Embetsmann og forfattar. Foreldre: Fogd Nils Ytter (1788–1868) og Marie Dorothea Falck (1786–1867). Gift 19.10.1860 med Gleny Louise Anziøn (9.2.1838–januar 1925), dotter til domkyrkjekantor Lorentz Anziøn (f. 1799) og Gurine Holm (f. 1798).

Oluf Vilhelm Falck-Ytter var jurist av utdanning, men er mest kjend for sitt virke som barnebladredaktør og forfattar av bøker for barn og unge. Han arbeidde også aktivt for å fremje idrettssaka og for å skaffe barn og unge høve til å drive leik og idrett i Kristiania.

Falck-Ytter tok juridisk embetseksamen 1857 og vart same året tilsett som kopist i Finansdepartementet. 1867 vart han utnemnd til fullmektig same staden. Falck-Ytter vart verande i denne stillinga til 1884. Då vart han utnemnd til byfogd i Sarpsborg, ei stilling han hadde til han søkte avskjed i mai 1914, 82 år gammal.

I tida i Finansdepartementet var Falck-Ytter aktiv på mange område. Han var sjølv idrettsmann og arbeidde for den organiserte idretten, samtidig som han var opptatt av at barna i byen skulle ha høve til å utfalde seg i fysisk leik. Det var etter initiativ av Falck-Ytter at kongen gav lov til å ake kjelke i Slottsparken. Han fekk også opna delar av Akershus festning som leikeplass for barn og fekk leigd Tullinløkka for det same formålet. Falck-Ytter var medstiftar av Christiania Skiklub og Kristiania skytterlag, og han sat som formann i Kristiania skytterlag i 10 år. Han var ein aktiv medlem av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, m.a. som sekretær, og vart heidra med foreininga si sølvmedalje.

Interessa for kroppsøving og leik førte også til ei lærebok i gymnastikk, boka Ude og inde. Om Legemsøvelser og Leg, utgitt 1867. Falck-Ytter tok også del i andre sider av byens sosiale liv. Mellom anna var han med å stifte Kristiania musikkforening, eller “Det filharmoniske Selskab”, som det heitte frå først av. Han var også med på å stifte den første journalistforeininga i byen.

Falck-Ytter var i heile si tid i Kristiania ein flittig skribent med bidrag i mange aviser og tidsskrift. Han begynte tidleg å skrive for barn og unge, og han er framfor alt kjend som barnebladredaktør og -forfattar. Det var litt tilfeldig at Falck-Ytter kom til å interessere seg for denne litterære sjangeren, då han vart beden om å delta som medlem i redaksjonen for Børnenes Blad under redaktørens sjukdom 1864–67. Han gav deretter ut sitt eige blad, For Ungdommen, 1868–71. 1872 overtok han utgjevinga av Børnenes Blad og let sitt eige blad gå inn i dette. Frå 1875 fekk bladet igjen namnet For Ungdommen, utan at innhaldet dermed vart eit anna. 1883 vart tittelen atter endra til Børnenes Blad, som var namnet på bladet til det gjekk inn 1884. Dei blada for barn og unge som Falck-Ytter redigerte, gjekk såleis kontinuerleg i 20 år.

Som redaktør og forfattar var Falck-Ytter ein fornyar av barnebladsjangeren. Blada hadde som hovudoppgåve å underhalde, med spennande forteljingar frå historia og samtida, eksotiske skildringar av merkelege dyr og folk og notisar om aktuelle hendingar, gåter, vitsar og premieoppgåver. Han førte også ein dialog med lesarane gjennom svar på brev og spørsmål. I kvart blad fanst det ei framhaldsforteljing, som oftast skriven eller omsett av han sjølv. Desse forteljingane kom seinare i bokform, utgitt på hans eige forlag, starta 1868. Mest populær i si tid var boka Haakon Haakonsen. En norsk Robinson, som gjekk som framhaldsforteljing i For Ungdommen 1868–69 og vart utgitt 1873. 1990 vart boka utgangspunktet for ein film med same namn. Falck-Ytter utgav også bøker som tilleggshefte til bladet, m.a. klassiske forteljingar som Gullivers reiser og Baron von Münchhausens eventyr. Gjennom sitt arbeid bidrog Falck-Ytter til å gjere den spennande eventyrboka til akseptert lesestoff for barn.

Då Falck-Ytter 1884 vart byfogd i Sarpsborg og flytta frå Kristiania, vart det slutt med blad- og bokskriving. Han utgav rett nok eit par av bøkene i nye utgåver, men elles tok embetsgjerninga all hans tid. I dei 30 åra Falck-Ytter tenestgjorde i embetet, gjekk byen gjennom ei rivande utvikling, og oppgåvene for ein byfogd var mange. Falck-Ytter var ein pliktoppfyllande og respektert embetsmann, og 1910 fekk han Kongens fortenestmedalje i gull.

  • Ude og inde. Om Legemsøvelser og Leg, 1867
  • Om Vinteraftenen. En Billedbog for Børn, 1871
  • Haakon Haakonsen. En norsk Robinson, 1873 (filmatisert 1990)
  • Imellem Isbjergene. To Gutters Ophold på en øde Ø under Nordpolen, 1874
  • Sjørøveren og hans Hule, 1896
  • Bjørulf Værholmens eventyr tillands og tilvands, 1913
  • Aslaug og Elling blandt indianerne, 1913
  • Don Pedros hule, 1914
  • red. Børnenes Blad. Illustrert Ugeskrift for belærende og underholdende Børnelæsning, 1864–67, 1872–74, 1883–84
  • red. For Ungdommen. Et Ugeskrift, 1868–71, 1875–82
  • Stud. 1851,1887
  • “Falck-Ytter, biografisk tekst med portrett”, i Folkebladet nr. 19/1904
  • biografi i NFL,bd. 6, 1908
  • S. Hagemann: Norsk barnelitteratur 1850–1914, 1970
  • E. Økland: “Norske barneblad”, i T. Ørjasæter med fl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år,1981
  • T. Birkeland, G. Risa og K. B. Vold: Norsk barnelitteraturhistorie,1997

    Fotografiske portrett

  • Fotografi av L. Forbech, u.å.; trykt i Folkevennennr. 19/1904