Bonde og politikar. Foreldre: Gardbrukar Mons Olsen Mjelde (1842–1904) og Brita Olsdotter Småland (1845–1921). Gift 7.2.1888 med Anna Monsdotter Mjelde (5.8.1865–29.7.1940), dotter av gardbrukar Mons Olsen Mjelde (1835–1920) og Magdeli Johannesdotter (1841–1941).

Da Ole Mjelde tok avskil med rikspolitikken 1936, hadde han vore stortingsrepresentant eller statsråd samanhengande i 28 år, lengre enn mest alle andre politikarar i samtida. Han var dessutan den einaste som hadde vore medlem i alle venstreregjeringar, fem i alt, frå 1920 til 1935, heile tida som sjef for Arbeidsdepartementet.

Han var bonde og underoffiser av yrke, hadde gått på Nordhordland amtsskole 1880–81 og på underoffiserskolen i Bergen 1886 før han som eldste son overtok farsgarden 1890. Den militære karrieren avslutta han 1918 som fanejunker. I heimbygda Haus kom han tidleg med i styre og stell, var medlem i heradstyret 1899–1916, varaordførar 1902–04, ordførar 1905–07, styremedlem i sparebanken 1895–1917 og 1922–38, og hadde elles ei rekkje kommunale verv. Ved stortingsvalet 1906 vart han vald til vararepresentant for Venstre i einmannskrinsen Voss og møtte på Stortinget 1908–09. Fast representant vart han 1909 da han vann valet i tvekamp med Wollert Konow (S.B.), frontfiguren til Frisinna Venstre. Sidan følgde attval og tingplass heilt til 1936, da han drog seg tilbake; 1922–36 representerte han Hordaland fylke.

Mjelde var sekretær i Stortinget 1916–18 og president i Odelstinget 1919–20. I åra 1915–21 sat han i styret for Venstres stortingsgruppe og var frå 1921 medlem i Venstres landsstyre. Si første røynsle som statsråd fekk han i Gunnar Knudsens andre regjering, der han 1920 styrte arbeidsdepartementet ei kort tid. Sidan vart han Venstres gjengangar i dette departementet, som medlem i Otto Blehrs regjering 1921–23 og i J. L. Mowinckels tre regjeringar 1924–26, 1928–31 og 1933–35. Han var òg med i fleire offentlege utval og komitear, m.a. som formann i den parlamentariske valordningsnemnda av 1927.

Mjelde var ein “all round”-parlamentarikar. Som ein av Venstres fremste talsmenn engasjerte han seg i alle viktige politiske debattar i Stortinget, men spesialområda hans var kommunikasjonar, militære saker og næringspolitikk, der han tala med innsikt og sterkt temperament. “Av og til kunde han bli noget hensynsløs overfor motstanderne” (O. Joh. Vasbotten). Etter regjeringsskiftet 1935 vart Mjelde hylla i stortingsgruppa for si mangeårige politiske gjerning; han var “kulten [kraftkaren] millom oss alle” (Venstres gruppeprotokoll). Men snart etterpå braut han med venstregruppa som reaksjon på at han utan førevarsel og utan samråd i gruppa var blitt skift ut som medlem av hovudstyret for vassdrags- og elektrisitetsvesenet, der han hadde vore med sidan 1920 og gjerne ville ha teke ein ny periode. Han stilte ikkje til attval 1936 og gjekk same året også ut av Venstres landsstyre.

Sidan budde han på heimegarden, der han døydde 1942. Han vart gravlagd på Haus kyrkjegard. Mjelde var tildelt Haakon VIIs jubileumsmedalje.

  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • J. S. Worm-Müller m.fl.: Venstre i Norge, 1933
  • HEH 1938
  • O. Joh. Vasbotten: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • L. M. Ådna: Ætt og æle II. Haus sogn. Haus i soga og segn, Bergen 1959
  • Protokoll for Venstres stortingsgruppe 1883–1940, bd. 1–3, 1975–78
  • Foto gjengitt i Haffner, 1949
  • Foto gjengitt i Haus heradstyre i 100 år 1837–1937, Bergen 1937