Prest, lokalhistorikar og hagebruksmann. Foreldre: Lærar og stortingsmann Jørgen Olafsen (1817–93; sjå NBL1, bd. 10) og Aase Johnsdatter Hogsvold (1820–91). Gift 18.10.1877 med Karoline Ludovica Augusta Mohr (20.2.1847–3.7.1912), dotter til sokneprest Jacob Andreas Mohr (1813–84) og Wilhelmine Fredrikke Søegaard (1814–57). Bror til Arnet Olafsen (1865–1947).

Olaf Olafsen var prest i meir enn 35 år, men er meir kjend som lokalhistorikar. Han gjorde også ein vesentleg innsats innanfor hagebruk.

Olafsen voks opp i Romsdalen, dit familien flytta da han var eitt år gammal. Han tok eksamen ved Klæbu seminar 1864, gjekk seinare på Heltbergs og Gjertsens latinskolar i Christiania og vart student 1868. Han studerte teologi og vart cand.theol. 1873. Etter studietida reiste han ei kort tid som emissær for Lutherstiftelsen, og hausten 1874 oppretta han ein privat folkehøgskole på garden Sandnes i Veøy og var styrar for den til han 1876 vart styrar for Amtsskolen for Nordmøre i Tingvoll. 1877 vart han utnemnd til sokneprest i Eid og Vold i Romsdalen. Her var han fram til 1883, da han vart sokneprest på Byneset ved Trondheim. 1889 flytta han som sokneprest til Ullensvang i Hardanger, og her virka han fram til 1913, da han gjekk av med pensjon. Olafsen var sett på som ein flink prest. Som teolog var han konservativ, men vart med åra meir frisinna.

Olafsen var svært interessert i hagebruk, og han gjorde prestegarden i Ullensvang til eit sentrum for hagebruk i Hardanger, spesielt fruktavl. Frukthagen her var den største på nokon prestegard i landet og omfatta ei tid rundt 1200 frukttre. Fleire fruktslag som tidlegare var ukjende eller lite kjende, vart frå denne hagen spreidde utover Hardanger. For denne verksemda fekk Olafsen mange premiar og diplom. 1899 stifta han og kona eit legat til “Havebrukets Fremme” i Ullensvang.

Men best kjend vart kanskje Olafsen som historikar og forfattar. Den første tida dreiv han mest med omsetjing av oppbyggjelege skrifter og deltok flittig i diskusjonen av kyrkjelege og teologiske spørsmål. Men han var frå tidleg ungdom sterkt historisk interessert, og denne interessa fekk god næring da han kom til Hardanger. Først var det kulturhistoria omkring hagebruk og fruktavl som opptok han. Men så tok han til å gi ut ei lang rekkje med bygdebøker. 1907 kom Ullensvang, og i 1920-åra følgde Kvam i fortid og nutid, Granvin i fortid og nutid, Ulvik i fortid og nutid og Veøy. Alt var grunnlagt på systematiske kjeldestudier som han sjølv gjorde. Og han skreiv i ei populær form. Han gav også ut andre historiske skrifter, som I gamle Dage. Fortællinger og Skildringer fra Hardanger og jubileumsskriftet Ullensvangs kommunale Historie.

1908 stifta han Hardanger Historielag, der han var formann fram til 1913 og æresmedlem frå 1916. Han styrte tidsskriftet Hardanger og kjeldeskriftserien Hardanger Samlinger fram til 1926. Til å støtte og fremme studiet av Hardangers fortid stifta han 1913 legatet “Fru Karoline Olafsens Minde”. Til dette gav han 4000 kroner.

Under førebuingane til Ullensvang-boka fann Olafsen mykje nytt stoff omkring spørsmålet om eigedomsretten til Hardangervidda. På bakgrunn av dette vart han for Hardangers vedkomande konsulent for Høgfjellskommisjonen, og i åra 1909–14 gav han ut ei rekkje avhandlingar og dokumentsamlingar om dette temaet. Han gav også ut fleire bøker av meir allmenn kulturhistorisk interesse, slike som Myrmalmsmelting i Norge i ældre Tid, Norske slægtsnavne og Norsk prestegårdsliv. Dessutan skreiv han mange artiklar med historiske tema i ymse tidsskrift. Til det historiske arbeidet sitt fekk han statsstøtte i åra 1917–24. Memoarboka Mit liv gjenoplevet i mindet vart utgitt av O. Kolsrud 1947.

Olafsen hadde ei stor boksamling, mest om norsk historie og teologi. Han hadde òg ei samling av antikke møblar, sølvsaker, messing m.m. Og han reiste mykje, både i Noreg og i Europa.

Som pensjonist budde Olaf Olafsen på Voss. Han døydde i Bergen etter ein augeoperasjon 1932 og vart gravlagd i Ullensvang.

  • Bibliografi finst i K. Haukaas: Olaf Olafsen, 3. september 1843–8. februar 1932. Sokneprest Olaf Olafsens forfatterskap, 1947

    Eit utval

  • Red. Læsning for Folket (sm.m. G. Harbitz), 3 bd., Molde 1876–78
  • Skottetoget efter Folkesagnet og Historien, Molde 1877
  • Den hellige Skrifts Historie. En populær-videnskabelig Fremstilling af den hellige Skrifts Tilblivelse, Indhold m.m., 1899
  • Havebrugets og frugtavlens udvikling i Hardanger. En historisk fremstilling, 1900
  • Ullensvang. En historisk-topografisk-statistisk Beskrivelse af Ullensvangs Herred, Bergen 1907
  • I gamle Dage. Fortællinger og Skildringer fra Hardanger, Bergen 1908
  • Om eiendomsretten til Hardangervidden. En retshistorisk undersøgelse, 1909
  • Jordfællesskab og sameie. En historisk undersøgelse, 1914
  • Ullensvangs kommunale Historie. Et Minde- og Jubilæumsskrift, Odda 1914
  • Myrmalmsmeltning i Norge i ældre tid, Risør 1916
  • Kvam i fortid og nutid, Norheimsund 1921
  • Norske slægstnavne. Deres oprindelse og historiske udvikling, Risør 1922
  • Granvin i fortid og nutid. En bygdebok, Norheimsund 1923
  • Ulvik i fortid og nutid. En bygdebok, 2 bd., Norheimsund 1925
  • Veøy i fortid og nutid. En historisk-topografisk beskrivelse, Norheimsund 1926
  • Norsk prestegårdsliv. Kulturhistoriske skildringer fra våre prestegårde, Bergen 1927
  • Mit liv gjenoplevet i mindet, utg. ved O. Kolsrud og S. Kolsrud, 1947
  • Stud. 1868, 1893, 1918
  • NFL, bd. 4, 1896
  • HEH 1930
  • E. Jansen: biografi i NBL1, bd. 10, 1949