Faktaboks

Matias Orheim
Fødd
26. juli 1884, Eid, Sogn og Fjordane
Død
20. april 1958, Eid
Verke
Lekpredikant og salmediktar
Familie
Foreldre: Bonde og smed Kristian Orheim (1861–1939) og Karen Øygarden (1861–1940). Gift 27.7.1905 med Marie Dumbestein (13.9.1881–20.4.1958), dotter til bonde Lars Iversen Dumbestein (1851–1915) og Ragnhild Jakobsdotter Berge (1851–1925).

Matias Orheim er i ettertid mest kjent som salmediktar. I si samtid var han også kjent som den blinde mannen som i 55 år reiste land og strand rundt som forkynnar og folketalar. Han vitja alle prestegjeld i landet bortsett frå dei seks nordlegaste i Finnmark. At han under møta fekk fram vakre tonar ved å spela på glas han hadde ulikt nivå med vatn i, vekte ikkje så lite oppsikt.

Orheim voks opp på garden Orheim i Stårheim i Nordfjord. Han kom tidleg med i den frilynde ungdomsrørsla, som hadde eit sterkt nasjonalt preg. Den pietistiske kristendomsforma baud han imot. Men under eit pinsestemne som det kristelege ungdomslaget i Stårheim arrangerte 2. pinsedag 1900 med dei to kjende talarane Thormod Rettedal og Ludvig Hope, vart Matias ein kristen. Dagen etter skreiv han salmen Eg fann min Gud i ungdomsår heime i smia. Sjølv om Orheim all sin dag hadde syn for nasjonale verdiar, fekk livet hans ein ny kurs etter omvendinga.

På denne tida begynte han å få problem med synet. Synsnerva var skadd og kunne ikkje lækjast, og 1916, 32 år gamal, miste han gangsynet. Då hadde han alt i mange år reist som forkynnar i Det Vestlandske Indremisjonsforbund, der han vart tilsett 1907 og arbeidde fram til 1921. Før den tid var han forkynnar, fyrst i Nordfjord og Sunnfjord 1903–05, så i Kristiania Indremisjon 1905–07. 1921–44 reiste han som talar for Norges Kristelige Ungdomsforbund. Også etter at han vart pensjonist 1948, reiste han mykje som talar og heldt om lag 400 møte i året.

Då han vart blind, trong han sjølvsagt hjelp av andre når han var ute og reiste. Fleire av døtrene fylgde han etter kvart, likeeins kona hans, men dei seinare åra reiste han mykje aleine. Orheim lærte seg punktskrift, og han heldt nøye greie på kva han hadde tale om på dei ulike stadane, slik at han skulle vere viss på at han ikkje tok seg sjølv opp att.

Attåt arbeidet som reisande predikant var Orheim oppteken med arbeid på farsgarden, som han dreiv 1916–39, med dikting, toneskaping og lesing. Han skreiv både poesi og prosa. Han gav ut fleire romanar, men dei er heller tunglesne og utan stor litterær kvalitet. Men Orheim står trygt mellom dei fremste nynorske salmediktarane i landet vårt. Mellom dei mest kjende salmane kan ein nemne Eg har ei tenesta stor for Gud, Kom, Frelsar, kom inn, Kor mykje stort, kor mykje gildt, Kvardagskristen vil eg vera, Ved Jesu føter ei stille stund, og Å, var eg meir deg Jesus lik. Norsk Salmebok har med to salmar av Orheim, og Sangboken Syng For Herren, som vert brukt på dei fleste bedehusa, har 13.

Fleire av salmane er blitt til i vekkingstider og ber preg av det. Forfattaren ber fram eit varmt kall om å vende seg frå det ville syndelivet og take imot nåden i Kristus. Livet saman med Kristus er ikkje gledelaust, sjølv om også kamp og strid høyrer med. Det er rikt å tene Kristus, og kristenlivet skal levast ut i kvardagen, i heim og yrke. Samstundes viser Orheim i fleire av salmane sine at han hadde syn for ekte menneskelege og nasjonale verdiar. Kjærleiken til fedrelandet, folkelivet og heimen møter vi i fleire dikt.

Orheim skreiv om lag 1000 dikt og sette sjølv tone til fleire av dei. Alt 1903 kom den fyrste diktsamlinga, Heimlokk. Denne samlinga, som vart noko utvida ved dei forskjellige opplaga, vart seld i heile 65 000 eksemplar. Slike høge tal var eineståande for ei diktsamling på nynorsk. Dei mest brukte dikta skreiv han i unge år eller tidleg i manndomsåra. Men også seinare i livet skreiv han litterære perler. Kyrkjehistorikaren Oscar Handeland har sagt at Orheim, saman med forfattarar som Elias Blix, Bernt Støylen, Anders Hovden og Ludvig Hope, var med og “kristna nynorsken”. Nynorsken vart av mange sett på som eit “fritenkjarmål”.

Matias Orheim fekk Kongens fortenestmedalje i gull 1953. Marie og Matias Orheim hadde lenge bedt om at dei måtte få døy samstundes. Det gjekk i oppfylling då dei begge døydde 20. april 1958. På grava vart det seinare reist ei støtte med deira portrett. På slektsgarden er det innretta eit museum over Matias Orheim.

Verker

Bøker (eit utval)

  • Heimlokk, Orheim 1903
  • Songar og salmar, Bergen 1909 (3. utg. 1920)
  • I livsens lundar, Bergen 1911 (2. utg. 1917)
  • Jonsokvarden. Ei ungdomssoga om ho Magdeli Nymark og han Gjerat i Gamletune, Bergen 1912 (2. utg. 1918)
  • Haugianarfolk, Bergen 1913
  • Bondesonen. 1814 – 23/12 – 1914. Minnekvad um bondesonen Hans Nielsen Hauge, Bergen 1914
  • Solrenning, Bergen 1915 (2. utg. 1916)
  • Morgondogg, Bergen 1916
  • Unge-Steinar Storetune, 1918
  • Gamlefela og nyefela, Bergen 1923
  • I villskogen, Bergen 1929
  • Eldprøva, Bergen 1932
  • Vekking og vår. Dikt, 1941
  • Ungdomskvad, Stavanger 1948
  • Livet sjølv, Bergen 1954
  • På odelsgrunn, Bergen 1954

Enkeltdikt (eit utval)

  • Eg fann min Gud i ungdomsår, 1900
  • Kor mykje stort, kor mykje gildt, 1903
  • Å, var eg meir deg Jesus lik, 1907
  • Kom, Frelsar, kom inn, 1908
  • Kvardagskristen vil eg vera, 1908
  • Ved Jesu føter ei stille stund, 1908
  • Eg har ei tenesta stor for Gud, 1909

Kilder og litteratur

  • J. Straume: Trubaduren Matias Orheim, Bergen 1960
  • L. Aanestad m.fl. (red.): Kristen sang og musikk, 2 bd., 1962–65
  • A. Grimstad: Den blinde sjåaren. Matias Orheim til minne i høve 100-årsdagen då han var fødd, 26–7–1884, Stryn 1984

Portretter m.m.

  • Portrettrelieff (granitt) av Matias og Marie Orheim, laga av Anne Grimdalen; på gravsteinen, Stårheim kyrkjegard, Eid