Bonde, lensmann, boktrykkar og stortingsmann. Foreldre: Bonde, lensmann og trykkerieigar Sivert Knutsson Aarflot (1759–1817) og Gunhild Rasmusdotter Eikrem (1756–1836). Gift 2.7.1816 i Volda med Synnøve Moritsdotter Bjørkedal (1788–19.12.1854), dotter til Morits Danielsson Bjørkedal (1748–98) og Lisbet Knutsdotter Alsaker (1756–1848). Bror til Berte Canutte Aarflot (1795–1859); far til Maurits Aarflot (1821–1904; sjå NBL1, bd. 1); morbror til Johannes Aarflot (1824–91; sjå sst.).

Rasmus Aarflot følgde i fotspora til faren, opplysningsmannen Sivert Aarflot, som bygdelensmann, bladutgjevar og boktrykkar, men står òg som ein typisk representant for det nye politiske Noreg etter 1814.

Aarflot voks opp på garden Ekset i Volda, som faren kjøpte 1798. Han gjekk på omgangsskulen i bygda og vart dessutan undervist av faren heime; alt som fireåring kunne han lese preikene i huspostillen. 19 år gammal overtok han som postopnar etter faren, og frå 1810 var han faktor (styrar) ved farens prenteverk og redaktør av avisa som faren gav ut, Norsk Landboeblad. 1816 vart avisa lagd ned, og året etter døydde faren, men Rasmus dreiv trykkeriet vidare for mora, og 1832 fekk han kongeleg løyve til å ta over prenteverket. Frå 1. januar 1833 til ut året 1844 var han utgjevar og redaktør av Landboe-Avisen. Et Ugeblad for Landmanden af blandet Indhold. Mellom 1817 og 1845 gav han ut nærare 150 prent av blanda innhald på Ekset, medrekna avisårgangane.

Landboe-Avisen var lenge det viktigaste nyhende- og annonseorganet for Romsdals amt; tingartalet var om lag 300. Landboe-Avisen var eit bondeblad med ein noko annan stoffprofil enn føregjengaren Norsk Landboeblad, som var sterkt merkt av krigstida før 1814. I den nye avisa fekk det politiske stoffet større rom i pakt med framvoksteren av bonderørsla og det kommunale sjølvstyret.

Rasmus Aarflot tileigna seg vide kunnskapar i jordbruksøkonomi og husdyrstell. 1831 nya han opp att og vart formann for Sogneselskabet for Voldens Præstegield, som faren hadde skipa 1811. Sokneselskapet hadde sitt eige handbibliotek, og Aarflot let prente ei rekkje skrifter om moderne jordbruk.

Trykkeriet på Ekset skaffa ikkje berre aktuelt lesestoff av eit anna slag enn dei vanlege oppbyggingsbøkene, men utløyste også ein hektisk skriveaktivitet blant bygdefolk på Nordvestlandet. Alt i Sivert Aarflots tid hadde det vakse fram ein liten bokhandel på Ekset. 1839 skipa Rasmus sitt eige forlag med bokhandel og med Landboe-Avisen som annonseorgan. Mesteparten av bøkene fekk han frå Christiania, ikkje frå Bergen som tidlegare, og Christiania vart no både politisk og kulturell hovudstad for sunnmøringane.

Rasmus Aarflot var ein høgt betrudd mann i bygda og vidare ikring. Han var lensmann i Volda frå 1816 (og i Ørsta frå 1827) til sin død, veginspektør for Søre Sunnmøre 1826–34, medlem av heradsstyret i Volda 1840–43, kommunekasserar 1838 og forlikskommissær frå 1844. Han møtte på Stortinget som representant for Romsdals amt 1824, 1827, 1828, 1833 og 1839 og var suppleant 1830, 1836 og 1842. Han var også vald til Stortinget 1845, men døydde før tinget vart samla. Som politikar hadde han arva farens tolerante og harmoniserande samfunnssyn. Han trekte seg delvis unna dei radikale bondepolitikarane, jamvel om han gjekk inn for å verne Grunnlova og bondens rettar. Denne moderate lina følgde også sønene Maurits og Rasmus (1829–88) og systersonen Johannes Aarflot, som var stortingsmenn frå Romsdals amt seinare i hundreåret.

Natta til 9. januar 1844 braut det ut ein storbrann på Ekset som la 7 av husa i oske. Til all lukke vart den gamle røykstova med trykkeriet spart. Men allmugebiblioteket med 1000 band (opphavleg skipa av Sivert Aarflot) strauk med, saman med mykje verdfullt arkivmateriale. Brannen var ein økonomisk katastrofe for Rasmus, men bygdefolket gjekk saman og hjelpte den avhaldne lensmannen. På kort tid vart garden atterreist.

Rasmus Aarflot kom seg ikkje heilt etter ulukka, og eit år etter døydde han. Men etterkomarane hans har halde fram med trykkeriet og avisutgjevinga så å seie utan avbrot i rett nedstigande line heilt til i dag.

  • Broderligt Ønske, paa min Søsters Berte Canutte Sivertsdatter Aarflot hendes Confirmations Dag den 14. October 1810, Ekset 1810
  • red. Norsk Landboeblad 1810–16 (medred. frå 1810, einered. frå 1813)
  • red. Uge-Bladet 1814–18
  • red. Den lille Maaneds-Avis 1818, 1820–22
  • red. Landboe-Avisen 1833–44
  • Veiledning i Omgangsmaaden med Gjødselsformerelse, Ekset u.å

    Etterlatne papir

  • Nokre brev etter Rasmus Aarflot finst i Sivert Aarflot-samlinga i Ivar Aasen-tunet, Ørsta
  • C. A. Fougstad: Det Norske Storthing i 1833, 1834, s. 28
  • M. A. R. Aarflot og R. R. Aarflot: “Nogle korte Notitser af Lensmand R. Aarflots Levnetsløb”, i Nogle deltagende Venners Sørgeqvad, Ekset 1847
  • P. Botten-Hansen: “Bondeslægten Aarflot”, i Nordmanden nr. 27–29 og 38–39/1855
  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • G. R. Aarflot Barstad: “Brannen på Ekset i 1844”, i Voldaminne 1984
  • J. Fet: Lesande bønder, 1995, s. 285–294
  • J. Nerbøvik: Myndige møringar, 2004, s. 404–409
  • Ø. Sande om avishuset Aarflot i Volda 1810–2004, i Agitasjon og opplysning, Pressehistoriske skrifter 2, 2004, s. 31–42