Skulemann og forfattar. Foreldre: Landarbeider Johannes Kristianson Lundeby (1862–1900) og Anne Jensdotter Sletto (1867–1946). Gift 27.7.1911 med lærar Karin Bryde (13.7.1884–5.11.1965), dotter til skipsreiar Johan Mauritz Bryde (1830–99) og Karen Nicoline Eriksen (1837–1925). Far til Eva Sletto (1912–2006); svoger til Johan Bryde (1858–1925; sjå NBL1, bd. 2) og Gottfred Mauritz Bryde (1865–1939; sjå sst.).

Olav Sletto var folkehøgskulemann og forfattar, med episke storverk som eit kjennemerke ved forfattarskapen.

Våren 1886 kom den ugifte og gravide Anne Sletto attende til Hol i Hallingdal etter å ha vore tenestejente i Vestfold eit års tid. I Hallingdal fekk ho sonen Olav, og etter at han var fødd, reiste ho attende til Vestfold. Olav voks opp hjå besteforeldra, som dreiv gard høgt og fritt i Hallingdal. Han fekk ein svært fri oppvekst, men måtte hjelpa til med gardsarbeidet og var mellom anna ofte gjetar. Dette gav han ein nærleik til naturen som seinare viste att i forfattarskapen hans.

16 år gamal reiste han til Voss for å gå på folkehøgskulen til Lars Eskeland. Som så mange andre vart han påverka av Eskeland, som han seinare omtala som “den ypperlegaste norsklærar eg har havt”. Eskeland fekk lesa eit spelstykke Sletto hadde skrive, og sa at sjølv om stykket hadde sine manglar, burde Sletto halda fram med skrivinga.

Seinare i livet fekk Sletto meir med folkehøgskular å gjera. Han hadde fått signal om at det skulle skipast ein folkehøgskule for Buskerud, og at han kunne få lærarjobb der. 1908 reiste han difor til Danmark for å gå Askov Højskole, og han studerte òg ved Statens Lærerhøjskole i København. Dei neste åra reiste han mykje i Europa, der han fylgde førelesingar ved ulike universitet. Han livnærte seg som forfattar og foredragshaldar nokre år, før han omsider vart lærar ved Buskerud folkehøgskule 1917. Seks år seinare skipa han Romerike folkehøgskule på Årnes og sat som styrar der til 1929. Deretter var han styrar på Romerike ungdomsskule frå 1929 til 1940.

Sletto gav ut ei lang rekkje bøker, i dei fleste sjangrar. Fram til 1930 skreiv han mykje om religion og mytologi, mellom anna i firebandsverket om Loke 1915–18. Det er typisk for Sletto at verka strekkjer seg over fleire band. Dei gode barneskildringane i Per-bøkene kom i fire band, medan soga om Røgnaldsfolket kom i fem; og forfattarskapen vart avslutta med fem sterkt sjølvbiografiske bøker om Olver.

Dei fire bøkene i serien om Per har vore omtala som ei av dei finaste barneskildringane i litteraturen. I den fyrste av bøkene er Per tre–fire år gamal, tre bøker seinare er han i konfirmasjonsalderen. Per veks opp i heimemiljøet til Sletto, og barndomen som vert presentert, er harmonisk og nærmast idyllisk. Det er likevel ikkje tale om ein sentimental idyll – bokverket osar av poesi.

Også det neste fleirbandsverket, soga om Røgnaldsfolket, hentar handlinga si frå Hallingdal. Verket strekkjer seg over nærare 2000 sider og minner i mangt og mykje om Olav Duuns Juvikfolke. Verket gjev ei rik skildring av eit bygdesamfunn som går gjennom store endringar, og har gode skildringar av både den gamle bondekulturen og mange einskildmenneske, og er det største diktverket til Sletto.

Som forfattar var Sletto oppteken av språket. I Under Helgafjell, ei av bøkene om Olver, let han Olver få høyra at “i grunnen skriv De for øyra”, og at “De er vár for musikaliteten i norsk”. Språket hans er sikkert og rikt, og det gjeld ikkje berre skriftspråket – Sletto var mykje brukt som talar, både på ulike stemner og på eigne foredragsturnear. Han var ein ivrig målmann og var 1924 med og gjorde opptaket til Norsk Måldyrkingslag, der han 1928 vart innvald medlem.

1941 vart det søkt om diktargasje til Sletto. Han fekk kritikk for at han valde å takka ja til diktargasje frå 1942, og etter krigen vart han mellombels ekskludert frå Den norske forfattarforening.

1940 slo han seg ned på Geilo. I svært mange av bøkene hans, også dei han skreiv medan han budde andre stader, er handlinga lagt til det gamle hallingdalsmiljøet, så han var komen heim på meir enn ein måte. Heimbygda visste å setja pris på han, og Hol kommune gav han livslang diktarløn frå 1949. Etter mange års debatt fekk han òg diktarløn frå staten frå 1960.

  • Bibliografi i Dale og Reinton 1966 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder)

    Loke-bøkene

  • Loke, 1915
  • Domen, 1916
  • Millom eldar, 1917
  • Skyming, 1918

    Per-bøkene

  • Per Spegil, 1939
  • Per sjøl, 1940
  • Per Stavlang, 1941
  • Per Spelmann, 1942

    Soga om Røgnald-folket

  • Under solhov, 1943
  • Ættbunden, 1944
  • Jordfast, 1946
  • Fyrste glimt, 1949
  • Dag, 1950

    Olver-bøkene

  • Boki um Olver, 1954
  • På høgt berg, 1956
  • Upp bakke og ned dal, 1957
  • Under Helgafjell, 1958
  • Då tedde ei eldborg, 1961

    Etterlate materiale

  • Boksamlinga til Sletto, brev og manuskript i Holet bibliotek, Hol
  • J. Austbø: Olav Sletto. Ein studie, 1923
  • HEH 1959
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • J. A. Dale og L. Reinton (red.): Ei bok om Olav Sletto, 1966 (inneheld m.a. bibliografi, referansar til bokmeldingar og oversyn over artiklar om Sletto)
  • Olav Sletto-selskapet. Årbok 2002, Hol 2002
  • Måleri av Mimi Falsen, 1909; p.e.; gjengitt i NLH/Beyer, bd. 4, 1995
  • Måleri av Rasmus Strømme, 1928, Holet bibliotek, Hol
  • Byste (gips) av Trygve Dammen, 1930; sst