Fut og eidsvollsmann. Foreldre: Personellkapellan, seinare sokneprest Claus Pedersen Cloumann (ca. 1717–1783) og Elisabeth Faye (1713–48). Gift 1) 22.1.1773 med Anna Sophie Poulsen (5.3.1759–13.12.1786), dotter til sorenskrivar, seinare trelasthandlar, kanselliråd Henrich Jørgen Poulsen (1724–78) og Alhed Maria Hoff (1732–60); 2) 19.6.1787 med Edel Ramshart f. Poulsen (24.2.1753–19.3.1789; enke etter sorenskrivar Cort Caspar Ulrich Ramshart), syster til kone nr. 1; 3) 10.2.1805 med Maren Pihl Mow (22.2.1770–20.4.1849), dotter til sokneprest Gerhard (el. Gert) von der Lith Mow (ca. 1716–1785) og Maren Pihl.

Peder Jørgen Cloumann var fut i Øvre Telemark i nær på 40 år, og arbeidde ivrig for modernisering av jordbruket og kommunikasjonane i embetsdistriktet sitt. Som eldstemann mellom representantane i riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 sette han ikkje spor etter seg.

Cloumann voks opp i Heddal i Telemark, der faren blei sokneprest 1752. Han tok baccalaureus-eksamen ved universitetet i København 1763; utan bakgrunn frå latinskulen som han var, må han ha hatt førekunnskapane heimanfrå. Han må ha studert jus ved universitetet, men namnet hans finst ikkje i eksamensprotokollane. 1766 drog han heim til Bratsberg amt, og blei skrivekar og fullmektig hos amtmannen.

1772 blei futen i Øvre Telemark suspendert for underslag. Cloumann søkte konstituering i embetet, far hans kausjonerte for skattepengane og søknaden blei innvilga. 1777 blei den suspenderte dømd, og Cloumann blei utnemnd til “virkelig foged”. Dei første åra av embetstida si budde han i Heddal, men sommaren 1781 flytte han åt Kviteseid, og blei då første futen i Øvre Telemark til å busetje seg fast i embetsdistriktet sitt; alle føremennene hadde halde til nær Skien. 1783 fekk han rangtittelen justisråd, slik det var vanleg for fortente embetsmenn.

Det første ein går åt ved embetsferda hans er ein ulasteleg og nøyereknande byråkratisk flid, men det budde meir i han enn det som utan vidare høyrde embetet til. Han hadde eit sterkt samfunnsengasjement av klassisk, fysiokratisk slag, agiterte for innføring av betre krøteravl og import av livdyr, for utgrøfting av myrar, gjødsling og vekselbruk og ikkje minst potetdyrking, og dreiv sin eigen gard som mønsterbruk. Fjøs burde vera i stein og helst tegl, meinte han, og difor bygde han 1785 eit teglverk for framstilling av murstein og takstein. Dette var ein suksess, og tegltak blei etter kvart vanlege i bygda. Teglfjøs kom det også nokre av, etter at futen hadde synt fram modellen på ein mønsterhusmannsplass kalla “Exempel”. Eit meir kortliva initiativ var eit “patriotisk selskap”, som i nokre år frå 1790 prøvde seg med tamreindrift på kongens allmenningar. Utanom jordbruket var han vyrk for post- og skyssvesen og ikkje minst vegbygging. Fremste tiltaket her var ein køyreveg frå Tinnsjø over Gaustakneet til Hjartdal og vidare til Seljord og Kviteseid.

Allmenn folkeopplysing støtta han også, m.a. med å låna ut bøkene sine til bygdefolk og gi bort bøker til leseselskapet i bygda. Dette syner at han forstod at bønder ikkje nødvendigvis var dummare enn han sjølv. Både privat og som embetsutøvar ytte han vanlegvis allmugen full respekt, og fekk sjølv full respekt attende, også frå København. 1809 blei han utnemnd til riddar av Dannebrogordenen, og då han 1811 bad seg friteken frå embetet pga. alderen, fekk han avskil med full løn.

I 1814 blei Cloumann kåra til den eine av Bratsbergs tre utsendingar til Riksforsamlinga på Eidsvoll. Han var 67 år og eldst mellom utsendingane. Historikaren Halvdan Koht fortel at Cloumann “hørte som de andre representantene fra samme amt til foreningspartiet, men tok ingensomhelst del i forhandlingene”. Helst var han for gamal til å gjera seg gjeldande – langt mindre kjenna seg heime – i denne forsamlinga, som ikkje utan grunn har blitt stempla som eit “ungdomsopprør”. For Cloumann blei Eidsvoll såleis heidersplass meir enn arbeidsplass, men på bakgrunn av innsatsen hans i yngre år er det vanskeleg å påstå at plasseringa var ufortent.

  • C. Pram: Indberetning til det Kongelige general Land-Oeconomie og Commerce-Collegium indeholdende oeconomiske Bemærkninger paa en efter kongelig allerhøieste Befaling i Aaret 1805 fortsat Reise i Norge, utrykt manuskript i RA, Oslo
  • E. A. Thomle: “To Kragerø-slegter”, i PHT, rk. 8, bd. 3, 1924
  • O. H. Holta: Hitterdalsboken, Porsgrunn 1926
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 3, 1926
  • Aa. Olsnes: Kviteseid bygdesoge, bd. 3, Kviteseid 1987

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (brystbilete) av Christopher Pritzier Meidell, 1860 (kopi etter eldre original av ukjend kunstnar); Eidsvollsbygningen