Faktaboks

Nils Dahl
Nils Niels Griis Alstrup Dahl
Fødd
14. mars 1778, garden Nedre-Fet i Kvinnherad, Hordaland
Død
4. august 1852, prestegarden i Eivindvik i Gulen, Sogn og Fjordane
Verke
Prest og folkeopplysningsmann
Familie
Foreldre: Premierløytnant, seinare oberstløytnant Johan Koren Dahl (1743–1831) og Else Alstrup (1757–1838). Gift 6.8.1805 med Hylleborg Hertzberg (23.9.1765–22.5.1848), dotter til handelsmann Jens Nielsen Hertzberg og Sophie Kuur.

Nils Griis Alstrup Dahl var ein namngjeten embets- og folkeopplysningsmann i første halvdel av 1800-talet. Innsatsen hans i Eivindvik prestegjeld var eineståande og fekk mykje å seie for folket der både i samtid og i ettertid.

Han voks opp i Kapteinsgarden i Uskedalen som den nest eldste av tolv søsken. Familien eigde store jordeigedomar i Kvinnherad og var velståande. Han gjekk på katedralskolen i Bergen, vart student 1796 og cand.theol. ved universitetet i København 1800.

Dei komande åra var han medhjelpar hos den kjende presten og folkeopplysningsmannen Niels Hertzberg i Kvinnherad. Desse åra fekk sikkert mykje å seie for hans eiga utvikling og seinare verksemd. 1804 vart han tilsett som kapellan i Eivindvik prestegjeld og 1807 som sokneprest. Frå 1823 til 1847 var han også prost i Ytre Sogn prosti.

Jordbruket var ei hjartesak. For å syne bøndene godt jordbruk dyrka han på eigen kostnad opp den usle prestegarden til eit mønsterbruk som det var vanskeleg å finne maken til. Biskop J. Neumann meinte Dahl hadde “trodset Naturen” med dyrkningsarbeidet sitt. Samstundes leia han truleg det beste jordskiftearbeidet på Vestlandet på den tid. Frå 1817 til 1840 vart om lag 200 bruk skifta ut or teigblandinga. Dermed hadde kvar bonde i Eivindvik hovedsokn, og nokre utanom, fått bruket sitt samla, og på Dahl si oppmoding gjekk dei i gang med dyrkningsarbeid, sette opp steingjerder kring bruka og flytte hus frå klyngjetunet. Snart var avlinga dobla på mange bruk. Han fekk også bøndene til å ta i bruk ein meir vedlikehaldsfri byggjeskikk der gråstein vart nytta til uthus og til grunnmurar.

Allmugeskulen var ei anna hjartesak. Han satsa på gode lærarar som han lærte opp sjølv i prestegarden der dei hadde gratis opphald. Ein og annan kosta han også på vidareutdanning. 1820 kunne prost Normann melde at “I intet af de andre Præstegjeld (i Sogn) haves så gode Skoleholdere som i Eivindvig”. Dahl oppretta to faste skular alt 1825. Det var mange år før det var vanleg med faste skular i landdistrikta. 1829 skipa han folkeboksamling. Han var også interessert i historie, og skreiv fleire artiklar om historiske emne, m.a. om dei to steinkrossene ved kyrkja i Eivindvik.

Det må også nemnast at han frå 1806 til 1808 eigenhendig vaksinerte dei om lag 3500 innbyggjarane i prestegjeldet mot koppar. Det var eit stort arbeid som gav godt resultat, for då det nokre år seinare braut ut koppeepidemi i området, gjekk Eivindvik prestegjeld mest fri. Berre to menneske vart lettare angrepne. På Dahl sitt initiativ vart det også tilsett jordmor i distriktet 1828.

I alt dette arbeidet forsømde han på ingen måte presteoppgåvene i det vidstrakte prestegjeldet. Han var ein god åndeleg far, heldt oppbyggjande preiker og var ein framifrå kateket.

Hausten 1814 representerte han Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) på Stortinget. Der utmerka han seg som den einaste representanten frå landdistrikta som stemte mot union med Sverige. Han var også på Stortinget 1827, 1828 og 1830. Frå 1837 til 1847 var han ordførar i Gulen, og han var ein skatta forlikskommissær.

For den store innsatsen i Eivindvik prestegjeld vart han tildelt Borgerdådsmedaljen 1825 og vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab 1829.

Dahl brukte heile formuen sin på gagnlege tiltak i prestegjeldet, og han gjorde det med glede. Han hadde kjent seg heime der frå første stund og visste snart med seg sjølv at der ville han bli, og bruke livet sitt til beste for folket. Han og kona levde enkelt i prestegarden. Dei hadde ikkje born sjølve, men hadde fleire til oppfostring. Dei siste ti leveåra hans var prega av sjukdom, og mykje tyder på at dei mange og store oppgåvene hadde knekt helsa. Han døydde i prestegarden og er gravlagd ved Gulen kyrkje i Eivindvik. I diktet Eivindvig (1833) sette Henrik Wergeland eit vakkert minne over Dahl:

“Brød af Steen og Aand af Strile Dahl i Eivindvigen tvang”, men ein kan ikkje vete sikkert om “strilane” var udelt nøgde med “andeleggjeringa”.

Verker

  • Om Beliggenheden af det gamle Gaulom, i DKNVS Skr.,bd. 3, 1829 el. 1830
  • Forsøg paa Besvarelse af Spørgsmaalet: Hvor blev Gulathingsloven given og hvor har Gulathing staaet?, i Budstikken,bd. 5, 1824

    Ikkje publisert materiale

  • Diverse brev i UiB, Manuskriptsamlingen
  • prestearkivet for Eivindvik prestegjeld i SA Bergen
  • ein del brev, arveoppgjer osv. i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kilder og litteratur

  • H. Wergeland: Eivindvig,hyllingsdikt til Dahl, 1833
  • R. Laache: “Om Eivindviks presten Niels Dahl”, i HT,bd. 31, 1937–40
  • I. Kleiva: Gulen i gammal og ny tid,bd. 1, 1973
  • A. Randal: Eivindvigens anden Skaber,h.oppg. UiB, 1995