Faktaboks

Lily Weiser Aall
Lily eg. Elisabeth Auguste Jeanette Weiser Aall
Fødd
18. desember 1898, Wien, Austerrike
Død
26. februar 1987, Oslo
Verke
Austerriksk-norsk folklorist og etnolog
Familie
Foreldre: Advokat, dr.juris Hans Weiser (1864–1939) og Louise Hess (1870–1927). Gift 1.10.1928 i Wien med professor Anathon Aall (1867–1943).

Lily Weiser-Aall, som ho sjølv skreiv seg, var ein breidt orientert forskar innan etnologi, folkloristikk og psykologi. Ho hadde eit europeisk og globalt perspektiv i forskinga si: “verden var hennes tekst”, som ei av døtrene hennar uttrykte det.

I unge år tenkte ho på å bli yrkespianist, men valde filologi og studerte nordisk/germansk filologi og etnologi ved universitetet i Wien. Allereie her var ho pioner; 1922 var ho ein av dei tre første kvinner i det tyskspråklege området som tok doktorgraden på eit etnologisk emne, med ei avhandling om juleskikkar. 1927 habiliterte ho seg (kvalifiserte seg for å undervise ved universitetet) på avhandlinga Altgermanische Jünglingsweihen und Männerbünde, ein pionerstudie som seinare vart følgd av arbeid av kjente forskarar som Otto Höfler og Richard Wolfram. Nasjonalsosialistane fordømde seinare både doktor- og habilitasjonsavhandliga hennar.

I denne perioden hadde ho eit studieopphald i Sverige for å læra svensk, ho gjorde ei lengre reise til museum og universitet i Tyskland, og ho var med på større feltforskingsprosjekt, m.a. i Tirol. I sommarsemesteret 1928 føreles ho i Wien med 140 studentar. Med det var hennar akademiske karriere i Austerrike slutt. Same året møtte ho den meir enn 30 år eldre Anathon Aall under ein kongress i Lübeck; dei gifta seg kort tid etter og busette seg i Oslo, der han var professor i filosofi og psykologi. Dei fekk tre barn, og Lily Weiser Aall var no offisielt husmor, men som privatforskar hadde ho arbeidsplass både ved Psykologisk institutt ved universitetet, som mannen hadde oppretta, og ved Norsk folkeminnesamling.

I desse åra var ho opptatt av eksperimentell psykologi og skreiv – utan at mannen visste det – eit arbeid som ho 1933 fekk Kongens gullmedalje for, Symbol og psykologisk grunnlag i religiøs opplevelse; det vart trykt på tysk i Zeitschrift für Religionspsychologie året etter. 1937 utgav ho boka Volkskunde und Psychologie, ei innføringsbok for etnologar og folkloristar. Ho meinte at for å forstå menneskeleg aktivitetar måtte ein ta psykologien til hjelp ved sida av historisk og filologisk analyse. Saman med mannen stod ho sentralt i europeisk psykologisk forsking. I denne tida skreiv ho også ca. 40 artiklar til Handwörterbuch des deutschen Aberglaubens.

Anathon Aall døydde 1943, og fordi han var over 60 då dei gifta seg, hadde enkja ikkje rett på pensjon etter han. Det tok også tid før dei rettmessige barnepensjonane vart utbetalde. I ein periode levde dei svært kummerleg i sommarhuset på Roa. For å overleva påtok Lily Weiser Aall seg – i samarbeid med kjende nordiske folkloristar som Knut Liestøl og Reidar Th. Christiansen – å omsetje ei rekkje nordiske etnologiske og folkloristiske artiklar til tysk for den tyske “forskingsorganisasjonen” Ahnenerbe. Ho fekk eit månadleg tilskot for arbeidet, som ikkje vart publisert. Det er likevel heilt feil å påstå at Lily Weiser Aall var kontaktperson for Ahnenerbe i Norge. Ho var sterkt antinazistisk orientert, ho hjelpte jødar i fare og vart forhøyrt av SS, men motstod presset til å samarbeida.

Kort tid etter at krigen var over, vart Norsk etnologisk gransking, eit institutt for utsending av etnologisk/folkloristiske spørjelister, oppretta. Lily Weiser Aall vart tilsett som konservator der 1946 og var førstekonservator frå 1954 fram til ho gjekk av med pensjon 1968. Igjen kom hennar store arbeidskapasitet til nytte. Ho utarbeidde ca. 50 spørjelister og analyserte mange av svara som kom inn i artiklar og bøker. Ho tok òg opp att forskinga om jul i tre bøker om juletreet, julehalmen, julegeita og julenissen og ei rekkje artiklar i norske og utanlandske tidsskrift. Eit anna tema var tilhøvet mellom folkemedisin og lærd medisin, med bøkene om Svangerskap og fødsel, Menn med øreringer og Omkring de nyfødtes stell. Til dette tema høyrer også den klassiske artikkelen Gelehrte Tradition über angeborene Fehler in der Volkstradition.

Lily Weiser Aall var brubyggjar mellom skandinavisk og europeisk forsking med sine eigne artiklar og sine mange bokmeldingar og delte gjerne sin store lærdom med yngre og eldre forskarar. Ho var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1937 og av Kungl. Gustav Adolfs Akademien i Uppsala, og ho vart heidersmedlem av det sveitsiske etnologiselskapet 1956.

Verker

    Eit utval

  • Jul, Weihnachtsgeschenke und Weihnachtsbaum. Eine volkskundliche Untersuchung ihrer Geschichte, dr.avh., Stuttgart 1923
  • Altgermanische Jünglingsweihen und Männerbünde. Ein Beitrag zur deutschen und nordischen Altertums- und Volkskunde, habilitasjonsavh., Bühl 1927
  • Zum Aufbau religiöser Symbolerlebnisse, i Zeitschrift für Religionspsychologie 1934, s. 129–148 og 208–230
  • Volkskunde und Psychologie. Eine Einführung, Berlin/Leipzig 1937
  • Weihnacht, i Handwörterbuch des deutschen Aberglaubens, bd. 9 Nachtrag, Berlin 1938–41, sp. 864–968
  • Vassbæring i Norge, Småskrifter fra Norsk etnologisk gransking, Småskr. 1, 1953
  • Juletreet i Norge, Småskr. 2, 1953
  • Julehalmen i Norge, Småskr. 3, 1953
  • Julenissen og julegeita i Norge, Småskr. 4, 1954
  • Menn med øreringer i Norge, Småskr. 5, 1957
  • Gelehrte Tradition über angeborene Fehler in der Volkstradition, i Arv 1962/63, s. 226–262, opptr. i E. Grabner (red.): Volksmedizin. Probleme und Forschungsgeschichte, Darmstadt 1967, s. 459–496
  • Svangerskap og fødsel i nyere norsk tradisjon, Småskr. 6/7, 1968
  • Omkring de nyfødtes stell i nyere norsk overlevering, Småskr. 8, 1973
  • Sjå òg verkliste i Moestue og Kvideland 1998 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), s. 131–143

    Etterlatne papir

  • Finst i Håndskriftsamlingen, NBO

Kilder og litteratur

  • HEH 1979
  • A. Ropeid: “Lily Weiser-Aall. Minnetale”, i DNVA Årbok 1987
  • d.s.: “Lily Weiser-Aall 1898–1987”, i Ethnologia Scandinavica 1987, s. 149f.
  • A. Moestue og R. Kvideland (red.): “Verden var hennes tekst”. Forskeren Lily Weiser-Aall. En minnebok 1898–1998, Småskrifter fra Norsk etnologisk gransking 11, 1998