Handelsborgar, bygdelensmann og kyrkjeverje. Foreldre: Handelsborgar, lensmann og jordeigar Lauritz Olsen Abelset og Margrete Laugesdatter Gamst. Gift ca. 1678 med borgar, lensmann og jordeigar Knud Nilssen Wig (død 1703), son til lensmann Nils Iversen Wig.

Ragnhild Lauritzdatter var i 30 år ei av dei rikaste enkjene på Sunnmøre. Då mannen døydde 1703, tok ho over som lensmann og kyrkjeverje og dreiv jordeigendomen og kjøpmannskapen vidare etter han.

Ragnhild Lauritzdatter var fødd inn i den borgarstanden som voks fram på Sunnmøre kring 1600, som oftast med opphav i eit eldre bondearistokrati av jord- og jekteeigarar samt lensmenn, stundom med lågadeleg status. Ho vart stammor til mykje av den seinare borgar- og embetsstanden på Sunnmøre.

Ranghild kom til verda på den fagre, sørvende fjordgarden Apalset i Ørskog kyrkjesokn og Valle skipreide på Sunnmøre, der farfaren hadde sete som lensmann, og far hennar etter han, likeeins bror hennar etter han (og hans son etter han igjen).

Valle var det mest skogrike skipreidet på Sunnmøre, og såleis midtpunktet for både sagdrift og trelasthandel i “skottetida” (mest før 1600) og den følgjande “hollendartida” i hundreåret 1550–1650. Utbytet av desse næringane var stort, men kom helst lokale storbønder og borgarar til godes. Og dei to som vann mest av alle, i kvar si gruppe, var Ragnhild Lauritzdatter sin farfar, lensmannen Oluf Jonson på Apalset, og morfaren, borgaren Lauge Jenssen (Gamst) på Riksheim i Sykkylven. Oluf Abelset, eller kona, var nok av gamal odelsslekt, medan morfaren, som var frå Jylland, var gift inn i ei lågadelsætt med etter måten godt dokumentert haugodel til nær “halve Sunnmøre”, den sokalla Gulbrandsætta, som enno på 1600-talet åtte Eiksundgodset i Rovde og Straumsgodset i Valle. Desse to jordegodssamlingane heldt borgarslekta Abelset ved lag, både i kraft av odel og rikdom, som eigedom i endå eit par hundre år (og dei kan soleis ha vore i eiga til same ætta i nær 900 år).

Vi veit ikkje kva år Ragnhild Lauritzdatter vart fødd. Ho kan ha fødd barn så seint som 1696, og minst så tidleg som 1680; det er ingen ting i vegen for at ho fødde dei 12 barna sine i løpet av 17–18 år (1678–96). I så fall kan ho vere fødd kring 1660. Ei innskrift på ei sølvkanne (nemnt i eit skifte frå Ørstavik) kan tyde på 1668 som eit mogleg ekteskapsår; i så fall er Ragnhild fødd kring 1650, men ektemannen hennar tok borgarskap i Bergen 1678, og var difor ikkje var fødd seinare enn 1653 (lågalderen var 25 år). Ei totalvurdering tyder på at Ragnhild og Knud Nilssen Wig vart gifte kring 1678; i så fall var nok Ragnhild fødd nærare 1660 enn 1650.

Omkring 1703 vart Ragnhild i Vik avbilda (truleg av Caspar Skildrer) i lag med mann og 12 born (seks daude og seks levande) på eit stort familieportrett som enno heng som minnetavle i Ørsta kyrkje. Den mektige ektemannen hennar døydde i femtiårsalderen, kanskje før portrettet var ferdig. Knud Nilssen Wig, “fordum Borger og Kiøbmand”, var både jordeigar (han åtte kring tredelen av jorda i Ørsta), kyrkjeverje i soknet og lensmann i skipreidet. Ragnhild levde enno 30 år, men heller enn å gifte seg på ny, som enkjene gjorde støtt då, må Ragnhild ha avvist alle dei som utan tvil kom til gards i Ørstavik for å fri til henne – ei av dei aller rikaste enkjene på Sunnmøre.

Både dette, og det at ho så fullstendig tok ektemannen sin stad, gjer Ragnhild minneverdig: Ombodet som kyrkjeverje sat ho med i over 20 år, til 1725, då versonen kjøpte Ørsta kyrkje med jordegodset. Likeeins var ho lensmann i Ørsta skipreide i snautt ti år, før sonen Iver Knudsen Wig tok over ombodet.

Men det var som borgar (og jordeigar) Ragnhild gjorde seg mest gjeldande. Like til ho døydde dreiv ho kjøpmannskap, og ho meir enn dobla formua si frå 1704 til 1733.

Ragnhild var slett ikkje noka føregangskvinne då ho tok over næringa og omboda etter mannen. Tvertimot må vi sjå ho som eit framhald eller etterslep av den mellomaldergamle tradisjonen der enkjer, av stand og midlar, kunne opptre med same mynde som menn, om enn utan formelt å vere myndige. Etter Ragnhild finn vi ikkje mange slike kvinnetypar før vår eiga tid.

  • M. K. Bjørge: Familien Abelseth, Ålesund 1960
  • B. J. Dale: Ørstingar I. Ættebok for Ørsta 1600–1900, Ørsta 1995
  • d.s.: Ørstatider I. Historiske samlingar 1600–1900, Ørsta 1996

    Kunstnarlege portrett

  • Epitaf, truleg utført av Caspar Skildrer, ca. 1700; Ørsta kyrkje