Hagebrukskyndig. Foreldre: Husmann og jekteskippar Zacharias Petersson Nøvik (1821–1911) og Petronelle Margrethe Gurine Pedersdotter Hogstad (1818–1911). Gift 11.9.1870 med Ingeborg Martha Forberg (13.6.1835–7.5.1930), dotter til lensmann Fredrik Christian Forberg og Elma Fredrikke Sandstad.

Som statsgartnar i ei nyoppretta stilling frå 1894 var Peter Nøvik ei sterk drivkraft i den offentlege utdanninga og rettleiingstenesta innan gartneri og hagebruk.

Nøvik starta si yrkeskarriere som fiskar på båten til faren fram til han var 20 år. Han var elev hjå amtsgartnaren i Nord-Trøndelag i to år, deretter hjå ein grønsakgartnar i Christiania. 1867 kom han til Universitetets botaniske hage på Tøyen, der han arbeidde med herbariesamling og fekk stor interesse for norsk flora. Han arbeidde i parken på Bygdøy kongsgard 1868 og i tyske gartneri 1869. Deretter var han herskapsgartnar, først på Austad og 1870–75 ved Frydensal ved Drammen. 1876–84 var han hjå Schou på Sinsen i Aker. 1885–1914 var han redaktør for Norsk Havetidende og frå 1890 sekretær i Selskapet Havedyrkningens Venner (no Det norske hageselskap). Dette må reknast som bistillingar, for 1894–1906 var han statsgartnar. Han drog på ei rekkje studiereiser i ulike europeiske land og i USA, og 1889 fekk han stipend av universitetet for å granske floraen i Nedenes amt.

Nøvik gjorde eit stort arbeid med å fremje hagebruket i Noreg. Han fekk gjennomført korte hagebrukskurs rundt om i landet, stod i brodden for å få i gang hagebruksskolar og heldt ei mengd foredrag. 1897 heldt han såleis foredrag i Det Kongelige Selskab for Norges Vel om Smaahaver for Byarbeidere. Dette første forsøket på å få til kolonihagane i Kristiania vart likevel mislukka. Nøvik interesserte seg også for å få betre nytte- og prydhagar på gardane, men var skeptisk til at rikmannshagar med snirklete vegar og mange småstykke med rare former vart etterlikna. Slike hagar vart for dyre å halde ved like, meinte han.

Men Nøvik var først og fremst fagmannen for yrkeshagebruket. Han var mykje brukt som domar på hagebruksutstillingar i inn- og utland, og han var ein uvanleg flittig fagforfattar. Han skreiv mykje i Norsk Havetidende, gav ut småskrift og fleire bøker. Hovudverket hans er Norsk Havebog, som kom ut i fem delar 1890–93. Smaabrukerens havebok kom 1913.

Statsgartnarstillinga, som låg under Indredepartementet, vart nedlagt etter at Nøvik gjekk av for aldersgrensa. Det har vore hevda at medverkande til det var at han i fleire høve hadde vist manglande evne til å halde offentlege og private interesser frå kvarande. Av ei mengd brev han sende til venen Samuel Jonassen Sandved, som dreiv hagebruksskule på Jæren, finn vi at dette må ha omfatta personalsaker der den yngste sonen, Peter Mathæus, var involvert. I breva verkar Nøvik svært bitter over at sonen ikkje fekk stipendstilling ved Norges landbrukshøgskole og at han måtte slutta som lærar ved Hjeltnes hagebruksskule i Hardanger. Men det må ha vore ei trøyst for han at Peter Mathæus seinare vart professor i hagebruk ved Maryland College i USA. I breva drøfta Nøvik elles mange andre tilsetjingssaker innan yrket. Vi får inntrykk av at han hadde nokså personlege oppfatningar om søkjarane. Om ein skreiv han at han var “gutteaktig og altfor kjedelig når han har drukket en dram”. Den aktive statsgartnaren hadde stor evne til å gjennomføre mange av sakene han gjekk inn for, men han fekk òg fleire motstandarar i fagmiljøet. Det var nok ikkje berre hans skuld.

Nøvik var historisk interessert og samla materiale frå trykte kjelder for heile Noreg i tida fram til omkring 1800. 1901 gav han det ut som Samlinger til havebrugets historie i Norge. I dag kunne vi nok ønskt at han heller hadde konsentrert seg om 1800-talet. Han hadde ein stor samling av faglitteratur, som no finst i biblioteket ved NLH.

Peter Nøvik var formann i Norsk Gartnerforbund 1901–04 og vart æresmedlem der 1910. Han var òg æresmedlem i Selskapet Havedyrkningens Venner frå 1914.

    Eit utval

  • Landmandens Kjøkken- og Blomsterhave, 1881
  • Norsk Havebog, 5 bd., 1890–93 (bd. 1: Havedyrkning i Almindelighed, 1890, bd. 2: Frugthaven, 1890, bd. 3: Kjøkkenhaven, 1890, bd. 4: Blomsterhaven og parken, 1891, bd. 5: Stuegartneriet, 1893)
  • Havebrug og Frugtavl i Norge i Middelalderen (sm.m. O. Olafsen), 1898
  • Samlinger til havebrugets historie i Norge, 1901
  • Smaabrukerens havebok, særlig beregnet for mindre haver, 1913 (3. opplag 1923)
  • HEH 1912
  • J. Holmboe: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • T. Skard: Hagebruk og gartneri i Norge, 1963
  • Skards samling, i Spesialsamlingar ved NLHs bibliotek, Ås