og han var redaktør av Landslagets tidsskrift Heimen 1967–69.

Som person var Rolf Fladby stillfarande med lun humor. Han var ein trufast ven, og saman med kona Elisabeth gjorde han heimen på Haslum i Bærum til ein kjær samlingsstad for vener og kolleger. Det var det trauste og ekte som kjenneteikna han – som forskar, administrator og menneske.

  • Bibliografi (fram til 1986) i G. Foslie: Rolf Fladby. En bibliografi, 1986, ajourført fram til 1994 i R. Fladby: Småsamfunn og storsamfunn (sjå nedanfor), s. 183–204

    Allmenn historie

  • Bernt Anker som trelasthandler, h.oppg. UiO, 1943
  • Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged, dr.avh., 1963
  • Bønder og embetsmenn i lokalstyringen etter 1837, i HT, bd. 46, 1967, s. 21–53
  • Norsk historisk leksikon (sm.m. S. Imsen og H. Winge), 1974, 2. utg. 1981 (3. utg. ved S. Imsen og H. Winge 1999)
  • Gjenreisning 1536–1648, bd. 6 i CNH, 1977
  • Hvordan Nord-Norge ble styrt. Nordnorsk administrasjonshistorie fra 1530-åra til 1660, 1978
  • Grenselandsproblemer. Jemtland ca. 1560–1645, i HT, bd. 62, 1983, s. 339–352
  • Samfunn i vekst under fremmed styre, bd. 5 i Handbok i Norges historie, 1986
  • Thi byde og befale Vi. Riksstyrets norske korrespondanse under Christian V 1670–1699, 1991
  • Småsamfunn og storsamfunn. Bidrag til norsk historie gjennom 3–4 hundre år (artikkelsamling), 1994

    Bygdebøker

  • Bygdehistorien 1700–1800, i A. Holmsen m.fl.: Eidsvoll bygds historie, bd. 1, del 2, 1952
  • Liers historie. Gårdshistorie, bd. 1, 1953, bd. 2, 1963, og Tida før 1500, i S. Gausemel: Bygdehistorie, bd. 5 i Liers historie, 1962

    Kjeldeutgåver m.m.

  • Skattematrikkelen 1647, 17 bd., 1969–78
  • Aktstykker til de norske stændermøders historie 1548–1661, bd. 2 del 2, 1969, bd. 3 (i 2 delbd., sm.m. V. Eriksen), 1974–84
  • Norske kongebrev med innlegg. Regester (1660–1703), 7 bd., 1967–95
  • Gamle norske kart. Samkatalog over utrykte kart fra de siste 300 år, 18 bd., 1979–85
  • Norske supplikker 1660–1662 (sm.m. V. Eriksen), 2 bd., 1988–91
  • Opplysningar frå Fladbys enke Elisabeth Fladby
  • HEH 1994
  • L. Marthinsen: “I lokalhistoriens tjeneste. Intervju med Rolf Fladby”, i Heimen 1995, s. 3–9
  • H. Bjørkvik: “Rolf Fladby (1918–1996). Rådgjevaren, formidlaren, forskaren”, i Heimen 1996, s. 259–264

    Fotografiske portrett

  • Portrett, 1960-åra; tilhøyrer Elisabeth Fladby, nytta i Heimen 1996, s. 262