Politikar og journalist. Foreldre: Husmann Ole Olsen Kringeneie (1840–1917) og Anne Johannesdotter Kringen (1846–1930). Gift med Kristiane Larsen (f. 22.3.1883), dotter til Andreas Larsen (1843–1923) og Kristine Larsen (1849–1936).

Olav Kringen var politikar og journalist og var med på stiftinga av Den andre internasjonale 1900. Han var redaktør av Social-Demokraten og medarbeidar i mange utanlandske, sosialistiske tidsskrift, og han omsette m.a. Internasjonalen til norsk.

Kringen voks opp på plassen Kringeneie under garden Kringen i Sel. I unge år arbeidde han som fløytar, tømmerhoggar og gardsarbeidar, men alt som 20-åring reiste han til USA og slo seg ned i Minnesota. Her budde han i 10 år. Han studerte ved Augsburg College og andre amerikanske akademi, tok lærareksamen og var lærar i Minnesota og Dakota 1892–95. Seinare gjekk han over til journalistikken og arbeidde i amerikanske og norskamerikanske aviser 1895–97. Han redigerte m.a. Nye nordmanden i Minneapolis. Ei tid var han korrespondent for Labour Leader, organ for det britiske sosialistpartiet, og kom på den måten i kontakt med den britiske arbeidarleiaren Keir Hardie. Det var i denne tida han vart sosialist.

Kringen kom attende til Noreg 1897 og vart med i den norske arbeidarrørsla. Like etter heimkomsten vart han tilsett i Social-Demokraten (seinare Arbeiderbladet) og skreiv for det meste om litteratur og utanrikspolitiske spørsmål. Han var representant for Det Norske Arbeiderparti på Den andre internasjonalens kongressar 1900 og 1904 og sat i Internasjonalens hovudstyre fram til 1906. Kringen var kanskje den fremste internasjonalisten i norsk arbeidarrørsle først på 1900-talet.

1903 vart Kringen redaktør av Social-Demokraten, men gjekk av 1906 på grunn av usemje med partiet. I motsetning til partistyret hevda Kringen i 1905 at dei svenske krava for unionsoppløysing burde godtakast. Han heldt fram som medarbeidar i bladet til han 1909 vart redaktør av Demokraten på Hamar. Han var på Hamar nokre år, men kom så attende til Social-Demokraten som litteraturmeldar og utanrikspolitisk medarbeidar. Ei tid var han også redaktør av Smaalenenes Socialdemokrat og seinare Trøndelag Socialdemokrat. I partistriden 1921 fylgde han sosialdemokratane til partisamanslåinga 1927. Etter dette var han ikkje knytt til nokon bestemt partiavis, men skreiv i ymse fagforeiningsblad og i Romerikes Blad.

1904–07 var Kringen medlem av bystyret i Kristiania. Han var ein aktiv organisator, som stifta mange faglege og politiske lag og gjorde opptak til fleire lokalblad for partiet. Han hadde mykje å seie for den norske arbeidarrørsla den første tida ved den opplysningsverksemda han dreiv. Han omsette m.a. Det kommunistiske manifestet til norsk, skreiv kampsongar og dikt, han laga den første norske teksta til Internasjonalen (1904) og var ein mykje brukt foredragshaldar. Han var redaktør av partiets tidsskrift Det tyvende aarhundrede dei første åra (1901–03), og han skreiv ei rekke skrifter med sosialistisk innhald, m.a. De første sosialdemokrater i Norge, Kirken set fra et socialistisk synspunkt, Grundtrekk av Socialismens teori og ei rekke andre bøker. Han omsette ymse sosialistisk litteratur og forfatta mange brosjyrar. Han skreiv også i fleire av dei leiande utanlandske sosialistavisene, som Sozialistische Monathefte, Avanti, Labour Leader o.a. I dei seinare åra var han Europa-korrespondent for Decorah-Posten.

  • Fagorganisationen, 1904
  • Kirken set fra et socialistisk synspunkt, 1904
  • Socialismen, og dens forudsætninger for den norske arbeider, 1906
  • De første socialdemokrater i Norge, 1910
  • Grundtrekk av socialismens teori, 1911
  • Thomas More, 1920
  • Den sociale revolution. Et kort rids av socialismen som virkende kraft i samfundet, 1923
  • Socialismens veie og maal. Fremstillet i motsetning til diktaturet, 1923
  • “Olav Kringen 50 år”, i Social-Demokraten4.10.1917
  • “Olav Kringen 70 år”, i Romerikes Blad20.7.1937
  • “Olav Kringen 70 år”, i Smaalenenes Socialdemokrat24.7.1937
  • K. Selnes: biografi i Norsk allkunnebok,bd. 7, 1956
  • nekrolog i Romerikes Blad9.10.1951

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i E. Bull m.fl. (red.): Arbeiderbevegelsens historie i Norge,bd. 2, 1990, s. 262
  • Fotografi i Romerikes Blad9.10.1951