Journalist, publisist og politisk agitator. Foreldre: Lensmann og gardbrukar Amund Olsen Fjørtoft (1809–95) og Anne Olsdatter Helland (1814–98). Ugift.

Olaus Johannes Fjørtoft var den mest radikale publisisten og politiske agitatoren i Christiania i første delen av 1870-åra. Hans brennande matematisk-logiske argumentasjon og intense veremåte fengde sterkt mellom radikale ungdommar i det akademiske miljøet rundt og i Studentersamfundet. Når desse ungdommane seinare kom i politiske posisjonar, gløymde dei ikkje dei radikale ideane som læremeisteren hadde sådd i avgjerande ungdomsår i Tigerstaden. Det var sentrale idear om norsk språkutvikling, religion og politiske merkesaker, som dei seinare sette på dagsorden i sine maktposisjonar i partiet Venstre.

Fjørtoft voks opp på garden Hardhaugvik på Flemsøy i Haram. Faren, Amund Fjørtoft (eller Fjærtoft som han skreiv seg), hadde vore omgangsskulelærar før han vart lensmann og ville at sonen skulle nå lenger enn han sjølv; helst burde Olaus Johannes bli prest! I så måte vart han særleg såra og vonbroten over det sonen etter kvart stod for. Mora Anne var på mange vis ulik mannen. Ho og ein yngre bror forsvarte han alltid mot usaklege åtak og slo aldri handa av han.

Olaus Johannes Fjørtoft gjekk på Borgerskolen i Ålesund 1859–61 og deretter på Molde Lærde og Realskole 1861–66, men han måtte slutte båe stadene fordi han rauk uklår med leiinga på grunn av sine radikale meiningar. Medan han var i Ålesund, var han som 14-åring medforfattar av ei lærebok i praktisk rekning, noko som tidleg syner hans store interesse for matematikk. I Molde skal rektor ha peikt på Fjørtoft og sagt: “Der går et menneske sin fortapelse i møte.” Om den lærde skulen i Molde sa Bjørnstjerne Bjørnson: “Vi måtte gå der. Jeg gikk der også, men læste Snorre.” Fjørtoft gjekk der, men las matematikk og Vinjes blad Dølen.

Fjørtoft reiste til Christiania og byrja på Heltbergs studentfabrikk. Han var hjelpelærar i matematikk samstundes som han las til examen artium, som han til slutt greidde 1869. Det var særleg latinen som baud han imot og som han seinare stridde for å få bort, fordi han meinte språket skapte eit kunstig skilje mellom embetsstanden og folk flest.

Seinare livnærte han seg ved å vere privatlærar i matematikk og astronomi for studentar til andreeksamen ved universitetet. Det blir fortalt at han ikkje tok noka fast betaling av elevane, men at kvar gav etter evne. Store og små pengesetlar og myntar stakk han berre ned i frakkelomma, som det var hol i. Når han så trefte ein fattig student som trong pengar, stakk han berre neven ned i frakkefôret og gav innhaldet til studenten utan å sjå på verdien. Til ein som var ringt kledd i kulda, kunne han endåtil gi frå seg frakken. Det blir fortalt at han gjekk sjølv så dårleg kledd at han heldt på å bli stengd ute frå både universitetet og Studentersamfundet. Kosten var jamt over kaffi og smørbrød på stamkafeen, som var Café National ved Youngstorget. Dette tærte på helsa, som aldri hadde vore heilt god. Arne Garborg tek dette miljøet på kornet i Bondestudentar (1883), der Fjørtoft blir kalla Fram, etter bladet som han og krinsen rundt han gav ut 1871–74. Eit anna blad, som same miljøet stod bak, kom ut like før Fram. Det heitte Tiraljøren. Blade oplæste og angrebne i Studentersamfundet, og kom i bokform 1871.

Fjørtoft arbeidde for at matematikken skulle bli ein del av kvardagslivet til folk flest, ein slags folkevitskap. På det viset ville matematikken styre arbeids- og samfunnslivet, slik at ein kunne ta betre og meir rettvise avgjerder. Som svar på ei svensk prisoppgåve skreiv han ei avhandling om dette, som fekk svært rosande omtale. Året før han døydde, fekk han òg gitt ut to band av eit større rekneverk, Lærebog i Praktisk Regning efter det nye Mynt-, Maal- og Vægtsystem (1877). Dette rekneverket var ei stor pedagogisk nyvinning for si tid. Såleis understreka Axel Andersen nokre år seinare at han i rekneboka si i stor monn byggjer på Fjørtofts verk.

Som annan nasjonal-demokratisk ungdom i samtida var Fjørtoft sterkt påverka av Christopher Bruun og folkehøgskuleideologien. For Fjørtoft – som for Bruun – var den personlege tileigninga av stoffet og stimuleringa til individuell tankeverksemd det primære i all oppseding. Dette er sjølve kjernen i Fjørtofts pedagogiske syn, som han så framifrå praktiserte som timelærar i matematikk. Han meinte at prestane hadde altfor stor innverknad på allmennskulen ved å halde på ei stivna kristendomsopplæring med grunnlag i Pontoppidans forklaring. Han poengterte og at kristendomsopplæringa måtte bli konfesjonslaus og at alle trusretningar måtte samlast om det sentrale i kristendommen, som er det som Jesus sjølv lærte og talte. Han meinte at prestane og dei konservative brukte statskyrkja til å sementere den politiske stoda i landet, ved å vise til at allmugen skulle vere audmjuk overfor kongen og embetsmennene, og at dei medvite brukte dette i agitasjonen mot radikale politikarar og republikanarar. “For kan dei faa dæ te at dei utover Lande kunde faa Bonden te aa tru, at Framstegsmennene e Fritenkjara, so e spele vunni,” hevda han.

Dei særnorske og dei kosmopolitiske ideane er ikkje motpolar, men utfyller kvarandre, meinte Fjørtoft. Alle nasjonar har noko særeige i språk og levevis som dei må utvikle. Målsaka er ei slik sak for Noreg, og målmennene er den gruppa som kan stri fram andre demokratiske tiltak, som t.d. republikken eller “Fristaten”, som Fjørtoft kalla denne. Med norsk mål forstod Fjørtoft det språket som den store hopen i byane og folket i bygdene talar. Han var ortofonist og ville byggje skriftspråket på daglegtalen i bygd og by. Han meinte at “maale skal skrivast som de vert snakka”. Han stod såleis mot puristane, dei som gjekk fullt og heilt inn for Aasen-normalen, som han meinte var altfor arkaisk og derfor lite eigna til eitt felles normalspråk for heile Noreg. Han gjorde narr av dei og skreiv: “- aa høyra ein mann seia hestarne det vil eg seta i breidd med aa høyra ein skulemeistar lesa mig paa dansk.”

Fjørtoft prøvde å vinne Søren Jaabæk og bondevennene for målsaka ved å sende ut ein lengre pamflett (1871) med nemninga Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn, der han argumenterte for sitt språksyn, men utan å få nokon særleg respons. Fjørtoft hevda her med stor styrke at det viktigaste området for målreisinga er allmugeskulen. Han meinte at det ville vere store pedagogisk-metodiske føremoner med å ta i bruk dialekten i den første lese- og skriveopplæringa. Den allmenne folkeopplysninga ville stige om borna fekk ta heimemålet i bruk i skulen. Då ville dei lære på ein meir personleg måte og såleis skjøne mykje meir. For Fjørtoft var alle dialektar i Noreg likeverdige, og han er såleis på line med ivrige tilhengarar av dialektbruk i vår tid. Han skjøna at skal målstrevet nå fram, må viktige element i bydialektane med, eller som han sa, med adresse til dei språkleg konservative bergensmålmennene: “Dei fær lye meir ette Bryggesjauaren.”

På grunn av språksynet vart Fjørtoft og H. J. Horst, ein nær medarbeidar i Fram-krinsen, 1872 kasta frå styret i Det Norske Samlaget, der Hagbard E. Berner som formann stilte som vilkår at Fjørtoft måtte gå. Inn i styret kom i staden Elias Blix og Hans Ross, begge tilhengarar av ein fast landsmålsnormal. Berner skreiv etter dette til puristen Henrik Krohn i Bergen: “Gud vere lov at eg no er vortet kvit Framkarlane.”

Fjørtoft kom etter kvart til å sjå løysinga av arbeidarspørsmålet som den viktigaste oppgåva i samtida. Han meinte at alle sosiale lag, ikkje minst den store hopen av arbeidarar, måtte vere med og avgjere den indre utviklinga i staten. 1871 trykte han derfor lovene for Internasjonalen i bladet sitt, Fram. Det var det første bladet i Noreg som gjorde dette og det syner hans gode internasjonale orientering.

I åra 1872–74 vart Fjørtoft meir radikal. Han kom med i den sosialistiske agitasjonen leidd av den danske salmakarsveinen Marius Jantzen, den svenske snikkarsveinen J. O. Ljungdal og den norske snikkarsveinen Hagen. Han tok del i det andre sosialistmøtet (1874) på Tjuvholmen og meldte seg inn i den nyskipa Norske Arbeideres Forening. I Gunnar Heibergs skodespel Tante Ulrikke (1884) er møtet på Tjuvholmen skildra, med Fjørtoft som modell for rollefiguren “student Fredriksen”. Fjørtoft er elles modell for hovudpersonen Olav Toft i romanen Paa Forpost (1892) av Kristofer Kristofersen.

Med sin kritiske natur kunne Fjørtoft ikkje slutte seg fullt ut til nokon “-isme”, verken den politiske liberalismen eller den ekstreme sosialismen. Fjørtoft var i det heile ein antiautoritær og kritisk individualist. Han forlet Johan Sverdrup og dei liberale politikarane, fordi dei ikkje gjekk fort nok fram med å løyse arbeidarproblemet, m.a. allmenn røysterett for alle. Hos sosialistane fann han at reformkrava var sterkare understreka og ein større vilje til å setje dei ut i live. Til slutt enda han opp i eit uavhengig sosialdemokratisk syn på politikken. Ser ein på kristendomssynet hans, kritikken av prestane og dei kyrkjelege dogmene og av kapitalismen, er det mykje hos han som minner om kristensosialistane i vår tid.

Opposisjonshugen hans vart med åra reindyrka. I alle viktige politiske og kulturelle saker vart Fjørtoft ein frenetisk motstandar av det gamle, autoritære regimet. I samtida var han ei personifisering av dei nye alleuropeiske frigjeringstankane som sprengde seg fram på mest alle område av samfunnslivet. Derfor var han òg ei skyteskive for veletablerte tilhengarar av det autoritetsbundne og embetsmannsdominerte samfunnet i Noreg i 1870-åra.

På grunn av engasjementet i sosialistrørsla og fordi han ville ta opp aktuelle saker i laget, vart Fjørtoft ekskludert frå Christiania Arbeidersamfund 1873. Dette hadde som ein sideverknad at han ikkje fekk tilgjenge til den rimelege og gode restauranten der. Han vart då endå meir underernært og utsett for sjukdom, eit lett bytte for forkjøling og lungebetennelse, som gjekk over til tæring med døden til følgje. Berre vennen Oskar Norman Eng, seinare distriktslege i Volda, vitja han på Rikshospitalet då han låg på det siste. Det var etter måten stort frammøte ved gravferda, der redaktør Ola Thommessen la ned krans frå venner og sa: “Ingen ung Mand med aandelige Interesser har staaet Fjørtoft nær, uden han skylder denne rige, eiendommelige Natur nogle af sine dybeste Indtryk.” Det vart skrive fleire minnedikt over Fjørtoft, mellom andre av Jacob B. Bull, i tillegg til fleire nekrologar.

For dei konservative besteborgarane i samtida var Olaus Johannes Fjørtoft ein raud klut, ein samfunnsstormar, ja, beint fram ein raring som dei gjorde narr av, som når redaktør Christian Friele i Morgenbladet skreiv om “En viss Fjær- eller Fjørtoft”. Hans måte å argumentere på og hans strenge, matematiske debattlogikk støytte mange bort, etter kvart også ein del som sympatiserte med han, slik at han døydde nesten vennelaus. Han døydde ung, berre 31 år gammal, men trass i eit kort liv makta han å setje varige spor etter seg innan kultur og politikk. Såleis var han med på å forme den nye nasjonen som voks fram sist på 1800-talet og inn i det nye hundreåret med 1905 og den nye arbeidsdagen for eit sjølvstendig Noreg.

  • Bibliografi i B. Risnes: Olaus J. Fjørtoft (sjå nedanfor, Kjelder og litteratur), s. 194–198
  • Praktisk Regnebog for dem, der mangle Skolegang (sm.m. H. Roal), Ålesund 1861
  • Folkelesna, 3 delar, 1871
  • Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn, 1871
  • Tiraljøren. Blade oplæste og angrebne i Studentersamfundet (red.), 1871
  • Fram. Eitt Vikebla før Maalmenn og Bondevenne (red.), 1871–74
  • Lærebog i Praktisk Regning efter det nye Mynt-, Maal- og Vægtsystem, 2 bd., 1877

    Etterletne papir i slektas eige

  • Mit Levned, skulestil, dekkjer åra fram til 1864
  • Idunseplet, handskriven avis frå gymnassamfunnet i Molde
  • stilebøker og notisbøker frå skulegangen i Ålesund og Molde m.v
  • Fjørtofts eigne skrifter (sjå ovanfor)
  • biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft. Eit stutt utsyn av livssoga og livsverket hans, Ålesund 1919 (ny utg. Kristiania 1921)
  • A. H. Winsnes: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • J. Mykletun: Fram. Skrifter i utval, Bergen 1972
  • S. Ugelvik Larsen: Olaus Johannes Fjørtoft, Bergen 1975
  • B. Risnes: Olaus J. Fjørtoft. Biografi og tekstar, 1985

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning av Mathias Skeibrok, 1870-åra
  • Gravminne (relieff) frå 1930, etter initiativ av Anton Flem; Vår Frelsers gravlund, Oslo
  • Bautastein (same relieff som gravstøtta), avduka 1975; på Nogva, Haram

    Fotografiske portrett

  • Portrett (Fjørtoft som ung mann) av ukjend fotograf, u.å.; NBO