Treskjerar og skulestyrar. Foreldre: Skreddar Mads Magnesson Liland (1838–70) og Marta Villumsdotter Dagestad (1846–1931). Gift 1) 1888 med Helena Bu (1867–1947), dotter til lærar og dekorasjonsmålar Olav Ottoson Haukanes (1830–93) og Torbjørg Arnfinnsdotter Trones, ekteskapet oppløyst 1920; 2) 1928/30 med Ragnhild; 3) 1934 med Brita Mølster (15.9.1905–3.7.1981), dotter til gardbrukar Botolv Mølster (1873–1947) og Anna Olsdotter (1865–1947).

Magnus Dagestad var ein av dei fremste representantane for brukskunst på vestlandsbygdene, og dreiv forutan verkstad i Bergen og på Voss, Norsk kunsthandverksskule på Voss. Han var ein særs allsidig kunstnar innanfor nasjonal stil frå midten på 1880-åra, treskjerar, teiknar, målar, forfattar og spelemann.

Dagestad voks opp som legdegut på garden Gjernes på Voss etter at faren hadde drukna då sonen var 5 år gammal. 1884 vart han elev på Lars Kinsarvik sin treskjerarskule i Hardanger. Etter fire års læretid slo han seg ned på Busnes ved Eidfjord i Hardanger, etter at han hadde gifta seg med Helena Bu. 1889–90 gjekk han på Bergens Tekniske Skole og lærde teikning og biletskjering hos kunstnaren Hans Johan Johannessen. 1890–1900 dreiv han ein verkstad i Skostredet i Bergen i lag med venen og kollegaen Erland Sundsvold frå Voss. Her utførte han mange store treskjerararbeid, m.a. til Gamlehaugen hos Christian Michelsen, og deltok på verdsutstillingane i Paris 1889 (der han fekk bronsemedalje) og Chicago 1893. Han var òg representert på fleire andre brukskunstutstillingar både i Sverige og i Noreg. Treskjerararbeid av han vart innkjøpt til Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen, Kunstindustrimuseet i Oslo og Rijksmuseum i Amsterdam, i tillegg til museum i USA. Av større arbeid kan nemnast møblement i drakestil til Luster Sanatorium i Sogn (1901), skore av Magnus og dekorert av Helena.

1902 flytta Helena og Magnus Dagestad til Voss og grunnla verkstad der, og Dagestad dreiv 1905–12 Vestlandske Kunstindustrimuseums snikkar- og treskjerarskule på Voss. Her utførte han fleire større arbeid, m.a. møblar i ein særmerkt drakestil til Samlaget Ervingen i Bergen, Sogndal folkehøgskule og kaffistover i byar over heile landet og i tillegg altertavle i Bakka kyrkje i Sogn. 1916 vart skulen på Voss nedlagt, 1918 gjekk Magnus og Helena konkurs, og 1920 vart dei skilde.

1920 fekk Dagestad oppretta Norsk Kunsthandverksskule i treskjering og smiekunst på Voss, og her var han styrar fram til han gjekk av med pensjon 1935 og arbeidet vart førd vidare av Jørgen Kildahl.

Dagestad vart sterkt påverka av den nasjonale reisingstida frå 1880-åra, og ikkje minst Lars Kinsarviks arbeid med å atterreisa det særmerkt norske i bygdekunsten. Han utvikla sin eigen variant av drakestilen, med dekorering særleg i grøne og brune fargenyansar av Helena. Møblar i denne stilen vart produserte og selde i husflidforretningar forutan direkte leveransar. Dagestad teikna også ungdomshus over heile Vestlandet, måla scenetepper til ungdomshus og skreiv artiklar om bygdekunst og folkemusikk. I tillegg skreiv han dikt.

Dagestad heldt seg trufast til drakestilen i meir enn 30 år etter han hadde gått av mote som stil i landet. I sine siste 20 leveår prøvde han å blanda inn andre stilartar, både barokk og rokokko, og freista å skapa ein slags norsk riksstil. Dette var kunstnerisk mindre vellukka. Dei beste arbeida hans er frå før 1900-talet som treskjerar, og i dekorerte møblar i drakestil fram til om lag 1920. Seinare arbeidde han meir som lærar og dekorasjonskunstnar. Dagestad var ein miljøskapar for kunstnarar i Vossadistriktet, og han hadde ei stor kontaktflate både til biletkunstnarar, folkemusikarar og forfattarar.

Foruten prisar og premiar for treskjerarkunst fekk han Det Kongelige Selskap for Norges Vels medalje og Kongens fortjenstmedalje i gull (1950). Han var òg heiderslagsmann i Hardanger og Voss treskjerarlaug, Voss kunstlag og Voss mållag. 1950 tok han initiativ til å oppretta eit museum for treskjerarkunsten sin, og etter at han døydde 1957, har dette vorte utvida og ført vidare av etterslekta hans. Dei to døtrene hans, Åshild og Magna, har vore drivkraft for å få dette fram til eit halvoffentleg museum.

Magnus Dagestad var tettvaksen, liten av vekst og temperamentsfull. Med sin vidbremma klokkarhatt var han eit fast innslag i gatebiletet på Vangen, og det går mange soger om han. At han var gift tre gonger fall tungt for brystet hos strengt religiøse personar i bygda. Ein gong like etter krigen var han i Voss bokhandel for å handla like før dei stengte på julaften. Ein annan kjend personlegdom i bygda, Adeleide Hansteen, som var sundagskulelærerinne og mykje med i kristenlivet, tok alle kundane i butikken varmt i handa og ynskte dei god jul. Men ho gjekk rett forbi Magnus. Utanfor stogga ho, tenkte seg om, gjekk så inn att, tok han i handa og sa: “God jul, De og, Dagestad. De er jo eit menneske, De også.”

Dagestad døydde av alderdom 92 år gamal, og like før han døydde, spelte venen hans, spelemannen Anders Kjerland frå Granvin, “Myllargutens siste slått” for Dagestad, som heilt til dødsdagen kjempa for det norske i bygdekunsten. I dei siste leveåra hans var drakestilen lite påakta, men mot slutten av 1900-talet har arbeida til både Helena og Magnus Dagestad på ny vorte høgt verdsette.

    Bøker

  • Dei tre Bergsli-kunstnarane, Voss 1945

    Treskjerararbeid (eit utval)

  • Dekorasjonsarbeid i “Stupet” representasjonslokaler, NHH, Bergen (tidl. konsul Mohrs villa)
  • altartavler i Bakka kyrkje, Nærøyfjorden
  • altartavler i Evanger kyrkje, Voss
  • skrin og nykkelskåp, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Bergen
  • hjørneskåp, utskore i eik, frå 1901, p.e. (O. D. Lærum)
  • gjenstandar på Dagestadmuseet, Voss
  • Arkivmateriale i Dagestadmuseet, Voss
  • opplysingar frå Dagestads dotter Åshild Dagestad Bjørke 1999
  • S. Valevatn, L. Tvilde og O. N. Dolve: Norsk Kunsthandverksskule gjennom 50 år, Voss 1970
  • J. Carlsen: biografi i NKL, bd. 1, 1982
  • O. D. Lærum og S. Hirth: “Brukskunstnaren Helena Dagestad. Bygdekunst i ei nasjonal reisingstid”, i Gamalt frå Voss 18, 1986, s. 5–21
  • O. D. Lærum: Magnus Dagestad. Treskjerar, spelemann og livskunstnar, 1989
  • P. Anker m.fl: Husflid. Levende tradisjoner, 1994
  • A. Engen: Lars Kinsarvik, skaparen av “den norske stilen” i nyare treskjerarkunst, Lillehammer 1996