Faktaboks

Olav Kolltveit
Fødd
9. april 1894, Tørvikbygd i Jondal, Hordaland
Død
28. november 1979, Odda, Hordaland
Verke
Redaktør og lokalhistorikar
Familie
Foreldre: Landhandlar Johannes Kolltveit (1857–1930) og Anna Ragnhild Ljones (1860–1912). Gift 1939 med telegraffullmektig Magnhild Holmboe (4.11.1900–1.9.1979), dotter til prost Leonard Christian Borchgrevink Holmboe (1872–1953) og Thea Louise Shetelig (1878–1973).
Olav Kolltveit
Av /Stortingsarkivet.

Olav Kolltveit gjorde livslangt arbeid som lokalhistorikar. Største innsatsen hans ligg i dei ruvande bygdebokverka som dekker størstedelen av Hardanger i gamal og ny tid.

Kolltveit voks opp i eit miljø merkt av kultur og politikk. Vinteren 1912–13 gjekk han på Hardanger Folkehøgskule, 1914–15 tok han Volda private middelskule og 1917 examen artium på Voss private gymnas. Same året byrja han studera jus i Kristiania, men tok imot stilling som mellombels redaktør i avisa Hardanger i Odda. Vikariatet skulle bli arbeidsplassen hans i 53 år. Han vart kjend for sin gode penn – klår og sakleg i referat og ordskifte, underfundig og satirisk i sine petitartiklar under pseudonymet “Plassmajor Tallaksen”.

Som skrive- og talefør bladmann, med tydelege politiske synspunkt, kom Olav Kolltveit snart med i styre og stell, både lokalt og vidare. Han sat både i Odda kommunestyre og formannskapet mellom 1931 og 1955, og var varamann til Stortinget for Venstre 1937–45 og 1949–57. Innsatsen hans som pressemann og politikar gav monalege ringverknader i lokalmiljøet. “Han var pott og panna i det kommunale livet i Odda i lang tid,” skreiv Knut L. Måge.

Det som greip hugen sterkast, var likevel lokal historie i Hardanger-regionen. Alt frå tidleg ungdom samla Kolltveit inn munnlege og skriftlege historiske opplysningar. Frå 1937 og livet ut var han både formann i Hardanger Historielag – eit av dei eldste og største i landet – og redaktør for tidsskriftet Hardanger, der han skreiv i alt 230 større og mindre artiklar. Omtykt foredragshaldar var han òg.

Dei første bøkene hans, banksoger og andre lokale jubileumsskrift, kom til i okkupasjonsåra, då han var avsett som avisredaktør av nazistane. Med innsyn i både rikshistorie og regional soge kunne han sjå næringstiltak i bygdene og allmenn kulturhistorie mot ein større bakgrunn. Slik vart dette miniatyrbygdebøker som fortel mykje meir enn soga om sjølve verksemda.

Lenge før krigen hadde Kolltveit samla mykje av kjeldetilfanget til det som skulle bli storverket hans: bygdebøkene, i alt 13 band med over 7200 sider. Etter det første, om Strandebarm og Varaldsøy, kom Jondal-boka. Deretter gjekk han laus på det som skulle verta sjølve hovudverket, Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, ei lang rekkje band der det åttande og siste kom ut 1974. Forfattaren var då 80 år, men heldt fram med bygdesoga om Granvin, Ulvik og Eidfjord (til 1891). Han var komen langt på veg med gards- og ættesoga for Ulvik då han gjekk bort 1979.

Intim kjennskap til folk og tilhøve, grundig kjeldegransking kombinert med ei overtydande evne til å sjå samanhengar i utvikling av lokalsamfunna, prega Olav Kolltveits lokalhistoriske arbeid. Bygdebøkene er eit livsverk som ruver i omfang og kvalitet. Han står “mellom dei aller fremste i den store flokken av bygdesogegranskarar her i landet,” skreiv Andreas Ropeid i ei melding om Jondal-boka i Heimen.

Olav Kolltveit hausta stor heider for arbeidet sitt. 1963 fekk han Kongens fortenstmedalje i gull og 1974 Norsk Kulturråds lokalhistorikarpris. Han vart heiderslagsmann i Noregs Mållag 1964. Festskriftet Runer rita gjennom femti år kom til 70-årsdagen, Skutevik – barndomens rike til 100-årsjubileet. 9. april 1994 vart det utanfor Hardanger Folkemuseum på Utne reist ein bautastein over han med bronserelieff utført av Dagfinn Instanes.

Son til Olav Kolltveit, Bård Kolltveit (27.4.1942–), er også ein framifrå historikar. Han var direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum i Oslo 1985–2001, og er sidan forskingsleiar ved museet. Han har skrive ei rekkje bøker om norsk skipsfartshistorie og norske reiarlag.

Verker

    Eit utval

  • Ullensvang privatbank gjenom 75 år. 1870–1945, Stavanger 1945
  • Kinsarvik Sparebank 1846–1946, Bergen 1946
  • Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid (sm.m. A. Næss), bd. 1–2, Bergen 1947–49
  • Strandebarm sparebank 8. desember 1852–1952. Hundreårsskrift, Øystese 1952
  • Jondal i gamal og ny tid, Bergen 1953
  • Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, bd. 1–8, Odda 1962–74
  • Banken og bygda. Kvam privatbank. 1862–1962, Øystese 1962
  • Hædersbonden Kristofer Sjurson Hjeltnes. 1730–1804. Ei slekts-, livs- og gardssoge frå Ulvik i Hardanger, Øystese 1962
  • Runer rita gjennom femti år. Utval av prenta avis- og årsskriftartiklar 1914–1964. Festskrift til Olav Kolltveit på 70 årsdagen 9. april 1964, Odda 1964
  • Ole Pedersen Løgits rekneskapsbok 1679–1717, Norheimsund 1967
  • Bygda og handelslaget. Ulvik handelslag (Ulvik forbrugsforening). 1868–1968, Odda 1968
  • Grimo handelslag. (Kinserviks handel- og forbrugsforening). 1869–1969, Grimo 1969
  • Skutevik. Barndomens rike, nedskrive i mai 1970, Øystese 1994
  • Ullensvang privatbank gjennom 100 år. 1870–1970, Ullensvang 1970
  • Utne hotel 250 år. 1722–1972, Utne 1972
  • Kolltveit-garden og Bårda-stova i segn og soge, Odda 1975
  • Granvin, Ulvik og Eidfjord, bd. 1–3, 1977

Kilder og litteratur

  • A. Ropeid: melding av Jondalsboka i Heimen, bd. 11 (1958–60), 1961, s. 332–333
  • Runer rita gjennom femti år, Odda 1964 (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • innstilling til lokalhistorikarprisen frå Landslaget for bygde- og byhistorie, 1974
  • K. L. Måge: Hardanger-bibliografi, 1978
  • M. Velure: “Olav Kolltveit. Minneord”, i Hardanger 1979
  • K. L. Måge: “Minneord om Olav Kolltveit på årsmøtet i Hardanger Historielag 4. mai 1980”, upublisert manuskript
  • Å. Soldal: “Ein bauta i Hardanger si soge”, i Hordaland Folkeblad 12.4.1994
  • opplysningar frå Bård Kolltveit