Rolf Erling Knutsen

Faktaboks

Rolf Erling Knutsen
“Rottenikken”
Født
10. oktober 1912, Skien, Telemark
Død
24. desember 1976, Tjølling i Larvik, Vestfold
Virke
Brotsmann, skoggangsmann
Familie
Foreldre: Faren var sementstøypar. Gift 1) 1931 med ei kvinne frå Skien, ekteskapet oppløyst; 2) 1942 med ei kvinne frå Sauherad, eksteskapet oppløyst 1943.

Under oppnamnet “Rottenikken” vart Rolf Erling Knutsen rikskjend som brotsmann og skoggangsmann (fredlaus, utestengd frå samfunnet) under den andre verdskrigen og objektet for den merkelegaste, mest spennande og intense forbrytarjakta i Noreg i moderne tid. Store politistyrkar jakta på han. Avisene rapporterte dagleg om jakta. Han vart dømd for drap, men seinare frikjend.

Knutsen voks opp i Bakkegata i Skien, der familien budde på eitt rom og kjøken. Han kom tidleg i konflikt med politiet. I perioden 1931–43 fekk han på 13 år 12 dommar med til saman 8 års fengsel. Den siste var for tjuvslakting og gav han to og eit halvt års fengsel. Han vart sett i Botsfengslet, men overført til Opstad arbeidsleir på Jæren våren 1944. – Oppnamnet “Rottenikken” har vore forklart ulikt: Etter ei forklaring skal han ha fått det i barndommen avdi han var med og “nikka” (fiska opp) rotter som flaut opp frå kloakken etter ein flaum; andre kjelder vil ha det til at oppnamnet eigentleg skulle vera “rottepikken”, men at det har vorte “pynta på” når Knutsen vart omtala i aviser o.l.

Mai 1944 rømde Knutsen i stripete fangedrakt under dramatiske tilhøve, tok seg inn i skogen og levde som skoggangsmann i Telemark, Vestfold, Buskerud og Oppland. I august slo han følgje med eit ektepar i Vestfold. Mannen vart seinare funnen drepen i Andebu, og Knutsen vart etter kort tid utpeikt som drapsmannen og erklært sinnssjuk i avisene. Namnet “Rottenikken” kom på førstesidene, og hovudstads- og lokalaviser fyltest opp av store reportasjar. Jakta vart trappa opp og intensivert, og i november vart Knutsen pågripen.

Etter krigen vart det teke ut ein omfattande tiltale mot han, blant anna for drap. Advokat Arthur Wiik vart oppnemnd til forsvarar. 1946 vart Knutsen av lagmannsretten i Tønsberg dømd på indisium for drap. Drapsvåpenet vart ikkje lagt fram i retten, avdi det hadde kome på avvegar; seinare vart det funne – av alle stader – i eit skap i Høgsterett. Dommen var på 18 års fengsel og 8 års sikring. Soninga skjedde m.a. på Reitgjerdet kriminalasyl, som Knutsen klarte å røme frå 1953, men han vart fanga etter nokre dagar. Etter ei tid tok Leikvam og høgsterettsadvokat Torolv Idsøe, Knutsens nye forsvarar, til å arbeide for gjenopptaking av saka, og avisene trykte nye lesarinnlegg fulle av frykt, hat og hysteri.

1955 kom saka opp på nytt, og etter 20 minutt vart det konkludert at drapsvåpenet ikkje kunne ha vore i Knutsens hand eller eige drapsdagen. Han vart frikjend, droppa eit påtenkt sjølvmord og rusla ut av Botsfengslet, 43 år gammal og framleis stor og sterk, frikjend og ferdigsona. Resten av livet farta han rundt på sykkel, selde småvarer og tok tilfeldige småjobbar. Men oppnamnet Rottenikken låg som ei forbanning over han heile livet. Fekk han seg arbeid ein stad, skreiv lokalavisa ein notis om dét. Så vart angsten utløyst, kviskringa og folkesnakket tok til, og jobben tok slutt.

I eit halvt år opererte Knutsen til skogs under okkupasjonen. Dét var det òg mange andre som gjorde: norske motstandsfolk, Gestapo, tyske soldatar, eit nazifisert politi, britiske sabotørar, britiske fly, angivarar og andre. I dette farlege og kaotiske landskapet tok Knutsen i bruk moderne rollespel; han skifta dialekt og forkledningar, snakka brotvis engelsk, tysk og romani, gav seg ut for å vera jøssing, britisk kommandosoldat eller tysk gestapist, alt etter situasjonen han kom opp i. Dette, saman med oppdikta historier, truslar, tvang, brutalitet og vald, gjorde at han overlevde i lang tid som jaga skoggangsmann under ekstreme forhold. Det stod svart, suggestiv uhygge kring oppnamnet hans over store delar av Austlandet. Folkesnakket, krigen og pressa gjorde han til ein mystisk, mytologisk og skrekkinngytande person. “Er du ikkje snill, så kjem Rottenikken og tek deg,” sa foreldra, og ungane grøssa.

Knutsens liv og lagnad plasserer seg inn i norsk kriminalhistorie, kriminaljournalistikk og rettshistorie. To bøker har nyansert biletet av han, men livet og lagnaden hans etterlét framleis fleire spørsmål: Kva var motivet bak journalistikken om Knutsen? Korleis var den retorisk utforma? Var den ei avleiing som følgje av krigens vendepunkt og Tysklands komande nederlag? Bidrog den til at Knutsen vart førehandsdømd og dømd for drap?

Kilder og litteratur

  • J. Røken Ødegård og B. Vale Wiik: Goddag, jeg heter Rottenikken, 1984
  • K. Holt: Skoggangsmann. En fortelling om Rottenikken, 1984
  • SNL, bd. 8, 2005
  • K. Glette: “Kåre Holts roman om Rottenikken”, i Dagens gjest, Tønsbergs Blad 24.3.2003 (http://www-lu.hive.no/vestfoldportalen/forfattere/holt3.htm)