Faktaboks

Ludvig Wiese
Fødd
15. juni 1792, Bergen
Død
15. november 1853, Christiania, begr. på ein kolerakyrkjegard der, grava seinare flytta til Lillehammer kyrkjegard
Verke
Forretningsmann og lokalpolitikar
Familie
Foreldre: Kjøpmann Georg Wiese (1728–1801) og Susanna Sophia Angell (1763–96). Gift 1) med Johanne Margrethe Ravn (1782 (døpt 29.8.)–1823), dotter til urtekremmar Hans Ravn (1751–87) og Anna Holck Neunkirchen (1756–1839); 2) 12.9.1828 i Ringebu med Martha Marie Schive (1798 (døpt 2.5.)–29.8.1849), dotter til residerande kapellan, seinare sokneprest Søren Martinus Schive (1771–1827) og Helene Frederike Dochedahl (1773–1849).
Ludvig Wiese

Bronseskulptir

Ludvig Wiese
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Ludvig Wiese var forretningsmann og ordførar på Lillehammer og sentral i etableringa av dampskipsfart på Mjøsa og andre innsjøar i Sør-Noreg.

Wiese voks opp i Bergen og gjekk på latinskolen der. Som 15-åring meldte han seg frivillig da krigen braut ut 1807. Han avanserte til sekondløytnant, vart teken til fange av svenskane, men greidde å rømme attende til Noreg. Han tok avskjed frå hæren 1812 og utdanna seg til handelsmann, men heldt på tittel og rang.

Wiese busette seg på Lillehammer like etter at byen vart grunnlagt 1827. Her vart han straks byens driftigaste forretningsmann og var den første her som stod i direkte forretningssamband med utlandet. Etter formannskapslova kom 1837, vart han også medlem av formannskapet i byen, og han var den første ordføraren på Lillehammer, eit verv han hadde i fem år. 1850 vart han valmann til stortingsvalet.

Ludvig Wiese var den eigentlege stiftaren av Lillehammer høiere almenskole (1849) og tok initiativ til opprettinga av Lillehammer Sparebank (1841). 1837–40 var han utgjevar og anonym redaktør av den første avisa på Lillehammer, Oplands-Tidende, som seinare vart til Lillehammer Tilskuer. Han skreiv også om politikk og samfunnsspørsmål i opposisjonsblada Morgenbladet og Statsborgeren.

Størst betydning fekk likevel Wiese som skaparen av dampskipstrafikken på innsjøane i Sør-Noreg. På Mjøsa gjekk fraktefarten med enkle båtar med mast og råsegl, og det vart sett på som uråd å få eit dampskip opp på Mjøsa. Men Wiese la fram ideen om å bygge eit skip av jern, frakte det dit stykkevis og sette det saman på staden. Han agiterte for dette i Storting og regjering, men vart sett på som ein svermar. Etter at han hadde lagt fram ideane sine for statthaldar Wedel Jarlsberg, skal denne ha sagt til sekretæren sin: “Hvis den mann kommer igjen, så la ham ikke få komme inn til meg. Han er gal.”

1839 gav Stortinget likevel eit lån av statskassa til å skaffe eit dampfarty på Mjøsa. Wiese drog til Storbritannia og slutta kontrakt med eit verft der om levering av eit jerndampskip. Skipsdelane vart førte til Christiania, køyrde til Minne og klinka saman der. Hjulbåten Jernbarden gjekk av stabelen i august 1840 og vart sett i fart på Mjøsa året etter. Tiltaket vart svært vellykka, og alt første driftsåret var båten betalt. 1843 kom ein ny båt, Dronningen, også den ein hjulbåt av jern. Denne vart mest brukt til passasjertrafikk. Da Jernbarden vart teken ut av trafikk 1853, fekk Wiese av amtstinget og direksjonen ein kostbar blomstervase av sølv som takk; av foreininga Handelens venner i Christiania fekk han eit taffelur av sølv med ein modell av Jernbarden som pendel.

Wiese stod også i spissen for å skaffe andre båtar på innsjøane, som Løven på Randsfjorden, Dale-Gudbrand på Losna (Gudbrandsdalslågen), Haakon på Øyeren i Akershus og i Telemark båtane Stang på Norsjø og Olaf på Tokke. Gjennom etableringa av dampskipsfarten på Mjøsa var Wiese også av dei som var med på å arbeide fram den første norske jernbanen, frå Christiania til Eidsvoll. Men han såg ikkje med glede på at det var britisk kapital som stod bak jernbanebygginga.

Ludvig Wiese vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden 1851. Han døydde av kolera under eit opphald i Christiania 1853 og vart først gravlagd der, men grava vart seinare flytta til kyrkjegarden på Lillehammer. 1927, til byens 100-årsjubileum, vart det reist ein statue av Wiese på det gamle torget i Lillehammer.

Verker

    Eit utval

  • Hvad er Aarsagen til den Opposition, som viser sig i Valgene til 7de Storthing?, i Statsborgeren, hf. 7, 1832, s. 1–15
  • Om Dampskibsfart paa Mjøsen, i Mgbl. nr. 226/1836
  • Beretning om Foranstaltninger til Anskaffelse af et Dampskib i Mjøsen, i Oplands-Tidende nr. 27/1839
  • Bidrag til Ideer om 4de overordentlige Storthings Medlemmer, (anonymt) Lillehammer 1839 (først trykt i Oplands-Tidende 1837–38)
  • Om Nødvendigheden af gjensidig Forbindelse imellem Dampskibsfarten paa Mjøsen og Jernbanen derfra til Christiania, i Mgbl. nr. 91/1851
  • Kun nogle Momenter om den elektriske Telegrafs uberegnelige praktiske Nytte for Norge, ibid nr. 199/1852

Kilder og litteratur

  • Aa. O. Vinje: “Ludvig Wiese”, i Ill.Nyh. 1853, s. 205–206 (også trykt i De Sandvigske Samlinger. Årsberetning 1925–27)
  • NFL, bd. 6, 1908
  • BTid. 9.7.1927
  • J. H. Olstad: Skibladner 1856–1981, Brumunddal 1981, s. 18–22
  • J. Broch: biografi i NBL1, bd. 19, 1983

Portretter m.m.

  • Statue (bronse, heilfigur) av Rolf Lunde, 1927; Lilletorget, Lillehammer