Psykolog. Foreldre: Gardbrukar og heradssekretær Rasmus Rommetveit (1886–1960) og Åsa Lønning (1890–1974). Gift med pedagogisk konsulent Sigrid Larssen (20.6.1923–5.4.1999), dotter til sjøkaptein Tønnes Larssen (1881–1945) og Ingrid Wigstøl (1887–1982).

Rommetveit er ein internasjonalt kjent språkpsykolog (psykolingvist) og sosialpsykolog. Hans forsking på språk, tenking og kommunikasjon er karakterisert av ei genuint tverrfagleg grunnhaldning der han integrerer filosofi, lingvistikk og psykologi.

Etter examen artium på Fana høgre skole 1943 og lærarskolen heime på Stord 1947 studerte Rommetveit psykologi og tok magistergraden 1950. Som universitetsstipendiat ved Universitetet i Oslo avla han doktorgraden 1953. Han vart tilsett som dosent 1954 og professor 1959 i psykologi ved Universitetet i Oslo og fungerte til han gjekk for aldersgrensa 1994.

Rommetveit gjennomførte store deler av rekutteringstida si, 1947–54, i det fruktbare og entusiastiske miljøet ved det da nyetablerte Institutt for samfunnsforsking, der moderne norsk samfunnsvitskap, inklusiv (sosial-)psykologi, vart etablert i den nære etterkrigstida i tett kontakt med leiande amerikanske forskingsmiljø. Det var i denne tverrfaglege smeltedigelen, med fag som filosofi, sosiologi, antropologi og økonomi forutan psykologi, at Rommetveit utvikla den tverrfaglege haldninga som pregar hans forsking.

Alt med doktoravhandlinga Social Norms and Roles plasserte Rommetveit seg sentralt i internasjonal sosialpsykologi. Forskinga hans har vore karakterisert av systematiske empiriske undersøkingar, der han med enkle, men ofte geniale eksperimentelle grep får synleggjort vesentlege aspekt ved menneskets språk, tenking og kommunikasjon. Store deler av dei empiriske arbeida han og medarbeidarar har utført, er samla i Language, Thought and Verbal Communication.

Minst like viktige er hans mange grunnlagsteoretiske arbeid, der han med bakgrunn i eigne og andres empiriske studiar har gjeve vesentlege bidrag til å forstå menneskelege handlingar innanfor ei intersubjektiv og dialogisk referanseramme, der “menneska skaper kvarandre”. Med si forankring i kontinental filosofi har han konsekvent framstått som ein skarp kritikar av dei “enkle spørsmål og svar” i rådande internasjonal psykologi og lingvistikk. Rommetveits teoretiske bidrag er publiserte i fleire titals artiklar i ulike bøker og tidsskrift, men ei integrert framstilling finst i den vesle boka med den talande tittelen On Message Structure. A Framework for the Study of Language and Communication.

Rommetveit er vidare ein glimrande lærebokforfattar. Hans språkpsykologiske innføringsbok Språk, Tanke og Kommunikasjon har i skrivande stund vore nærmast einerådande i Noreg i meir enn 30 år. Alt tyder på at den vil verte brukt også i dei komande tiår.

Ei lang rekkje opphald som gjesteforskar ved framståande amerikanske og europeiske universitet – mellom anna hadde han det ærefulle vervet som Andrew D. White professor-at-large ved Cornell University 1977–83 – vitnar om at Rommetveit er høgt respektert internasjonalt. Han har sete i redaksjonen for ei rekkje framståande internasjonale fagtidsskrift. Da Europa i slutten av 1960-åra etablerte European Association of Experimental Social Psychology som ei motvekt til amerikansk dominans i sosialpsykologien, var Rommetveit ein av dei faglege ressurspersonane.

Eit meir personleg særtrekk er at mykje av Rommetveits kreative tenking har skjedd i spenningsfeltet mellom hans barndoms Stord – der han er tilbake kvar einaste sommar – og det moderne internasjonale vitskapssamfunnet. Han har vore opptatt av å forklare språkpsykologiske og kommunikasjonsteoretiske fenomen slik at lekfolk med forankring i same slags lokalmiljø som han sjølv kom frå, skulle forstå det. Dette programmatiske standpunktet har gjort Rommetveit til ein avslørande kritikar av uheldige sider ved det “akademiske spelet”, samtidig som han har vorte ein høgt skatta gjest i dei fremste akademiske miljø.

    Eit utval

  • Social Norms and Roles, Oslo og Minneapolis 1953
  • Ego i moderne psykologi, 1958
  • Action and Ideation, København 1960
  • Social Contexts of Messages (medred. sm.m. E. A. Carswell), London 1971
  • Språk, Tanke og Kommunikasjon, 1972
  • On Message Structure. A Framework for the Study of Language and Communication, London 1974
  • Language, Thought and Verbal Communication (medred. sm.m. R. M. Blakar), London 1979
  • Productivity and Creativity. Studies in General and Descriptive Linguistics in Honor of E. M. Uhlenbeck, Berlin 1998
  • Stud. 1943, 1968
  • H. E. Nafstad og R. M. Blakar: Current Trends in Norwegian Social Psychology: A Brief Review, European Journal of Social Psychology, 1982, nr. 12, s. 195–212
  • HEH, fleire utg
  • opplysingar frå den biograferte