Diktar. Foreldre: Bonde Johan B. Skylstad (1883–1974) og Martha Sperre (1901–83). Gift 23.7.1950 med sosialøkonom Johannes Takvam (12.4.1925–30.4.2003), son til industriarbeidar Magnus Takvam (1897–1977) og Anna Sofie Stein (1904–88), ekteskapet oppløyst 1975.

Marie Takvam var ein velkjend og populær lyrikar, som gav ut 10 diktsamlingar over 40 år. Lyrikken hennar har ofte vore kalla livsfasediktning, der ho skildrar kvinneliv og livsutvikling. Dikta er både tradisjonsbundne og fri frå tradisjon, utan å vere modernistiske. I 1950- og 1960-åra var ho også ei populær barnetimetante og ein offentleg meiningsytar som forsvarte dei svakaste og utstøytte i samfunnet.

Ho voks opp i Hjørundfjord på Sunnmøre som den eldste av fem sysken på familiegarden. I barneåra var ho med i arbeidet i fjøset og som seterjente, og ho var lenge bestemt på å verte gardskone. Familien var religiøs, men også oppteken av litteratur; faren rima og mora las mykje. Marie vart tidleg oppfordra til å skrive, og 11–12 år gamal vann ho ein diktkonkurranse i Sunnmørsposten. I ungdomsåra var ho også skribent i bladet til det lokale ungdomslaget i bygda. På realskulen i Langevåg utanfor Ålesund vart ho inspirert til å reise til hovudstaden for å studere. Etter examen artium på landsgymnaset i Nordfjordeid 1945 reiste ho til Oslo saman med den komande ektemannen Johannes Takvam.

Marie Takvam studerte psykologi ved Universitetet i Oslo i fire år, men måtte avbryte embetsstudiet då den eldste sonen vart fødd. Medan ho studerte i Oslo, skreiv ho også dikt, og etter kvart vart ho kjend med Carl Fredrik Engelstad, som vart ein slags mentor for henne. 1952 vart den første diktsamlinga hennar, Dåp under sju stjerner, utgjeven. Debutsamlinga slår an tonen for ein temperamentsfull og kjenslevar lyrikar som skildrar menneskelivet i eit spenningsfelt frå ekstase til sorg og melankoli. Dåp under sju stjerner er prega av ungdomeleg livsglede og høge kjensler, samstundes som døden og destruktive krefter like mykje er til stades. I dei følgjande samlingane utover i 1950-åra ser ein framleis ein hang til abstraksjon og metafysikk, med den klare språkstilen som kjenneteiknar Takvam.

I takt med tida kom etter kvart eit samfunnsengasjement klårare til uttrykk i lyrikken hennar. Diktet Åtti kvadratmeter frå samlinga Signal opnar for ein diskusjon av kvinnerolla. Merke etter liv er den samlinga mange framhever som den sentrale i forfattarskapen. Her finn ein det kjende diktet Ei mor er ferdig med si gjerning, ei sår skildring av ei aldrande mor. Klårast skil Brød og tran frå 1972 seg ut frå dei øvrige diktsamlingane ved å vere mere politiske og samfunnskritiske.

I dei seinare diktsamlingane kan ein seie at Takvam i tematikk og i biletbruk meir vender tilbake til ungdomsperioden, sjølv om aldring og alderdom no står fram som eit sterkare tema. Takvam skildrar alderdomen med vemod og raseri over kroppsleg forfall. Karakteristisk for Takvam sin lyriske produksjon er sterke kjensler, der erotikk og begjær er vågalt direkte skildra. Livets skuggesider kjem klart til uttrykk. Takvam talar dei svake si sak og frontar urettferda for dei svake og små.

I tillegg til den lyriske produksjonen var Marie Takvam aktiv på mange område. I 1950- og 1960-åra arbeidde ho som barnetimetante i Barnetimen for dei minste i NRK, der ho skreiv viser og manus. Basert på manuskripta frå barnetimen gav ho ut barneboka Maria og katten i Venezia. Ho skreiv også skodespel, høyrespel og to romanar.

Privat vart Marie Takvam separert 1971, og ho levde eit fritt og utsvevande liv ein periode i 1970-åra. Ho tala dei homofiles sak, og dei to romanane Dansaren og Brevet frå Alexandra tematiserer vanskelege og ukonvensjonelle samlivsformer. Ho medverka også som skodespelar i nokre filmar, mest kjend er Åpenbaringen av Vibeke Løkkeberg frå 1975. I denne filmen ser ein ei naken middelaldrande Takvam bakfrå, noko som vart for sjokkerande for samtida og resulterte i den såkalla “rumpefeiden”. Marie Takvam tok likevel kritikken med rak rygg og meinte ein ikkje skal skjula skavankar på ein kropp av eit levd liv.

Marie Takvam fekk fleire prisar for lyrikken sin, m.a. Doblougprisen (1983) og seinast Nynorsk litteraturpris (1997) og Melsomprisen (1998) for den siste samlinga, Dikt i samling.

    Diktsamlingar

  • Dåp under sju stjerner, 1952
  • Syngjande kjelder, 1954
  • Signal, 1959
  • Merke etter liv, 1962
  • Mosaikk i lys, 1965
  • Brød og tran, 1969
  • Auger, hender –, 1975
  • Dikt i utval, 1976
  • Falle og reise seg att, 1980
  • Eg har røter i jord, 1981
  • Aldrande drabantby, 1987
  • Rognebær, 1990
  • Dikt i samling, 1997 (2. utg. 2004)

    Anna

  • Fjellet, høyrespel, 1957
  • Maria og katten i Venezia, barnebok, 1960
  • Idun, skodespel, 1966
  • Dansaren, roman, 1975
  • Brevet frå Alexandra, roman, 1981
  • I. Engelstad og J. Øverland: Frihet til å skrive. Artikler om kvinnelitteratur fra Amalie Skram til Cecilie Løveid, 1981
  • E. Lunden: “Det autentiske som prosjekt”, i NLÅ 1981
  • diverse intervju med Marie Takvam i Aftenp. 1986–2002
  • T. Borge og H. Hagerup: “Høgre armen lyft i dans”, etterord i Dikt i samling, 1997
  • Marie Takvam, forfattaravis, vedlegg til Dag og Tid nr. 39/1998
  • C. N. Seiness: “Med merke etter liv”, i d.s.: Livsmot, 2001
  • H. H. Skei: “Marie Takvams lyriske dikting i vokster og utfalding”, i Bokvennen nr. 4/2002
  • opplysningar frå Takvams born Magnus Takvam og Martha Takvam