Sosialantropolog, kvinneforskar og filmskapar. Foreldre: Tannlege Stig Oscar Therkelsen (1910–92) og fysioterapeut Lizzie Jacobsen (1912–63). Gift 1967 med professor, dr.med. Knut Arne Holtedahl (13.3.1944–), son til kontorsjef Arne Holtedahl (1906–99) og Reidun Sørlie (1909–88), separert.

Lisbet Holtedahl har vore engasjert i sosialantropologiske forskningsprosjekt frå Kvaløya i Troms til Kamerun i Afrika. Ho har òg laga ei rekkje antropologiske dokumentarfilmar og vore sentral i utviklinga av visuell antropologi som fag.

Lisbet Holtedahl tok magistergraden i sosialantropologi ved Universitetet i Tromsø 1973 og blei dr.philos. same staden 1987. Med støtte frå det franske utanriksdepartementet fekk ho filmutdanning ved filmskolen Varan i Paris 1983.

1973–75 var Holtedahl konservator ved Samisk etnografisk avdeling, Tromsø museum, 1975–78 var ho NAVF-stipendiat ved Universitetet i Tromsø, og frå 1978 har ho arbeidd ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (tidlegare Institutt for samfunnsvitskap) ved Universitetet i Tromsø, frå 1992 som professor. Ho har i to periodar, 1990–92 og 1997–98, vore knytt til Laboratoire d'Anthropologie Sociale og Maison des Sciences de l'Homme i Paris som gjesteforskar/gjesteprofessor. 1990–92 utførte ho dessutan ekspertoppdrag for Care International i Niger og Mali.

Holtedahls sosialantropologiske forskingsfelt spenner over eit svært vidt område geografisk. Magistergradsavhandlinga har utgangspunkt i feltarbeid i Niger, og doktoravhandlinga frå 1986, med tittelen Hva mutter gjør er alltid viktig. Om å være kvinne og mann i en nordnorsk fiskerbygd i 1970-årene, byggjer på materiale frå ei lita bygd på Kvaløya utanfor Tromsø. I løpet av 1990-åra har Holtedahl bygd opp eit større utviklingsforskingsprosjekt i Kamerun (i samarbeid med Université de Ngaoundéré). Prosjektet involverer fleire norske og kamerunske universitet og har som mål å bidra til kunnskapsutviklinga i nordområda i Kamerun, som står mykje attende økonomisk og sosialt i høve til resten av landet. Sentrum-periferi-perspektivet er såleis sentralt i forskinga til Holtedahl, kjønnsperspektivet likeins.

Det er karakteristisk for Holtedahl som deltakande observatør under feltarbeid at ho engasjerer seg sterkt i dei menneska som er involverte i forskingsprosjekta hennar, anten det er unge muslimske kvinner i Nord-Kamerun eller lamidoen (imamen) i Ngaoundéré, som ho har laga film om. Ho snakkar to afrikanske språk, fulfulde og hausa. Hennar forskingsengasjement i Vest-Afrika har bidratt sterkt til at Noreg held oppe ei viss verksemd i delar av Afrika som ikkje er såkalla hovudsamarbeidsland. I Kamerun har det skapt kontinuitet i høve til den sterke satsinga ikkje minst norsk misjon tradisjonelt har hatt der.

I antropologifagleg samanheng representerer Holtedahl ei fornying gjennom den såkalla visuelle antropologien. Ho har sjølv produsert ei rekkje antropologiske filmar og har bygd opp faget Visuell antropologi ved Universitetet i Tromsø. Dei filmane som blir produserte, tener både eit dokumentasjons- og eit forskingsføremål. Fleire av filmane har vunne internasjonale prisar. Holtedahl sjølv mottok Kodak-prisen ved Bilan des films ethnographiques 1989 for filmen Al Hajji og hans fire hustruer. Ho har dessutan fått Prisen for fremragende kulturforskning frå Institutt for sammenlignende kulturforskning 1996. Same året mottok ho Noregs forskingsråds forskings- og formidlingspris.

    Skriftlege verk

  • Køn og rang i et poly-etnisk landsbysamfund; social organisation i Maine-Soroa, Niger, mag.avh. UiTø, 1973
  • Hva mutter gør er alltid viktig. Om å være kvinne og mann i en nordnorsk fiskerbygd i 1970-årene, dr.avh., 1986
  • Communication problems in social research, i P. Crawford og D. Turton (eds.): Visual Anthropology in Scandinavia, Manchester 1992
  • Education, Economics and the Good Life. Women in Ngaoundéré Northern Cameroon, i P. Geshiere og P. Konings (eds.): State and Society in Cameroon, Paris 1993
  • Le Pouvoir de Savoir de l'Arctique/ The Power of Knowledge from the Arctic to the Tropics (sm.m. S. Gerrard, M. Djenma, J. Bontaris), Paris 1999

    Film, video

  • Al Hajji og hans fire hustruer, Statens filmsentral 1988
  • Afrikas siste sultan (sm.m. Jon Jerstad), samarbeidsproduksjon NRK/BBC/DR 1993

    Utstillingar

  • Mainé Soroa, en landsby i Niger, Universitetets etnografiske museum, Oslo 1971 (også vist på Nationalmuseet i København og Tromsø Museum)
  • Kvinder og universitetsuddannelse, utstilling for videregåande skolar i Nord-Noreg i høve Universitetet i Tromsøs 10-årsjubileum, 1983
  • L. Holtedahl: Videnskabelige og populærvidenskabelige arbejder og manuskripter, Tromsø 1991 (utrykt)
  • d.s.: curriculum vitae (sammendrag), Tromsø 2000 (utrykt)