Lærar, forskar og professor i samisk språkvitskap. Foreldre: Johan Nilsen Jernsletten (1887–1969) og Magga Nilsdatter Vuolab (1914–99). Gift 1962 med lærar Laila Haugevik (1936–), dotter til Trygve Haugevik (1908–98) og Viola Larsson (1915–89).

Nils Jernsletten har lagt grunnen for samisk som fag ved Universitetet i Tromsø og har forska på mange sider ved det samiske språket. Han har òg vore svært aktiv i samepolitisk arbeid og spelt ein sentral rolle i revitaliseringa av den samiske nasjonen.

Jernsletten høyrer til den generasjonen bygdeungdom som fekk høgare utdanning ved først å ta fireårig lærarskole. Han tok lærarprøva ved Tromsø lærarskole 1960. 1962 tok han norsk grunnfag ved lærarhøgskolen i Trondheim. Han følgde opp med samisk mellomfag 1968, 1972 med finsk grunnfag, og 1974 tok han magistergrad i samisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Parallelt med studia var han lærar, 1960–65 ved Tana linjedelte ungdomsskole, og 1968–71 adjunkt i samisk ved Tromsø lærarskole, 1974–90 amanuensis i samisk språk ved Institutt for språk og litteratur ved Universitetet i Tromsø (UiTø), frå 1990 professor same staden.

Nils Jernsletten var den først tilsette i samisk ved UiTø. Inntil 1983 var han jamvel den einaste tilsette, med ansvar for all undervisning og fagleg verksemd. Såleis må han kunne seiast å vere far til faget samisk ved UiTø. Han har dermed gjennom fleire år hatt hovudansvar og delvis eineansvar for oppbygginga av eit fundamentalt universitetsfag i ein nasjons liv, nemleg morsmålsfaget.

Jernsletten er same frå Tana. Han blei fødd inn i eit samfunn sterkt prega av fornorsking og har gjennomlevd kulmineringa av fornorskinga av det samiske samfunnet og den påfølgjande revitaliseringa og oppbygginga av det som må kunne kallast ein samisk nasjon. Han har sjølv vore ein sentral person i denne revitaliseringsprosessen. Han har vore samepolitisk aktiv frå 1960-åra av, 1965–73 som formann i Norges seksjon av Nordisk Sameråd, 1969–71 som formann i Romssa Sámi Searvi – Tromsø sameforening.

Han har gjennom mange år sete i ei rekkje viktige utval: 1965–68 var han medlem av Folkeskolerådet under Kyrkje- og undervisningsdepartementet, 1972–73 medlem av ein komité til å greie ut spørsmålet om samisk lærarutdanning og 1974–75 medlem av ein komité til å greie ut spørsmålet om vidaregåande opplæring for samar (NOU 1975:37). Han var medlem av Samerettsutvalet 1982–97, prosjektansvarleg for NAVFs forskingsprosjekt Stadnamn i trespråklege område, Troms–Finnmark 1984–86, og i same toårsperiode medlem av styringsgruppe i samisk terminologiprosjekt ved Sámi Instituhtta, Kautokeino. Frå 1986 var han prosjektleiar og språkleg ansvarleg for prosjektet Nordsamisk bibelomsetting, 1990–97 styreleiar i Senter for samiske studier ved UiTø og 1994–97 styreleiar i Samisk språkråd. Han har vore representant i Sametinget og var den første leiaren av Samisk kirkeråd.

Vidare har han gjennom mange år halde språkkurs i samisk for radiomedarbeidarar, kyrkje- og rettstolkar, for nordiske universitetsstudentar og mange andre grupper. Han har halde foredrag og kåseri om samiske spørsmål i svært mange ulike samanhengar verda over.

Jernslettens vitskaplege arbeid spenner òg vidt. Magistergradsavhandlinga frå 1974 dreier seg om prosodiske forhold i samisk, i festskriftet til Knut Bergsland skreiv han om intonasjon i samisk. Han har skrive om samisk terminologi og i fleire arbeid om samiske dialektar. Han har òg publisert artiklar om joik og om språksosiale forhold i samiske samfunn.

Nils Jernsletten starta karrieren sin som lærar. Heile det vaksne livet sitt har han arbeidd med skolespørsmål knytt til det samiske samfunnet. For utviklinga av eit samisk skole- og utdanningsystem har han spelt ein sentral rolle gjennom mange år. Jernsletten har dessutan eit sterkt kyrkjeleg engasjement.Han vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden 2005.

    Eit utval

  • Dajahusat (joikepoesi), samla og tilpassa ved N. Jernsletten, ill. av I. Jåks, 1976
  • Om joik og kommunikasjon, i Kultur på karrig jord. Festskrift til Asbjørn Nesheim,1978
  • En undertrykt kultur, i I. Semmingsen (red.): Norges Kulturhistorie, bd. 6, 1981
  • Språket i samiske samfunn, i T. Bull og K. Jetne (red.): Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg, 1982
  • Intonation as a distinctive factor in Saami, i B. Brendemoen, E. Hovdhaugen and O. H. Magga (red.): Riepmočála. Essays in Honor of Knut Bergsland, 1984
  • Eksempel på språkskifte, i T. Bull og A. Fjeldstad (red.): Heiderskrift til Kåre Elstad, 1985
  • Sami Language communities and the conflict between Sami and Norwegian i E. H. Jahr (red.): Language Conflict and Language Planning, Berlin 1993, s. 115–132
  • Álgosátnegirji – Samisk-norsk ordbok, 4. utg., Kárášjohka 1994
  • Tradisjonell samisk fagterminologi, i Festskrift til Ørnulv Vorren, Tromsø 1994
  • Sámi Traditional Terminology. Professional Terms Concerning Salmon, Reindeer and Snow, i H. Gaski (red.): Sami Culture in a New Era, Kárášjohka 1997
  • Litt om språket hos Lars Levi Læstadius, i Ø. Norderval og S. Nesset (red.): Vekkelse og vitenskap. Lars Levi Læstadius 200 år, Tromsø 2000

    Ikkje-publisert materiale

  • Hállangiella. En undersøkelse av prosodiske faktorer i samisk i Tana, upubl. mag.avh., 1974
  • Vuonnasámmi (fjordsamisk), manuskript om varangersamisk, 1989
  • Gákti ráigánii – reddjo manai ráigái, Symposiaraporta II, 1995
  • Davvinsámi suopmanat (Nordsamiske dialekter), dialektkompendium for grunnfag, 1997
  • E. S. Blix: Nesseby- og Polmakslekten, i Samiske samlinger 9, 1967
  • N. Jernsletten: Oversikt over utdanning og relevant praksis (upubl.)
  • N. Jernsletten: Oversikt over de viktigste vitenskapelige og populærvitenskapelige arbeider (upubl.)