Forleggjar og bokhandlar. Foreldre: Husmann Antuns Arneson Husebø (f. 1830) og Kristi Olavsdotter (1829–64). Gift 12.11.1887 med Ingeborg Skjeggstad (f. 9.5.1861), dotter til lærar Lars Skjeggstad (f. 1831) og Berit Andersdotter (f. 1827).

Olaf Huseby var utgjevar og forleggjar, fyrst i Kristiania, seinare i Amerika.

Huseby var eldst av fem sysken og voks opp hjå farforeldra, skulehaldar Arne Frekaland og Brita fødd Husabø, men han hadde god kontakt med foreldra og syskena, som budde på ein husmannsplass under same garden.

Etter allmugeskulen gjekk vegen vinteren 1871–72 til Sogndal Folkehøgskole, der presten Jakob Sverdrup, seinare kyrkjestatsråd, var lærar. Året etter byrja han på lærarskulen på Stord og avla lærarprøva våren 1875. Her møtte han målmannen, venstrepolitikaren og fråhaldsmannen Sven Aarrestad.

1876–79 var Huseby lærar ved privatskulen Brevig Borgerskole, men i desse åra var han også verksam på andre område, som bibliotekar i bybiblioteket og som skribent i den nystarta radikale avisa Breviks Avis. Det siste skapte bekymring i skulekommisjonen. Då kommisjonen våren 1878 skulle tilsetja andrelærar, gjekk fleirtalet imot å tilsetja Huseby. Dermed gjorde Huseby sitt val: Mai 1879 sa han opp stillinga si og reiste til hovudstaden. Han ville bli forleggjar.

I Kristiania arbeidde Huseby to år hjå bokhandlar Albert Cammermeyer. I denne tida vart han kjend med målgranskaren Hans Ross og trønderen Olaf Olsen Norli, som begge skulle få mykje å seia for Huseby seinare. Men Huseby ville ut i verda og læra meir om forleggjarfaget. 1881 reiste han til bok- og litteraturbyen Leipzig, der han studerte ved Deutschen Buchhandlerschule på kveldstid og arbeidde i forlaget Principalen om dagen. Han gjorde også ei ferd til Berlin og til Storbritannia. Desember 1883 var han attende og starta saman med Olaf Norli “den fyrste venstrebokhandelen i hovudstaden” – Olaf Huseby & Olaf Olsen, boghandel.

Samarbeidet gjekk ikkje knirkefritt, og etter to år reiste Norli til Paris for å læra meir. 1885 gjekk forretningsmannen Johan Sørensen med ny kapital inn i Norlis stad, og bedrifta tok namnet Huseby & Co. 1887 flytta Huseby verksemda fra Karl Johans gate 39 til Storgata 17, der han dreiv til Norli kom attende 1890 og overtok. Huseby heldt fram med eiga forlagsverksemd til han utvandra 1903.

“Venstrebokhandelen” på Karl Johan gav ut fleire kontroversielle bøker, m.a. Amalie Skrams Constance Ring, Christian Krohgs Albertine – som straks vart beslaglagd – og andreutgåva av Garborgs Bondestudentar (1885). I festskrift til Olaf Norli fortel Huseby: “So hende noko reint uventa. Ein dag i 1884, då Hans Ross og eg åt middag på Hotell Royal, vart me sitjande attmed trelastgrosseraren Johan Sørensen. Me kom i prat og kom til å tala um 'Bondestudentar' av Arne Garborg. Me fortalde kva Garborg vilde med den boki, um bondeguten Daniel Braut og so burtetter, men at boki var utseld, og at bokhandlar Nygaard i Bergen ikkje vilde våga eit nyt upplag. Sørensen, som var ein eldbrand, slo i bordet og sa, at eg skulde på flygande flekken ganga til Garborg og kjøpa retten til trykkjing. Han vilde låna meg pengane. Eg greidde dette med Garborg same dagen.”

Olaf Huseby ynskte å nå ut til eit breitt lag i folket med kvalitetslitteratur. Dette ville han oppnå gjennom å gje ut billegutgåver etter mønster frå Tyskland og Storbritannia. Saman med Sørensen starta han billegbokserien Bibliothek for De Tusen Hjem, som kom med dei fyrste utgåvene 1887. Sørensen tok sjølv over serien frå 1890 og avslutta med det kompaniskapet med Huseby.

1893 gav Huseby & Co. ut fyrste nummeret av tidsskriftet Kringsjaa, med unitarpresten Hans Tambs Lyche som redaktør. Kringsjaa var eit vindauge mot verda. Utanom norske originalartiklar inneheldt det utdrag av artiklar i utanlandske tidsskrift om dei nyaste straumdraga i åndsliv, vitskap og økonomi. Det var Huseby sjølv som kom på det treffande nye namnet Kringsjaa. Huseby var og interessert i nynorsk skriftmål, og “Huseby-salmeboka” (1893), ei utgåve av Landstads Salmebok med Blix sine nynorsksalmer som eige vedlegg, selde ikkje mindre enn kring 200 000 eksemplar.

Då Olaf Huseby utvandra med familien 1903, hadde han sjølv, eller i samarbeid med andre, publisert mellom 300 og 400 titlar. I Amerika ynskte han gjennom firmaet Olaf Huseby Publishing House i Minneapolis gje ut og spreie 1000 eksemplar av “dei fire store” (Bjørnson, Ibsen, Lie og Kielland) sine samla verk. Vi veit ikkje om han lukkast.

Olaf Husebys publiseringsarbeid i Amerika i åra 1904–35 har ikkje vore gjenstand for systematisk gransking, men vi veit at han etablerte og dreiv publiseringsverksemder fleire stader i statane Minnesota, Illinois og North Dakota. Han ynskte å sikra soga til dei norske innvandrarane, ei slags Landnámabok, og han samla inn mykje personalhistorisk tilfang, som han 1912 prøvde å gje ut noko av i subskripsjonsskriftet Den nye heimen.

Olaf Huseby døydde i småbyen Hillsdale i Michigan, og vart gravlagd på Lakeview Cemetery.

    Eit utval

  • Norsk navnebog, indeholdende omtrent 300 kvinde- og 500 mandsnavne, 1891
  • 1000 norske døbenavne. Med korte forklaringer af deres betydning, 1895
  • Norsken i Amerika, i Symra nr. 40, 1903
  • utg. Vort Nye Hjem (tidsskrift), Bemidji, Minnesota 1905
  • utg. Vor Tid (tidsskrift), Minneapolis 1905–08
  • Blandt Norske paa Nord Dakotas Sletter, i Dagbl. 26.5.1907
  • Vor Hædersgave til gamle Norge i 1914, i Dagbl. 30.6.1907
  • utg. Norsk-Amerikanernes Festskrift 1914, Decorah, Iowa 1914
  • utg. Normannaheimen (tidsskrift), 1905
  • Attersyn og kringsjå. Halv hundrad års minnestubbar, i Olaf Norli. Et festskrift. 1883 – 10. desember – 1933, 1933 (oppattprenta som Attersyn og kringsjå. Et 100 årsminne, 1983)

    Prenta kjelder

  • O. Huseby: “Attersyn og kringsjå” (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • O. Huseby: “Samling av kring 60 prenta brev”, i Sogn og Fjordane, Leikanger 1935–40
  • O. Myre: “En norsk bok- og publisistveteran fyller 80 år”, i Tidens Tegn, 1936
  • C. Brinchmann: “Hans Tambs Lyche”, i NBL1, bd. 8, 1938
  • P. H. Bøthun, R. Lyngvær: Leikanger bygdebok, 2 bd., Leikanger 1965–79
  • H. L. Tveterås: “Johan Sørensen”, i NBL1, bd. 16, 1969
  • d.s.: Olaf Norlis Forlag. 1890–1990, 1990

    Uprenta kjelder

  • Diverse skriftstykke i arkivsamling SFF-93119, Olaf Huseby, i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane