Skulemann og forfattar. Foreldre: Gardbrukar Ragnvald (Rognald) Olsen Hopperstad (1839–1909) og Ragnhild Eriksdotter Hønsi (1839–1928). Gift 1902 med Signe Valebjørg (6.8.1878–9.2.1961), dotter til gardbrukar Eivind Valebjørg (1843–83) og Signe Moghus (1854–1919).

Olav Hoprekstad var ein av mange bondegutar som mot slutten av 1800-talet søkte utdaning og fekk yrke utanom sitt gamle miljø. Men han heldt fast på verdiane i det miljøet han kom frå og dei røtene han var runnen av. Han vart ein føregangsmann i frilynt ungdomsarbeid og målarbeid i Bergen og på Vestlandet.

Han var fødd på garden Hopperstad i Vik i Sogn og voks opp der. Han hadde hug til boka, som det heitte, og etter ein vinter på folkehøgskulen i Sogndal gjekk han 1893 over fjellet til Austlandet og byrja på Hamar lærerskole, der han tok ein fin eksamen to år seinare. Han var fyrst lærar i to år i øvingsskulen ved Notodden lærarskule, deretter eitt år i folkeskulen i Kristiansand før han kom til folkeskulen i Bergen 1899. 1927 vart han tilsett som overlærar ved Møhlenpris skole, og frå 1939 til 1946 var han ved Fridalen skole.

Hoprekstad la også ned eit stort arbeid i ymse samskipnader for skulen og lærarane. Han sat i Bergen skolestyre, fyrst i seks år som tillitsmann for lærarane, deretter 1929–45 vald av Venstre. Han var formann for Vestlandske lærarstemna 1910–47 og styremedlem i Noregs lærarlag 1917–46. Under krigen var han med og bygde opp lærarfronten i Bergen og på Vestlandet.

Så snart han kom til Bergen, vart han med i arbeidet mellom den innflytte bygdeungdomen, og då bondeungdomslaget Ervingen vart skipa 1900, vart Olav Hoprekstad vald til fyrste formannen. Som sendemann frå Ervingen var han 1904 med og skipa Vestlandske mållag, og vart også vald inn i styret der, varaformann 1932–48. Han var svært aktiv i målrørsla, la ned mykje arbeid for Vestlandske målkontor og sat i mange år i styret for Noregs Mållag.

Olav Hoprekstad var mykje interessert i litteratur og teater og skreiv sjølv ei rekkje skodespel, det fyrste var Bjørnefjell, som kom ut 1907. Mellom dei andre kan nemnast Berse på Strondi, Kallen og kona på Sandvoll, Trollebotn og Døtrene på Bjarnastøl. Stykke av Hoprekstad har vore framførde på Den Nationale Scene og Komedia-teatret i Bergen og på Det Norske Teatret, men mest har dei vore spela av amatørgrupper i ungdomslaga. Dei dramatiske hendingane i skodespela hans er godt samanknytte og stilen fast og folkeleg, med friske replikkar. Ein kjend teatermann skreiv at skodespela hans kom med salt og frisk realisme frå vestnorsk bygdemiljø og sopte bort falsk bonderomantikk.

Hoprekstad var fast teater- og litteraturkritikar i Bergens Tidende 1913–40 og i Gula Tidend 1949–65. I Norsk Bokmannslag var han formann 1917–30, og han sat også i styret for Det Norske Teatret i mange år. I tillegg til skodespela gav Hoprekstad ut fleire bøker med historisk innhald, mellom andre Frå lærarstriden, Fatigskule, ålmugeskule og lærarstand i Bergen fram til 1889, Bergen folkeskole 1890–1911. Han var hovudredaktør for Bygdabok for Vik i Sogn.

Olav Hoprekstad gjorde mykje for å knyta byen Bergen og Vestlandet saman. Han hadde pågangsmod, godt praktisk skjøn og stor arbeidsevne og fekk gjort mykje for det nasjonale reisingsarbeidet som han brann for. Han kunne vera kvass i ordskifte, men hadde samstundes ein logn og kjapp replikk.

Olav Hoprekstad var heiderslagsmann i Bondeungdomslaget Ervingen, Bergen Lærerlag, Noregs Lærarlag, Vestlandske lærarstemna, Noregs Mållag, Vestlandske Mållag og Vestmannalaget. Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1963.

  • Bjørnefjell, skodespel, 1907
  • Berse på Strondi, skodespel, 1916 (seinare omarbeidd)
  • Vestlandshus (sm.m. H. E. Kinck), 1921
  • Kallen og kona på Sandvoll, skodespel, 1923
  • Døtrane på Bjarnastøl, skodespel, 1943
  • Frå lærarstriden, 1946
  • Fatigskule, ålmugeskule og lærarstand i Bergen fram til 1889, Bergen 1951
  • red. Bygdabok for Vik i Sogn, 3 bd., 1951–58
  • Bergen folkeskule 1890–1911, Bergen 1960
  • Vestlandske Mållag 1904–1954,Bergen 1954, s. 210–212
  • BTid.2.4.1954
  • J. A. Dale: Frå “Ervingen” til “Anne Gonge”,1959
  • biografi i Norsk Allkunnebok,bd. 6, 1954
  • HEH 1964
  • BTid.19.8.1965
  • T. Hannaas, C. Clausen og L. Jerdal (red.): Vestmannalaget i 110 år,Bergen 1978, s. 411–413

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (skulderbilete) av Eivind Engebretsen, 1936?; p.e
  • Måleri av Knut Glambek, 1961; i “Gimle” møtelokale, Bergen