Forfattar og journalist. Foreldre: Blindelærar Erik Olsen Gullvåg (1853–1925) og Oline Jensine Christensen (1853–1915). Gift 1914 med Maria Catharina (“Katie”) Zachariassen (26.8.1888–1967), dotter til skipsførar Constantinus Henrichus Zachariassen (1860–89) og Karoline Møller (1860–1920). Grandonkel til Håkon Gullvåg (1959–).

Olav Gullvåg var ein særmerkt aktiv og arbeidsam mann, som sette merke etter seg både som sentral i den nynorske pressa og som underhaldningsforfattar. Men i dag vert han helst hugsa for Spelet om Heilag Olav, som har vore oppført som olsokspel på Stiklestad sidan 1954.

Gullvåg voks opp i Trondheim og Klæbu, der faren var lærar i skomakeri på blindeskulen i bygda. Han gjekk to vinterkurs på Søndre Trondhjems amtsskole 1900–02, og seinare skaffa han seg kunnskapar m.a. i engelsk og tysk på eiga hand. Han tok til med journalistisk arbeid i Nidaros og Spegjelen i Trondheim 1910, og var redaktør i Søndmøre Folkeblad i Ålesund 1911–12, i Norig i Skien 1912–21 og i Gula Tidend i Bergen 1921–29.

For Gullvåg gjekk den skjønnlitterære forfattarskapen lenge saman med avisarbeidet som dikt og kjellarforteljingar. Under pseudonymet Kaare Gullveng fekk han spenningsromanen Den gule marquis publisert som føljetong i Norig (som bok 1915). Gullvåg hadde ei grunnhaldning som gjorde han kritisk til somt ved det moderne åndslivet tidleg på 1900-talet. Den første større romanen hans, Antaios (1916), er ei “tilbake til naturen og bygda”-bok med klåre antipatiar mot bylivet og den moderne samtidskunsten.

Dei to avisene Gullvåg arbeidde lengst i, var leiande nynorskaviser; skiensavisa Norig var også eit viktig venstreorgan. Gullvåg hadde ein kvass penn; han var redaktør, nyhende- og kommentarjournalist, petitskribent (med namnet til den franske spottefuglen, renessansediktaren Rabelais, som pseudonym). Norig var dagblad, og medan Gullvåg redigerte det under første verdskrigen, var det eit viktig blad i Telemark, delvis uavhengig av at det var på nynorsk. “Fyrst og fremst var han idé-journalisten som kvar dag laga både ein og to velskrivne spissartiklar um aktuelle spursmål, – politiske, kulturelle og andre emne. Og so gjorde han allslags anna arbeid i redaksjonen, frå reportasje og petit-kåseri til umsetjing og korrektur,” skreiv O. Hougen til Gullvågs 50-årsdag.

Det var hardt arbeid med få medarbeidarar både i Norig og Gula Tidend, og nokså sliten av avisarbeidet gav Gullvåg seg som journalist 1929. Samstundes gjorde han sin første litterære suksess; han fekk førsteprisen for kantata Heimferd (med musikk av Ludvig Irgens-Jensen) til olavsjubileet i Trondheim 1930. På grunn av Gullvåg sitt engasjement for Nidaros i striden om bynamnet, vart ikkje kantata oppført, men ho kom ut i stort opplag (9000), og Gullvåg såg seg råd til å gjere ei reise med familien til Italia og Tyskland. Han skreiv reisebrev til fleire aviser og fekk statsstipend eit par år.

Interessa for helgenkongen Olav Haraldsson hadde Gullvåg hatt sidan ungdomen. Etter Heimferd skreiv han 1934 tekst til Arne Eggen sitt oratorium Kong Olav, og 1946 kom ei lita bok, Menneske og helgen. Men den store suksessen kom med Spelet om Heilag Olav, som først vart utgjeve som Natterast på Sul (1952) og vart oppført første gong på Stiklestad 1954 til musikk av komponisten Paul Okkenhaug. Frå 1962 har det vore framsyningar av olsokspelet på Stiklestad kvart år i slutten av juli; kjende skodespelarar tolkar dei største rollene, men det er også om lag 150 lokale amatørar med i spelet, som dei siste åra har vore spela i eit amfiteater med plass til 5000 tilskodarar.

Etter europareisa ville Gullvåg berre vere forfattar, men han laut skøyte på økonomien med foredragsferder – til dess romanen Det byrja ei jonsoknatt (1937) kom ut på tysk 1939 i eit førsteopplag på 20 000 eksemplar og nye opplag til over 250 000 i 1942. Boka var første bandet i ein historisk serie med underhaldningsromanar på 9 band (1937–59). Med tysk utgiving som motor vart fleire av dei tidlege banda omsette til ulike språk.

Stoffet i romanane er frå norsk historie på 1700- og 1800-talet. Hovudpersonane er bygdefolk og småkårsfolk, ofte i konfrontasjon med det danske embetsverket før 1814. Dette gir dei sjølvsagt eit nasjonalt preg, men utan at dei har nokon nasjonalistisk brodd. Personane er meir prega av handling og strid for levemåten enn av tanke og resonnement. Kjærleikslivet er sentralt og spennande, ikkje minst i det første bandet. Romanserien er svært vellukka som underhaldningslitteratur.

Nasjonalhistoriske miljø og motiv var utan tvil medverkande til den framgangen dei første romanane i serien hadde i Tyskland under andre verdskrigen. Men det er ingen grunn til å tilskrive Gullvåg interesse for nasjonalsosialismen. Når han var den første norske forfattaren som tok kontakt med Hamsun etter krigen, var nok det uttrykk for kor høgt han sette den store diktaren.

Gullvåg gav ut eit par romanar til og ein heil del diktsamlingar. Han skreiv også ein god del skodespel av ulikt slag, både farsar og komediar for amatørteater og nokre stykke tenkte for institusjonsteatret. Det historiske skodespelet Den lange natti vart oppført både i Oslo (1924) og Bergen (1929).

    Romanar

  • Kaptein Skugge. Fantastisk forteljing um krigen millom Russland og Noreg i 1950 (under pseudonymet Johan Visionary), Orkdal 1911
  • Den gule marquis. Ei soga fraa storkrigen 1915 (under pseudonymet Kaare Gullveng), Risør 1915
  • Antaios, Risør 1916
  • Jarnbyrd (under pseudonymet Kaare Gullveng), Bergen 1922
  • Hav-ørna. Etter gamle paper (under pseudonymet Kaare Gullveng), Bergen 1925
  • Det byrja ei jonsoknatt, 1937
  • Kongens nåde, 1939
  • Halvmåneblåsaren, 1941
  • Sigerhuva, 1945
  • Drivtømmer, 1947
  • Ariadne, 1949
  • Brattøra, 1951
  • Her hender det ingenting, 1953
  • Det bortkomne manuskriptet, 1955
  • Lagnads-natta, 1956
  • Levi Lenning og hans hus, 1959

    Skodespel (eit utval)

  • Rabies politica, eller Politisk galenskap. Skjemtespel i tri vendingar (under pseudonymet Rabelais), Skien 1914
  • Ordet. Drama i fem vendingar, Risør 1917
  • Haaløygabrand. Sogespel i fem vendingar, Risør 1919
  • Jammerdalen. Komedie i 4 vendingar, Bergen 1922
  • Fanitullen. Dramatisk dikt. Fire akter og etterspel, Bergen 1926
  • Natterast på Sul. Sogespel i tre vendingar, Hvalstad 1952 (framført under tittelen Føre slaget 1954–59, Stiklestad 1960–69, Spelet om Heilag Olav frå 1970)

    Dikt

  • Song i storm, Risør 1918
  • Paa tvomannhand, Bergen 1924
  • På viddene, 1934
  • Bak blånane, 1942
  • Villvin, 1946
  • Strandhogg i æteren, 1949
  • Skrift i sand, 1960

    Anna

  • Heimferd. Festkantate til olsok 1930 (musikk: Ludvig Irgens-Jensen), Oslo 1930
  • Menneske og helgen: Olav Haraldson, 1946
  • tekst til A. Eggen: Kong Olav (oratorium for soli, kor, guttekor, orkester og orgel), 1934

    Etterlatne papir

  • Ei samling av Gullvåg sin korrespondanse, utkast til skriftlege arbeid, fotografi, slektsnotater m.m. for perioden 1914–61 finst i Gunnerusbiblioteket, UBiT
  • A. Aure: “Olav Gullvaag”, i Ung-Norig nr. 1/1918, s. 1–5
  • O. Sletto: “Olav Gullvaag”, i Ung Noreg nr. 1/1936, s. 2–11
  • O. Hougen: “Bladmannen Olav Gullvaag”, ibid., s. 13–15
  • A. Øverås: “Olav Gullvåg”, i SogS 1942, s. 3–16 og 76–92
  • L. Aas: “Olav Gullvåg”, i L. Aas: Trønderne i moderne norsk diktning, 1942, s. 189–201

    Kunstnarlege portrett

  • Maleri av Johan Bechen, 1918; p.e
  • Maleri av T. T. Heine, 1941; tapt