Bygdemålsdiktar. Foreldre: Sorenskrivar Peder Heiberg (1668–1729) og Anne Michelsdatter Rasch (f. 1678). Gift 19.12.1749 med Elisabeth Smith (1713–78). Systerson til Jacob Rasch (1669–1737); farbror til Christen Heiberg (1737–1801).

Michael Heiberg var revisor ved Silkehuset i København, men er hugsa fordi han skreiv ei kjend og akta bygdemålsvise, Bonden i Brydlaupsgaren.

Visa er også kjend med førstelina som tittel – “I rykandes Ovær aa fykande Vind”. Etter den sikraste tradisjonen skal ho vere skriven 1734 i høve eit bryllaup i Sogndal, der bror til diktaren, Anders P. Heiberg, gifte seg med prestedottera Sophie Christensdotter. Visa er kjend i fleire oppskrifter, den eldste frå 1802. Dei fleste er på sunnhordlandsmål, og det høver med at Heiberg var oppvaksen på Tysnes; det finst òg ein versjon på sognemål. Visa blir høgt vurdert i tradisjonen. Ivar Aasen meinte at ho høyrer til “et Par af de ypperligste Viser, som findes i Landet”, og Didrik Arup Seip heldt henne for “den beste av alle bygdemålsviser før Edvard Storm”.

Visa er bygd over eit motiv som ikkje var ukjent: Ein person har kledt seg ut som ein bonde som kjem til bryllaups hos embetsfolket. Dette gir høve til å karakterisere og kritisere på ein humoristisk og ironisk måte. “Eg”-personen i denne visa kjem inn fjorden i eit rykande uvêr, spring på land og kjem fram til prestegarden, der presten held bryllaup for dotter si. Det er så mykje folk samla at “eg” først trur at det er utskriving til militærteneste og er redd for sjølv å verte utskriven. Men han blir boden øl og beden inn, og så følgjer ei livfull lysteleg skildring av mat og drikke, klededrakt og åtferd blant gjestene. Festen går over til dans “den Natto saa lang”, og så tek karane kvar si “Jænta” med seg til soveromma, medan forteljaren må kome seg unna, “thi Tausene ville meg lokka”.

“… den bonden han [Heiberg] skildrer, kan ved sin blanding av enfoldighet og sund sans undertiden faa en til at mindes Holbergs Jeppe,” skreiv Francis Bull. Vi kjenner ikkje andre litterære arbeid frå Heiberg si hand.

  • Bonden i Brydlaupsgaren, 1734, fyrst trykt i L. Hallager: Norsk Ordsamling, København 1802, seinare i m.a. G. F. Heiberg: Slægten Heiberg, 1907, s. 306–309 (sunnhordlandsversjonen), og i K. Venås: Den fyrste morgonblånen (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), 1990, s. 137–141 (sognemålsversjonen, etter eit handskrift ved Nasjonalbiblioteket i Oslo – Ms 8° 2494)
  • I. Aasen: Prøver af Landsmaalet i Norge, 1853
  • G. F. Heiberg: Slægten Heiberg, 1907 (2. utg. 1942)
  • D. A. Seip: “Gammal bygdemålsliteratur”, i SogS 1917
  • biografi i Ehrencron-Müller, bd. 3, 1926
  • F. Bull: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • K. Venås: “Frå 'Hans myn dreng' til bryllaupsvise av Niels Hertzberg”, i Maal og minne nr. 1–2/1990, s. 55–73
  • d.s.: Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida, 1990