Prest og målgranskar. Foreldre: Sokneprest Poul Schnabel (1705–92) og Maren Preus Kierulf (død 1753). Gift 26.6.1778 med Edle (Adele) Johanne Margrethe Saabye (november 1751–15.12.1835), dotter til sokneprest Jørgen Nielsen Saabye (1707–67) og Petronelle Egede (1716–1805; dotter til Hans Egede, 1686–1758).

Marcus Schnabel var prest, men minnest i dag for vitskapsarbeidet han gjorde utanfor yrke og prestekall, og særleg at han granska hardingmålet og såg samanhengen mellom gammalnorsk og norske målføre i samtida.

Schnabel var sjølv son av prestefolk i Ulvik. Han voks opp der og kjende hardingmålet godt. Han vart fyrst undervist av faren, men var 1759 elev ved katedralskulen i Bergen. Ved eit seminar der lærte han naturfag, særleg matematikk. 1762 vart han dimittert til universitetet i København, der han òg studerte naturfag ved sida av teologien. Han tok teologisk eksamen 1766 og hjelpte faren nokre år før han 1771 vart personellkapellan i Ulvik. 1779 søkte han kall i Strandebarm, men vart i staden residerande kapellan i Lier, dit han kom det året, og der han døydde året etter.

Vitskapleg interesse hadde Schnabel fått av far sin, og som prest fór han 30 mil til Hans Strøm i Volda for å lære meir naturkunne. Der var òg diktaren Claus Frimann, som Schnabel kjende frå studietida. Han interesserte seg for diktinga åt Frimann, og dei var gode vener så lenge Schnabel levde. Schnabel gjorde meteorologiske åtgåingar i Ulvik, særleg om nedbøren, og skreiv om kva vêret hadde å seia for landbruket. Resultata rapporterte han til Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, men desse manuskripta vart ikkje prenta. Seinare teikna han også kart, over Bergens stift, over Hardanger og over Ulvik og Kvam. I Lier kopierte han ein primstav, og han lét etter seg eit Udkast til Beskrivelse over Hardanger, som Hans Strøm gav ut med kommentarar. Strøm var frå 1779 sokneprest i grannebygda Eiker, og han tok seg av det vitskaplege buet etter Schnabel.

Schnabel fekk prenta resultat av historiske undersøkingar han gjorde, og han fann ymse gamle dokument. Studiet av gammalnorske brev fekk han til å vende seg til andre språkkjelder, såleis Kongespegelen, og han skjønte at hardingmålet ætta frå det målet som mellomalderbreva og Kongespegelen var skrivne på. Dette fekk han til å granske nøgnare både hardingmålet og andre målføre. Han såg då at målføra våre stod saman og skilde seg frå dansk skriftmål, og jamvel at dei høvde betre saman med den norske Kongespegelen enn med islandske skrifter. Han hadde klåre tankar om grunnane til dei språklege samsvara og også til dei mishøva han fann, og om den historiske bakgrunnen for at det gamle norske skriftspråket hadde gått tapt. Når han jamførte norsk med andre germanske mål, hadde han syn for samanhengar mellom måla.

Schnabel skifte brev med Gerhard Schøning, og 1774 sende han inn til Vitskapsselskapet i Trondheim ei avhandling, Prøve paa hvorvidt det gamle Norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bondemaal. Det er berre ei stutt innleiing og ei liste av ord som går frå abli til fysi, men dette tilskotet fortener å minnast som det fyrste arbeidet om norsk mål med vitskapleg karakter. Avhandlinga vart prenta 1784 i skriftene åt selskapet. Schnabel legg for dagen nasjonal sjølvkjensle, og han målber ei von om at huglaget og sedene åt forfedrane måtte ha halde seg like godt som målet deira.

Ivar Aasen, Hans Ross og andre nytta ut det Schnabel hadde skrive, og Gustav Indrebø sytte for å få prenta manuskript etter han. Schnabel vart ikkje gammal; Hans Strøm fortel at han døydde av “forraadnende Feber”.

  • Utg. G. H. Miltzow: Presbyteriologia Norvegico ... Wos ... Hardangeriana, i Det Bergenske Magazin, Bergen 1772–73, s. 247–267, 333–355 og 359–391
  • Udkast til en Beskrivelse over Hardanger i Bergens Stift i Norge, samlet og sammenskrævet af sal. Hr. Marcus Schnabels Efterladte Papirer ved H[ans] S[trøm], København 1781 (prenta att i Hardanger Samlinger, bd. 2, Norheimsund 1912)
  • Prøve paa hvorvidt det gamle Norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bonde-Maal. Første Stykke, i DKNVS Skr., ny samling, bd. 1, 1784, s. 297–322

    Etterlatne papir

  • Fleire manuskript av Schnabel finst i Gunnerus-biblioteket, UBT; tre manuskript er omhandla og utgjevne av G. Indrebø i d.s.: Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter, Bergen 1933, s. 29–36 og 75–120
  • T. Hannaas: “Norske bygdemålsarbeid fyrr Ivar Aasen”, i Festskrift til Amund B. Larsen, 1894, s. 97f.
  • Lampe, bd. 1, 1895, s. 412 og 416
  • O. Olafsen: I gamle Dage, Bergen 1908, s. 14–18
  • L. H. Grøndal: Claus Frimanns ungdom, h.oppg. UiO, 1927
  • G. Indrebø: “Marcus Schnabel”, i Nokre eldre vestnorske bygdemålsskrifter, Bergen Museums Årbok 1933, s. 14–36
  • D. A. Seip: biografi i NBL1, bd. 12, 1954
  • K. Støylen: Claus Frimann, Bergen 1955
  • G. Indrebø: Norsk Målsoga, 2. utg. Bergen 2001, s. 199, 321, 371
  • Bibliotheca Norvegica