Bladmann og forleggjar. Foreldre: Landhandlar og gardbrukar Thorbjørn Monsson Litleré (1840–1908) og Anna Johannesdotter Himle (1845–1939). Gift 29.6.1888 med Anna Birgitta Naustdal (26.5.1863–9.6.1895), dotter til gardbrukar Ole Mikael Olsson Naustdal (1818–72) og Iverise Ananiasdotter (1824–1907).

Mons Litleré var ein av pionerane i produksjon og sal av bøker på landsmål (nynorsk) i Noreg på slutten av 1800-talet. Han døydde berre 28 år gammal.

Litleré voks opp i Naustdal i Sunnfjord, der foreldra dreiv landhandel. På eit par folkehøgskulekurs fekk han kjennskap til kulturelle rørsler i samtida og vart framfor alt gripen av interesse for landsmålet, som no gjorde seg alt meir gjeldande i skriftproduksjon på eit vidare felt.

Litt bokproduksjon på landsmål var alt i gang, særleg styrt av Det norske Samlaget. Forsøk på å produsere landsmålsbøker på forretningsmessig grunnlag vart i 1880-åra forsøkt av Olaf Huseby i Kristiania. Det gjekk dårleg, og Huseby skreiv 1885 ein artikkel i avisa Nordtrønderen i Namsos, som vart diskutert mellom målfolket. Den unge Mons Litleré sette seg då føre å prøve det Huseby hadde mislukkast med.

Vestmannalaget hadde forsøkt å selje landsmålsbøker ved omreisande bokseljarar, og Litleré heldt fram med det, for han forstod at skulle det etablerast bokproduksjon på landsmål, måtte det skapast eit publikum. Samstundes etablerte han seg med Norskmålets Bokhandel i Naustdal og tok til å gi ut bøker. Han skaffa løyve av dei kjende forfattarane Bjørnson, Kielland, Lie og Alvilde Prydz til å setje om tekster til landsmål og gav ut to bøker med Forteljingar (m.a. Synnøve Solbakken) 1886. Ei forklaring på at han sette om desse, kan vere ei forståing av at alt kjende forfattarar ville ha større salspotensial.

Den unge bokmannen var engasjert og entusiastisk. Radikale venstrefolk hadde gått i gang med ei avis for Nordre Bergenhus amt (det noverande Sogn og Fjordane) i Bergen, Firda- og Sygnafylkets Avis (seinare Firda), og dei kalla Litleré som redaktør. Han drog til Bergen 1887 for å styre den nye avisa og drive bokproduksjon, frå no som Mons Litlerés forlag. Bokproduksjonen auka frå seks titlar i 1887 til 18 i 1892. Litleré dreiv på i vel 8 år (1886–95) og produserte ca. 115 bøker, av dei var 80 på landsmål, 31 på dansknorsk og nokre få med innslag på begge måla.

Kimen til ein nynorsk litterær institusjon viser seg fort i Litlerés utgivingsprogram, som inneheld bøker av kjende og nye, ukjende forfattarar på landsmål, folkelege bøker i serien Småstubbar åt folket, religiøse bøker som Blix' Nokre salmar og Det Nye Testamentet (i kommisjon) og lærebøker, særleg i morsmål og historie. Omsette bøker høyrde òg med, fleire til dansknorsk, m.a. fordi yngre radikalarar utanom målfolket vart merksame på den driftige forleggjaren og bad om samarbeid. Det kom òg noko originallitteratur på dansknorsk.

Litleré brukte avisa Firda aktivt både som annonse- og kritikkorgan, og han prenta mellom anna fritt bokmeldingar av den sentrale kritikaren Bolette C. Pavels Larsen frå Bergens Tidende. Firda vart rekna for ei radikal og moderne avis. Der skreiv mellom andre Bjørnson og Rasmus Steinsvik. Sentral medarbeidar var ei stund seinare redaksjonssekretær i Bergens Tidende og grunnleggjar av Gula Tidend, Johannes Lavik.

Litleré hadde ingen startkapital, men han fekk litt hjelp av foreldra og velviljug kreditt hos prenteverk i Bergen, særleg J. W. Eide. Likevel vart finansiering eit problem. Han fekk i stand aksjelaget Boklaget, som finansierte nokre større bøker. Og han hadde tankar om å knyte til seg forfattarar på fast løn.

Samarbeid med Arne Garborg vart viktig. Litleré foreslo konkrete artikkelsamlingar ut frå artiklar Garborg hadde hatt om ymse spørsmål. Det var også han som sytte for at Kolbotn-brev vart bearbeidde til bok. Romanen Hos Mama, som var skriven på riksmål, vart omsett på Litlerés initiativ og utgitt samtidig med tittelen Hjaa ho Mor (1890).

1889 etablerte Litleré bokhandel med butikk i Markeveien i Bergen (seinare flytta til Strandgaten). Han vart medlem av Den norske Boghandlerforening 1893, fekk rabattrett og kunne dermed selje allslags bøker. Det gjekk ut over boksalet på bygdene og var truleg medverkande til at talet på bøker på dansknorsk auka relativt dei siste par åra. Det stod likevel fast at fremste målet var å utvikle bokproduksjon på landsmål. Det fekk han ikkje levedagar til. Men pionérarbeidet hans vart ståande som føredøme for seinare nynorsk bokproduksjon.

Mons Litleré døydde av leverkreft våren 1895, berre 28 år gammal. Same året døydde kona hans og etterlet tre små born.

  • Forteljingar. Umskrevne og utgjevne paa norsk, Stavanger 1886
  • Fraa Bygd og By. Forteljingar umskrevne paa Landsmaal, Nordfjordeid 1886

    Etterlatne papir

  • Brev frå Litleré til Bjørnson og Garborg finst i NBO
  • brev frå Litleré til Bolette Pavels Larsen (Ms 790) og brev til Litleré (Ms 1045) finst i UBB
  • O. Huseby: “Hr. Redaktør”, i Nordtrønderen 28.8.1885
  • J. Tvedt: “Mons Litleré”, i SogS 1910, s. 337f.
  • A. Garborg: “Forleggjarvanskar”, i A. Bugge m.fl.: Festskrift til William Nygaard i anledning av hans 25-aars jubilæum som forlagsboghandler 1888 – 20. september – 1913, 1913, s. 204–206
  • A. Vassbotn: “Mons Litleré”, i Ung-Norig nr. 11/1920
  • H. Seland: Aar og Dagar, 1931
  • O. Myre: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • A. A. Lothe: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane, Florø 1950
  • E. Økland: “Mons Litleré. Eit nynorsk undergrunnsforlag”, i Dag og Tid nr. 52/1975
  • I. Stegane: Mons Litlerés forlag. Eit pionertiltak i nynorsk forlagsdrift, 1983
  • d.s.: Det nynorske skriftlivet, 1987
  • Fotografisk portrett utført av Brødr. Larm, Bergen, u.å.; gjengitt i I. Stegane 1983 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)