Forfattar. Foreldre: Bonde Lars Larsson Løland (1816–88) og Barbro Torkelsdotter Søndenå (1825–90). Ugift.

Rasmus Lølands forfattarskap fell i to delar: romanar og noveller for vaksne og forteljingar for barn. Det er dei sistnemnde som har halde seg best. Få har skrive betre barnebøker på norsk enn Rasmus Løland.

Løland voks opp på garden Løland i ein økonomisk velberga heim, merkt av religiøst alvor. Særleg faren tok kyrkjekristendomen tungt: “Dikting og forteljingsbøker hadde han fordom mot. Romanar heldt han for den reine styggeskap,” skrev Løland i Sjølvbiografi. Likevel fekk Løland lese ikkje lite som barn og ungdom, Almuevennen, bøker av Bjørnson, Vinje, Kristofer Janson og Jonas Lie. Vinteren 1877–78 gjekk han på eit amtsskolekurs på Sand, der Torkell Mauland var lærar. Gjennom Mauland, som gjorde sterkt inntrykk på den unge skoleguten, vart han kjend med Arne Garborg og Fedraheimen, det nynorske bladet som Garborg gav ut frå 1877.

Fysiske plager (hjartefeil) og dårlege nerver heldt på å setje ein stoppar for Lølands utvikling. Han vart gåande heime, men utan å kunne vere særleg med i vanleg arbeid. Han prøvde seg fram som lyrikar, og 1887 fekk han ferdig den første forteljinga si, Hans og Margreta, utgitt på Det Norske Samlaget. 1892 kom Lølands første bok, novellesamlinga Folkeliv, og dermed var han i gang som forfattar. Men dårleg helse måtte han slite med livet gjennom.

Etter påtrykk av forlagsredaktøren Bertrand Jensen flytte Løland til Kristiania 1895. Her var han aktiv som bidragsytar til fleire ungdomsblad og tidsskrift, og fast medarbeidar i nynorskbladet Den 17de Mai. 1899 vart han vald inn i styret for Det Norske Spellaget, forlauparen til Det Norske Teatret. Same året reiste han med stipend til Sør-Tyskland og Tirol, og han oppheldt seg ei tid ved Askov folkehøgskole i Danmark. Frå 1902 redigerte han Norskt Barneblad. 1903 kjøpte Løland hus og tomt på Labråten i Asker, der også Hulda og Arne Garborg budde. Han døydde ugift 1907.

Ei av Lølands forteljingar, Or vegen (1895) handlar om ein gammal og sjuk mann som ligg for døden. Det som har sett merke i minnet, er slit og slep og dårleg helse. Både han sjølv og dei som lever vidare, ser fram til at han skal døy og vere “or vegen”. Novella er typisk for mykje av Lølands dikting, ikkje minst konflikten mellom “idé og røynd eller draum og røynd” (Birkeland).

Lølands diktarverd inneheld mange eksempel på nederlag og brostne voner. I Emne. Sogor varierer forfattaren dette temaet, bl.a. i forteljinga om den unge spelemannen som døyr av brystsjuke, og i den sjølvbiografiske Diktar-emne. Romanen Aasmund Aarak byggjer også på Lølands eigne opplevingar. Den handlar om ein ung gut som livet slår ned med sjukdom og fattigdom. Ungdomskjærasten feirar bryllaup mens han sjølv står utanfor vindauga og ser på. Sjukdomen gjer at hovudpersonen tar eit oppgjer med barnetru og vanekristendom.

Hundrad aar vart gitt ut tre år etter at Løland var død, med forord av Arne Garborg. Handlinga tar til i ein “stor by ned-med Alpefjelli”, der nokre ungdomar møtest på eit vertshus og feirar inngangen til eit nytt hundreår. Dei blir samde om å møtast igjen same stad om hundre år. Ungdomane får skiftande livslagnad, men alle eldest, døyr og blir gløymde. Om hundre år er det einaste som har overlevd, eit musikkverk av ein av dei gløymde festdeltakarane.

I det meste av forfattarskapen for vaksne lesarar er Løland realist og til dels naturalist; han skriv stort sett om det vestlandske bygdemiljøet han kjende frå barndomen. Men Hundrad aar har ein “klassisk” komposisjon med rammeforteljing omkring ulike livslagnader, og han har fristilt seg frå realismens framstillingskrav. Dette gir han høve ikkje bare til å sleppe fantasien laus, men også til å kaste lys over problemstillingar omkring draum, realitet og tid.

Om Lølands barnebøker kan det seiast at dei er “tidløse i sin innerste kjerne” (Hagemann). I Paa sjølvstyr tar han opp sosiale problem i eit vestlandsk bygdesamfunn. Det er ei alvorleg og tragisk bok der husmannsguten Kristian blir skildra naturalistisk, som eit produkt av arv og miljø. Forteljinga Bjedne-kniven (1897) framstiller eit av Lølands gjennomgangsmotiv, motsetninga mellom fantasi og røyndom. Småguten Paal har mista den fine tollekniven som tenesteguten Bjedne har gitt han. Når så kniven kjem for dagen etter eit års tid, er glansen borte. I fantasien er kniven blitt til noko anna og mykje meir enn den eigentleg var.

Paal og dei gode venene hans, Kolbein, Gunnar og Andres, er hovudpersonar i Det store nashorne og Kvitebjørnen. Den siste er truleg Lølands mest vellykka bok. Den inneheld dei fleste hovudmotiva hans – religionskritikken, motsetninga mellom draum og røyndom, sjukdom og død. Men paradoksalt nok er denne boka, som vart utgitt bare eitt år før forfattaren sjølv gjekk bort, full av liv og håp. Det kjem til uttrykk i fantasikrafta hos dei fire gutane, i ein sylskarp forteljarironi, i ein avansert natur- og eventyrsymbolikk og i eit “fint forgrenet billedspråk gjemt inne i en tilsynelatende likefrem, realistisk framstilling” (Bache-Wiig). Boka er ingen roman, men dei ulike kapitla står i eit kompositorisk vel avstemt tilhøve til kvarandre. Når boka har halde seg så godt og verkar så livskraftig, er det også fordi ho ikkje bare tar barn på alvor, men også tar barns parti, mot alle tvilsame autoritetar.

    Romanar og forteljingar for vaksne

  • Folkeliv (forteljingar), 1891
  • Skattegravaren (roman), 1893
  • Blodstyng og andre sogor (forteljingar), 1895
  • Emne (forteljingar), 1896
  • Hugtekne (forteljingar), 1897
  • Ute og heime (forteljingar), 1901
  • Aasmund Aarak (roman), 1902
  • Hundrad aar (roman), 1910

    Barnebøker

  • Paa sjølvstyr, 1892
  • Ungar, 1892
  • Kor vart det av jola?, 1894
  • Smaagutar, 1897
  • Det store nashorne, 1900
  • Kvitebjørnen, 1906
  • O. Bakken: Rasmus Løland, 1938
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • O. Midttun: Rasmus Løland, 1961
  • S. Hagemann: “Rasmus Løland” i Barnelitteratur i Norge 1850–1914, 1974
  • B. Birkeland: “Ein ny realisme. Grenda og verda” i NLH/Beyer, bd. 4, 1974–75
  • M. Nag (red.): Rasmus Løland. Sjølvbiografi, 1988
  • O. Solberg: “Rasmus Løland — finstemt barnepsykolog og kvass ironikar”, i SogS 4, 1991
  • H. Bache-Wiig: “Slangen og staven. Rasmus Lølands Kvitebjørnen”, i Norsk barnelitteratur. Lek på alvor, 1996

    Kunstnarlege portrett (eit utval)

  • Måleri (heilfigur, sitjande) av Otto Valstad, 1906; Bondeheimen, Oslo
  • Teikning av d.s., 1906; gjengitt i O. Bakken, 1938
  • Teikning frå slutten av 1890-åra etter eit fotografi frå same tid; gjengitt i B. Birkeland

    Fotografiske portrett

  • Fotografi, ca. 1904; gjengitt i O. Bakken