Lærar, filolog og målmann. Foreldre: Gardbrukar Jørgen Rasmussen Flo (f. 1804) og Ragnhild Amundsdatter (f. 1807). Ugift.

Rasmus Flo var den fyrste redaktøren av det nynorske tidsskriftet Syn og Segn. Som filolog og språkpolitikar fekk han innverknad på utviklinga av nynorsk skriftspråk.

Som andre gåverike bygdeungdommar fekk Flo lærarutdanning. Han blei uteksaminert frå lærarseminaret på Stord 1871 og arbeidde som lærar parallelt med at han studerte vidare. Han tok examen artium 1873 etter å ha gått eitt år på Heltbergs “studentfabrikk”. Deretter byrja han å studere realfag ved universitetet i Christiania, men gjekk over til filologien og blei cand.philol. 1881.

Fram til 1892 livnærte Flo seg som lærar. I dei åra han budde i Kristiania som student, gav han regelmessig privatundervisning i ulike fag. Han underviste elles på fleire skular på Austlandet, og 1885–86 var han vikar ved Tromsø høiere skole. Frå 1889 og fram til han døydde, budde Flo i Kristiania. Frå 1892 livnærte han seg ved litterært arbeid.

Det som gjer at Flos namn har levd vidare i ettertida, er først og fremst hans språkfaglege og målpolitiske engasjement. I studietida stod han Olaus J. Fjørtoft nær, og som Fjørtoft skreiv han mest mogleg lydrett på bygdemålet sitt. Seinare nærma han seg Ivar Aasen i målsynet sitt, men aldri heilt og fullt. 1892 blei han Moltke Moes medarbeidar i arbeidet med stil og rettskriving i Nordahl Rolfsens lesebok. Dette arbeidet heldt han fram med ved nye utgåver av leseboka.

Både gjennom arbeidet med leseboka og gjennom arbeid for Det Norske Samlaget fekk Flo ein ikkje liten innverknad på utviklinga av nynorsk skriftspråk. Aller viktigast i så måte var nok hans engasjement i tidsskriftet Syn og Segn, som tok til å komme ut 1894. Her blei han hovudredaktør og skreiv også sjølv jamleg artiklar. Han sat i redaktørstillinga til han døydde 1905.

Flo skreiv også i ymse andre tidsskrift og blad, mest om språkspørsmål, men også om andre samfunnsspørsmål. 1898 blei han medlem av den første offisielle rettskrivingskomiteen for landsmål, saman med Marius Hægstad og Arne Garborg. Fleirtalet i komiteen, Flo og Garborg, gjorde 1899 framlegg om ei landsmålsnorm der formverket i hovudsak bygde på austnorsk fjellbygdmål, den såkalla midlandsnormalen. Hægstad derimot rådde til ei modifisert Aasen-norm. Nokon stor praktisk konsekvens fekk ikkje framlegget frå Flo og Garborg, men det er av stor språkvitskapleg og språkhistorisk interesse.

Attåt det språkpolitiske arbeidet dreiv Flo med ikkje lite omsetjarverksemd. Han hjelpte Steinar Schjøtt med Snorre-omsetjinga (1900), og han omsette mange av dei gamle skaldekvada (Gamle skaldar og kvad, 1902). Andre og tredje bandet av Andreas Austlids lesebok var det òg Flo som hadde mesteparten av arbeidet med.

  • Framlegg til Skrivereglar for Landsmaale i Skularne, fyrelagt det Kongelige Departement for Kirke- og Undervisningsvæsenet (sm.m. A. Garborg og M. Hægstad), 1899
  • oms. F. Marryat: Børnene i Nyskogen, 1899
  • Tillæg til “Framlegg til skrivereglar for landsmaale i skularne” (sm.m. Garborg og Hægstad), 1901
  • Gamle skaldar og kvad, med kvadi umsette paa nynorsk, 1902
  • Midlandsmaal, etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg, 1906
  • Stud. 1873, 1898
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • A. Sudmann (red.): Norsk allkunnebok,bd. 1–10, 1948–64
  • R. Djupedal: Rasmus Flo, 1964
  • B. Birkeland m.fl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968,1968