Norskamerikansk prest og kyrkjeleiar. Foreldre: Gardbrukar, seinare husmann Anders Paulson (1796–1835) og Randi Olsdotter (f. 1800). Gift 1) september 1848 med Anna Vamin (død 1849); 2) 1849 med Martha Lawson (8.11.1828–17.4.1918), dotter til gardbrukar, seinare husmann og farmar Anders Larsson Flaga, Voss (f. ca. 1790) og Brita Mikkelsdotter (ca. 1794–1834).

Paul Andersen Nordland var pionerprest og kyrkjeleiar mellom norske og skandinaviske immigrantar i USA. Han blei kjend som “Chicago-presten” og markerte seg i diakonalt arbeid for skandinaviske nykomarar under vekståra til byen Chicago i Illinois. Han deltok også i organiseringa av både den skandinaviske (1860) og den norske Augustana-synoden (1870).

Paul Andersen (også skrive Anderson) var fødd i Valdres, der foreldra var gardbrukarar. Dei selde gardsbruket sitt på Jøvne i Vang 1833 og festa året etter ein husmannsplass under garden Frøvik i Skjold i Rogaland. Faren døydde alt 1835, og Paul blei tenar hjå lensmannen i Vats, nabobygda til Skjold.

Nordland emigrerte til USA 1843. Han tok utdanning ved Beloit Seminary. Ordinert til prest blei han 1848. Same året tok han til som prest i The Norwegian Evangelical Lutheran Church of Chicago. Eit nytt kyrkjebygg for den raskt veksande kyrkjelyden stod ferdig 1855, som “a significant social as well as religious center”.

Paul Nordland skal ha vore den første norsk-lutherske prest i USA som innførte gudsteneste og sundagsskole på engelsk. Før han emigrerte, hadde han lært seg litt engelsk og noko tysk. Han ønskte at norske immigrantar skulle integrerast med amerikanarane, både i eit felles luthersk kyrkjesamfunn og i det amerikanske samfunnet elles. Han ville vera med på å byggja opp ei ny og annleis kyrkjeordning for norske i USA.

Nordland er blitt omtalt som ein reformator, djupt religiøs og med ei antiklerikal og antiautoritær innstilling. Under koleraepidemiane 1849–54 gjorde han ein stor sosial og diakonal innsats i Chicago. Han engasjerte seg også i opplysingsverksemd, m.a. som redaktør av bladet Nordlyset 1849 og av det teologiske tidsskriftet Norsk luthersk Kirke-Tidende 1857–60.

Nordland engasjerte seg også i debatten om emigrasjonen. Han la mellom anna an eit religiøst perspektiv på utvandringa og målbar ein motbodskap til biskop Jacob Neumanns hyrdebrev frå 1837. Etter eit besøk i Noreg 1858 skreiv han til støtte for utvandringa at “Guds Goder ere udstrøede over den ganske Jord, og man kan ikke undgaae heri at see hans vise Hensigt, at den Hele skal befolkes, og at Alt skal komme Menneskene til gode”.

Målet om kyrkjeleg einskap lukkast i lita grad for Paul Nordland. Presteutdanninga hans i USA var orientert mot både the Congregational Church og den presbyterianske kyrkjeretninga. Den norske bakgrunnen hans var haugiansk og lågkyrkjeleg. Snart braut han likevel samarbeidet med Elling Eielsen, den sterkaste vidareføraren av denne tradisjonen mellom dei norske i USA. Franckeanarsynoden, som Nordland først var innom, blei rekna som “the most liberal Lutheran body in America”. Gjennom dei synodane han seinare gjekk inn i, plasserte han seg i ein teologisk mellomposisjon innan det spreidde norskamerikanske kyrkjebiletet.

Paul Nordland reiste saman med familien tilbake til Noreg etter at han måtte slutta i prestegjerninga 1861 grunna sjukdom. Det er ukjent kor familien budde her i landet, men borna treivst ikkje, og familien gjorde vendereis 1864. To år seinare var Nordland som forretningsmann på ny i Chicago, der han var med på å skipa The Scandinavian Emigrant Aid Society. Han tok opp att prestearbeidet frå 1876 og verka fram til 1884 som prest i Milwaukee, Wisconsin. Deretter flytta han tilbake til Chicago, men kjøpte snart ein ranch i La Jara, Colorado, der han døydde.

    Eit utval

  • Overs. De nordamerikanske Forenede Staters Constitution, Inmansville (Wisconsin) 1854
  • Letters from a Trip to Norway, i Norsk luthersk Kirke-Tidende 20.7., 3., 17. og 31.8. og 14.9.1858 og 22.2.1859
  • Om Udvandringen til Amerika, i Norsk luthersk Kirke-Tidende 1.2.1860 og Wossingen 11.2.1860
  • Om den lutherske Kirke i Amerika med særligt Henblik paa “Den norske Augustana Synode”. Historisk Foredrag ved Synodemødet i Rushford, Minn. i Juni 1879, Chicago 1880
  • Sjå også databasen “Nordmenn i Amerika” på Internett (http://www.nb.no/baser/tma)
  • O. J. Hatlestad: Historiske Meddelelser om Den norske Augustana-Synode, Decorah (Iowa) 1887
  • J. C. Jensson: American Lutheran Biographies, Milwaukee (Wisconsin) 1890
  • O. M. Norlie: Norske lutherske Prester i Amerika, 1843–1913, Minneapolis (Minnesota) 1914
  • E. C. Nelson og E. L. Fevold: The Lutheran Church Among Norwegian-Americans. A History of the Evangelical Lutheran Church, 2 bd., Minneapolis 1960
  • O. S. Lovoll: A Century of Urban Life. The Norwegians in Chicago before 1930, Champaign (Illinois) 1988
  • N. O. Østrem: Utvandrarkultur. Ei migrasjonshistorisk undersøkjing av Skjold prestegjeld 1837–1914, dr.avh. UiTø, Tromsø 2002