Folkeminnesamlar. Foreldre: Gardbrukar Geirmund Hallvordsson (1857–1926) og Sigrid Rikardsdotter Berge (1854–1943). Gift 1908 med målerinna Johanna Bugge (1.10.1874–26.11.1961), dotter av professor Elseus Sophus Bugge (1833–1907) og Karen Sophie Schreiner (1835–97).

Rikard Berge var styrar av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland til 1951. Han samla serleg folketradisjon i Telemarks-bygdene, og ingen annan norsk folkekulturgranskar har gjort vitskapeleg grunnarbeid på så mange område.

Berge voks opp på Rauland hos morfaren, Rikard A. Berge (1815–1902). Han tok lærarprøva og var skulemeister ei tid. Han tok ikkje examen artium, men fylgde førelesingar ved universitetet i Kristiania hos Moltke Moe og var til København og søkte råd hos Axel Olrik. Då han gifte seg med Johanna Bugge, dotter av Sophus Bugge, fekk han tilgjenge til oppskriftene etter verfaren, m.a. 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona meinte dei hadde erverett til desse manuskripta, men universitetet ville ha dei, og ervingana tapte i retten. Dette vart opphavet til strid – først med Moltke Moe og så med Knut Liestøl som i 1914 skipa Norsk folkeminnesamling. Liestøl ville ha eitt sentralinstitutt for heile landet. Berge ynskte seg samlingar (museum) kring i fylka og i bygd og by, og lokale einingar skulle samarbeida med dei sentrale. Han ordla sterke synsmåtar på det i artikkelen Decentralisation (1920).

Rikard Berge var ein føregangsmann i lokalt museumsarbeid. 1907 og 1909 var han med og skipa bygdemuseum i Kviteseid og Fyresdal. Han gav ut tidskriftet Norsk folkekultur og Aarsskrift for Historielaget for Telemark og Grenland.

Rikard Berge var folkekulturgranskar i vid meining – museumsmann, tradisjonssamlar, tekstutgjevar og forfattar. Berre 12 år gammal tok han til å skriva ned folketradisjonar – først på Rauland, seinare fór han i dei fleste Telemarks-bygdene (frårekna Grenland) og noko elles i landet, t.d. i Suldal og Hallingdal. Grovt rekna førde han meir enn 40 000 A5 sider i pennen etter forteljing. Frå 1916 til 1951 var han fylkeskonservator i Telemark og gjorde Brekke museum i Skien til eit sentrum i norsk folkekulturgransking. Han sende frå seg mange bøker med folkeminne: Norsk visefugg (1904) ein samling med balladar, bygdeviser, stev og slåtterim, Stev fraa Telemarki I–II, Norskt bondeliv i segn og sogu, Segnir og Sogur, og Norske Folkevisur og Norske eventyr og sagn I-II begge med oppskrifter etter S. Bugge, og saman med O. Olafsen Villands-ætten i Hallingdal.

Mange av bøkene har grundige føreord og merknader. Han skreiv om heilage steinar og moglege gudebilete, Husgudar i Noreg og ellers einskildstudiar over segner og viser. Han laga granskingshistoriske oversyner, Norsk folkevisearbeid, og han skildra eldre norske folkeminnesamlarar. Rikard Berge hevda at skulle ein skjøna folkekulturen, måtte ein visa fram miljøet. Boka Norsk sogukunst var “ein freistnad på å syne prøvur på norsk sogukunst slik som vår tid hev teke mot ho frå fedrane. Men for å skyna kunsti må ein hava miljøet, og difor er kvar sogusegjar skildra først og so kjem sogune hans”. Berge oppdaga det han kalla den “rytmiske eventyrstilen“ – ei “bundi form bygt etter visse utformingslogir, med visse stilistiske verkerådir. Principet for attertake er som ein veit at same person, situation, samrøde kjem att på same måten nokre vendur ... Det kann taka seg att i ei form der den eine leden er kongruent med den andre, og det kan brigde seg etter visse faste reglar”. På grunnlag av nærlesing klårgjorde han utformingslover for traderte forteljingar, og han fann 'rytmiske' prinsipp i eventyrstilen – d.e. formmønster eller stilmodellar for eventyr og anna dikting som levde i munnleg tradisjon. Han meinte at desse “logine” i trongare meining gjeld form meir enn innhald.

I Storegut. Ættesogo og diktverke legg Rikard Berge fram segnene om Storegut og syner korleis A. O. Vinje nytta tilfanget. Emnet “bygde-visur”, som avløyste mellomalderballadane, la Berge mykje arbeid i og sende ut Bygdedikting frå Telemarki i 23 band og Jørund Telnes' Skrifter. Innleiingane og merknadene i desse utgåvene fortel også mykje om det miljøet diktarar og viser levde i. Han la seg jamt etter å få tonar til visene han sende ut. Kring 1908 kosta han på seg fonograf og var den første i Noreg som gjorde opptak med kvedarar og spelemenn. Han var sjølv god til å kveda og hadde vakse opp i eit kvedarmiljø. Frå mor si og syskena hennar kjenner ein kring 100 folketonar og vel 50 hardingfeleslåttar.

I boka Myllarguten frå 1908 gjorde han opp med det nasjonal-romantiske synet på Myllarguten, Torgeir Augundsson (1801–72). I Håvard Gibøen (1931) er det meir om spel og mindre av ålmenn kultursoge. Gibøen (1809–73) var lite kjend utanfor Telemark, men var god slåttediktar, hadde fastbygde slåtteformer og fekk næme læregutar. I Spelemenner i Norges musikkhistorie set Berge opp ei periodedeling for hardingfelespelet frå dei eldste utøvarane på 1700-talet og fram til om lag 1910. Skriftene byggjer i stor mon på tilfang han sjølv hadde samla or fråsegn. Han gjorde også musikk-åtgåingar. Han drøfter m.a. springarrytme og etter kvart tonalitetsproblem. Rikard Berge var også med i det praktiske arbeidet for folkemusikken, var nytta til kappleiksdomar og saman med Arne Bjørndal skipa han Landslaget for spelemenn i 1923.

Rikard Berge skreiv om dei eldste felemakarane og hardingfelene i Telemark, Telemarksfela fram til 1825. Han skreiv om rosemåling og anna handverk – og mest om sølvsmedkunst. Norskt bondesylv set sølvsmeden inn i historisk og geografisk samanheng, greier ut om den tekniske sida ved handverket – om nemningsbruk og om sølvsmidde gjenstandar, serleg om søljer og søljemote. Boka gjev mykje stilhistorie og drakthistorie og historie om sølvet i folketru og folkedikting. Med bygdebøkene Vinje og Rauland I–IV ynskte han “å gjeva ikkje berre eit sant men au eit levande bilæte av folkelivet i helg og virkje, i arbeid og gaman, i tru og tenkjing, i kunst og handverk, i skikk og sed”. Munnleg tradisjon, som han flette inn på høvelege stader, er eit hovudgrunnlag for framstillinga. Han meinte at slik fråsegn “er langt meir påliteleg enn ho vanleg gjeld for”.

Medrekna tekstutgåvene er det prenta om lag 8000 sider av Rikard Berge. Granskingslende og utgangspunkt var først og fremst Telemark; der var han heimekjend med folk, miljø og kultur. Gode augo for gjevande granskingsobjekt og evne til djupanalyse, eggjande spørsmålstilling og eldhuga arbeidskraft er det som sermerkjer vitskapsmannen Rikard Berge. Han la emne og problem fram i ei fengjande form som er lett å lese. Han var frikar og let seg aldri trælbinda til lærebygnad eller vitskapleg metode. På mange vis var han ein radikal granskar og nybrotsmann som i fagleg samanheng stod einsam i norsk samtid.

    Bøker og artiklar

  • Sjå også bibliografi i Telemark historie 9, 1988, s. 67–79
  • Norsk visefugg, 1904
  • Storegut. Ættesogo og diktverke, tillegg til SogS 1906
  • Bygdesamlingar, 1907
  • Bygdedikting frå Telemarki, 23 bd., 1907–33
  • Myllarguten, 1908
  • Stev fraa Telemarki, 2 bd., 1908–1909
  • Norsk bondeliv i segn og sogu, 1910
  • Segnir og Sogur, Skien 1910
  • Norske Folkevisur av samlingane etter S. Bugge, 1911
  • Norske eventyr og sagn (også med oppskrifter etter S. Bugge), 1911 og 1913
  • Villands-ætten i Hallingdal (sm.m. O. Olafsen), 1916
  • Norsk folkevisearbeid, i Norsk folkekultur 3, 1917
  • Husgudar i Noreg, Risør 1920
  • Dagsspursmaal. Decentralisation eller ikkje, i Norsk folkekultur 6, 1920
  • Spelemenner, i Norges musikkhistorie, bd. 1, 1921
  • Norsk sogukunst. Sogusegjarar og sogur, 1924
  • Norskt bondesylv, Risør 1925
  • Jørund Telnes: Skrifter. Utgjevne ved Rikard Berge (med biografisk-litterær utgreiing), 2 bd., Risør 1925
  • Håvard Gibøen. Soga um ein meistarspelemann, i Norsk folkekultur 18, Skien 1932 (også som særprent)
  • Vinje og Rauland, 4 bd., Stavanger 1939–44
  • Telemarks-fela fram til 1825, Skien 1942

    Redigert

  • Norsk folkekultur, 1915–35
  • Fylkesmuseet for Telemark og Grenland. Aarsskrift, 1916/17–1923/33
  • Historielaget for Telemark og Grenland. Aarsskrift, 1918–40
  • J. Bing: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • Telemark historie 9, Bø 1988