Landbrukslærar, embetsmann og hagebrukskyndig. Foreldre: Gardbrukar Halvor Lund (1851–1930) og Kathrine Lundeby (1859–1946). Gift 1) 11.8.1917 i Brandval med Esther Skaare (16.11.1890–19.3.1945), dotter til gardbrukar Minius Olaf Skaare (1854–1926) og Elise Arneberg (1864–94); 2) 5.5.1956 med Gunhild Margrethe Hannestad (3.10.1905–31.5.1998), dotter til handelsgartnar Ole Christian Hannestad (1867–1960) og Olava Anette Eriksen (1870–1961).

Oddvar Lund vart kalla “ein ruvande leiar” i samband med 75-årsdagen. Det var særleg innsatsen hans innan organisasjonane i landbruket som vart framheva. I samtida var det ingen innanfor norsk gartneri og hagebruk som raga så høgt som han på dette området.

Lund voks opp på gard, og etter å ha gått mellomskule på Hamar starta han på utdanning i gartnaryrket ved Hylla hagebruksskule 1906. Etter nokre år som lærling og gartnar gjekk han Norges landbrukshøgskole 1910–12. Deretter var han i eitt år assistent ved forsøksstasjonen for hagebruk på Berg i Asker og 1913–17 fylkesgartnar for den sørlege delen av Hedmark. Han var lærar ved Statens gartnerskole i Kristiania/Oslo 1918–24 og styrar der 1925–39. For resten av yrkeskarrieren var han i Landbruksdepartementet, først som statskonsulent i hagebruk 1940–43, så byråsjef ved hagebrukskontoret 1943–48 og til slutt på nytt statskonsulent 1948–58. 1933–63 var han dessutan styrar ved Aftenskole for gartnere i Oslo, 1934–58 timelærar ved Vinterlandbruksskolen i Oslo og 1940–58 ved Statens gartnerskole i Oslo. Ved sida av arbeidet som lærar og embetsmann dreiv han 1916–32 eige gardsbruk på Nor i Vinger.

Oddvar Lund hadde også mange tillitsverv: 1920–23 var han redaksjonssekretær for tidsskriftet til Norsk gartnerforening, og 1923–27 var han formann i foreininga. 1925–40 var han med i avsetningsutvalet i Norges bondelag, ei viktig oppgåve i kriseåra for landbruket. 1935–40 var han medlem av landsstyret i Norges bondelag. Lund var med og stifta S/L Landbrukets Emballasjeforretning og Gartnernes Felleskjøp (L.O.G.) 1929, og han var formann der i 34 år. Han må også reknast som stiftar av Gartnerhallen (1930), der var han formann i 10 år, deretter styremedlem i osloavdelinga og 1954–59 ordførar i representantskapet. 1930 stifta han Norges bærlag og var formann fram til 1940. Han var også med på å starte og styre mindre næringsverksemder innan fruktdyrking og -foredling. 1932 fekk han starta Konservesfabrikkenes forening og var formann der i 10 år.

Etter at Lund kom til Landbruksdepartementet 1940, vart det mindre organisasjonsarbeid, kanskje på grunn av krigen, kanskje fordi det vanskeleg let seg kombinere med arbeidet som statleg tenestemann. Om embetsmenn har rett til å delta i samfunnslivet, har alltid vore eit diskusjonstema. På Stortinget vart det reist spørsmål om Lunds arbeidsmåtar. Han tok initiativ til mange saker, kom med utkast, var med på å gå gjennom dei i organisasjonane og var som byråsjef også med på slutthandsaminga. Resultatet av kritikken var at han vart degradert i departementet. Det var sikkert uheldig for næringa, truleg òg for samfunnet generelt. Men både før og etterpå var han med i mange utval og nemnder for departementet, t.d. i byggenemnder for Statens gartnarskular, og 1942–46 var han med i Omsetningsrådet.

For sluttåra som statskonsulent kan framhevast det store arbeidet Lund la ned i standardisering av hagebruksprodukt og emballasje. Han var styremedlem i Norges standardiseringsforbund 1956–62. Han sat i styra for Landbrukets brevskole frå 1947, Norges bondelags folkehøgskole frå 1948 og samvirkeskolen innan Landbrukets sentralforbund. I dette forbundet sat han dessutan i styret i 16 år frå 1945. Han var overdomar ved dei årlege tevlingane som ungdomsgruppa i Norsk gartnerforbund gjennomførte frå 1952, og han hadde leiande posisjonar ved dei mange hagebruksutstillingane som vart arrangert i dei nordiske landa både før og etter verdskrigen.

Oddvar Lund skreiv ein mengd fagartiklar i tidsskrift, særleg i Gartneryrket. Han var forfattar og ein av redaktørane i verket Gartnernæringen i Norge (1935), medarbeidar i Nordisk Illustrert Havebrugsleksikon og medarbeidar og ein av redaktørane for Norsk hagebruksleksikon. Han redigerte òg fleire jubileumsbøker. Lund var riddar av Dannebrogordenen og Finlands Vita Ros, og han hadde Norges bondelags æresmedalje. 1966 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.

  • Om tørkning av grønsaker, bær og frugt i hjemmene, bilag til Norsk havetidende nr. 14/1918
  • Kristiania Gartnerforening gjennom 50 år (sm.m. E. Getz og H. Kobro), 1925
  • red. Gartnernæringen i Norge, 1935
  • Driftslære, 1946
  • Oslo Gartnerforening gjennom 75 år 1875–1950 (sm.m. W. Johansen og H. Kobro), 1950
  • Norsk gartnerforening 1910–1960, 1960
  • red. Norsk hagebruksleksikon (sm.m. K. S. Castberg og A. Thorsrud), 2 bd., 1960–61 (supplementhefte 1966)
  • O. Skard: “Oddvar Lund 70 år”, i Gartneryrket 1958, s. 390–391
  • “En ruvende leder fyller 75 år”, i Gartneryrket 1963, s. 523–524
  • HEH 1973