Faktaboks

Odd Einar Dørum
Fødd
12. oktober 1943, Oslo
Verke
Stortingsrepresentant og statsråd
Familie
Foreldre: Diplomingeniør Odd Emil Werge Dørum (1908–84) og Edith Donner (1905–88). Gift 1968 med rådgivar Randi Gerd Øverland (11.4.1946–), dotter av lege Wilhelm Øverland (1906–84) og Anna Bartnæs (1911–).
Odd Einar Dørum

Foto 1992

Odd Einar Dørum
Av /NTB Scanpix ※.

Odd Einar Dørum har vore kalla Noregs mest gjennomført politiske menneske. Han har levd med partiet Venstre i gode og vonde dagar og lidd mange nederlag, men har alltid kome tilbake. Han har vore aktiv i samfunnspolitisk arbeid på alle nivå – frå aksjonsgrupper og velforeningar til bystyre, storting og regjering. Hans politiske basis er ein slags sosial ryggmargsrefleks i høve til rettferd, men han har også vist at han har grep om politikkens pragmatiske og utøvande sider.

Dørum voks opp i Trondheim i eit stabilt middelklassemiljø, men familien sleit hardt økonomisk fordi farens vesle bedrift gjekk dårleg. Han hadde møtt Dørums mor då han utdanna seg til støyperiingeniør i Tyskland i 1930-åra. Ho var adoptivbarn med jødisk mor og vart utsett for trakassering fordi ho var saman med ein utlending.

Som barn og ungdom var Dørum ein lesehest. Han var ikkje særlig sportsleg av seg, men var med i HV-ungdommen. Seinare vart han militærnektar og sivilarbeidar på “Aksjon inneligger”, som var eit tiltak for alkoholikarar utanom det offentlege sosialapparatet. Slik frivillig verksemd har alltid stått Dørums hjarte nær, både som helse- og sosialfagleg konsulent i Kirkens Bymisjon frå 1986, som leiar av Norges Velforbund (1986–89) og som styreleiar i FRISAM, Frivillighetens samarbeidsorgan (1995–97). Frå 1990 var han i 8 år leiar for KIM, Kontaktutvalet mellom innvandrarar og norske myndigheter.

Sin faglege bakgrunn har Dørum som sosionom frå Sosialskolen i Trondheim (1970), der han også var tilsett som høgskulelektor 1977–82. 1984 og 1986 var han høgskulelektor ved Diakonhjemmets sosialhøgskole i Oslo. Han var særleg oppteken av dei sosiale sidene ved planlegging og byfornying, både som aktivist, lokalpolitikar og fagmann. Han var meir intens og uthaldande i praktiske og resultatorienterte enn i teoretiske og akademiske sider ved prosjekta.

Dørum kom med i Unge Venstre i gymnastida på Trondheim Katedralskole. Han var tiltrekt av Venstres forsøk på å kombinere det liberale og det sosiale, fridom for den enkelte med ansvar for fellesskapet. Det var dilemma han kjende seg heime i frå sin eigen oppvekst. Han vart raskt oppslukt av politiske debattar og fanga av organisatoriske aktivitetar. 1963 var han fylkessekretær i Sør-Trøndelag Venstre i kommunevalkampen. Året etter vart han valt til nestformann i Norges Unge Venstre, men det vervet kom han aldri til å fylle fordi han fekk ein psykisk kollaps. Han kom tilbake som leiar i organisasjonen 1970–72, mens han også var sterkt engasjert i kampen mot norsk EF-medlemskap. I Venstre har han vore leiar i to omgangar, 1982–86 og 1992–96.

Dørum var medlem av bystyret i Trondheim 1967–70 og 1976–79, og han satt i Oslo bystyre 1995–97. Han var stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag 1977–81, valt på ei fellesliste med Kristeleg Folkeparti og Det liberale folkepartiet. Det var då han sette parlamentarisk fartsrekord på talarstolen, med å halda eit 15 minuttars innlegg på halve tida i protest mot at Venstre fekk så lite taletid.

Då Odd Einar Dørum vart valt til Stortinget frå Oslo 1997 og vart utnemnd til samferdselsminister i Kjell Magne Bondeviks sentrumsregjering 17. oktober same år, tok mange det som eit bevis på at både Dørum og Venstre hadde eit liv etter den politiske døden. Etter partikløyvinga 1972 og politiske profilendringar i ulike retningar, hadde Venstre vore gjennom nederlag etter nederlag, og fleire av dei med Dørum i spissen. Særleg forsmedeleg var stortingsvalet 1985, då Venstre fall ut av Stortinget etter 101 år. Partiet hadde ein irrgrøn profil, gjekk til val på samarbeid med Arbeidarpartiet og presenterte Dørum som Gro Harlem Brundtlands “brudgom” i annonser.

Som statsråd demonstrerte Dørum stor arbeidskraft og evne til å halde oversikt. Han viste betydeleg evne til å endre standpunkt utan at det framstod som haldningsløyse. Då han vart flytta til Justisdepartementet i mars 1999, var det som eit av mindretalsregjeringas sterkaste kort. I løpet av hans tid som justisminister vedtok Stortinget å etablere eit politidirektorat. Han gikk av saman med resten av Bondevik-regjeringa våren 2000, men kom attende som justisminister i perioden 2001–05.

Odd Einar Dørum har stått offentleg fram med sine psykiske problem og tidvise angst. Han har også fortalt om korleis han har funne tilbake til si kristne barnetru. Begge delar har han gjort utan å vera privat, men for å dele viktige erfaringar med andre.

Verker

  • Innvandrere og rettssikkerhet. En utredning om problemstillinger knyttet til rettssikkerhet i saker som berører barn, familier, asyl og besøk, 1991
  • Minoritet/majoritet, 1995
  • Tetting av Romeriksporten og grunnvannsbalanse i Østmarka. Beredskapsplan for tilbringersystemet, redegjørelse til Stortinget 16. desember 1997, 1997
  • Med liv og sjel. Memoarer, 1999

Kilder og litteratur

  • Biografi i Nordby, bd. 1, 1985
  • HEH 1994
  • O. E. Dørum: Med liv og sjel, 1999