Litteraturforskar. Foreldre: Gardbrukar Magnus Mæhle (1876–1960) og Lovise Opdahl (1886–1956). Gift 1950 med adjunkt Tora Hoel (12.8.1926–), dotter til skulestyrar Per Hoel (1898–1983) og Marit Holm (1897–1986).

Leif Mæhle var professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur ved Universitetet i Oslo 1969–97. Han starta Norsk litterær årbok, som han redigerte i ei årrekkje.

Mæhle var elev ved Sunndalen private gymnas dei siste krigsåra og tok examen artium som privatist 1946. Han vart tidleg litterært interessert og ønskte å studera filologi. Etter engelsk bifag tok han lærarskoleeksamen ved Oslo off. lærarskole 1950, men gjekk rett etter eksamen over på hovudfagsstudium. Han var særleg interessert i stilistikk og metrikk. Som emne for hovudoppgåva valde han tekstar av Ibsen i bunden form og granska rimteknikken nøye. Det var ingen mønster for slike arbeid på norsk, og Mæhles oppgåve vart gjeven ut som bok 1955, Ibsens rimteknikk.

Mæhles akademiske karriere som lærar i norsk litteratur tok til i Tyskland og Sverige. 1953–54 var han universitetslektor i norsk ved universitetet i Göttingen, Tyskland; etter eit halvt års studieopphald i København hausten 1954 vart han universitetslektor i norsk ved Lunds universitet, og der vart han verande til ut 1961. Han var ein aktiv formidlar i Sverige-perioden; han sytte for studieutgåver av sentrale norske forfattarar, og han formidla kunnskap om svensk litteratur og kultur til Noreg. I denne perioden stod litteraturforskinga sterkt i Lund, sentrale forskarar som Carl Fehrmann og Staffan Björk var ved universitetet der. Mæhle kjende dei personleg og var med og gjorde dei kjende i Noreg.

Frå januar 1962 var Mæhle universitetsstipendiat ved Institutt for nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo. Instituttet hadde nett flytt inn i det nye universitetetssenteret på Blindern. Han kom til å spela ei viktig rolle for oppbygginga av det nye fagmiljøet der, og som ung lærar fekk han god kontakt med studentane. Alt 1964 stod han bak samleverket Ei bok om Tarjei Vesaas, som bygde på hovudfagsavhandlingar om Vesaas frå fleire nordiske universitet, og Mæhle hadde vore rettleiar for mange av dei studentane som hadde skrive desse avhandlingane. Noko av det fagmiljøbyggjande arbeidet ser ein vidareført i den årlege publikasjonen Norsk litterær årbok, som Mæhle tok initiativ til og redigerte frå 1966, då første boka kom, til 1988. Publikasjonen har ikkje minst vore publiseringsstad for arbeid av yngre forskarar.

1965 vart Mæhle universitetslektor i nordisk litteratur ved det same instituttet. Han heldt fram arbeidet med doktoravhandlinga om Olav Aukrust; 1965 gav han ut eit stort utval av etterlatne Aukrust-skrifter med ei grundig biografisk innføring, Skaldespor. 1967 kom artikkelsamlinga Frå bygda til verda. Studiar i nynorsk 1900-talsdikting, med studiar om Tore Ørjasæter, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Tor Jonsson – og 1968 Vegen til varden. Ein studie i Olav Aukrusts dikting; Mæhle vart 1969 dr.philos. på den avhandlinga. Same året vart han utnemnd til professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur.

Det er mest nynorsk litteratur som har vore Mæhles forskingsemne. Han har heile tida vore oppteken av stilistiske aspekt, ikkje minst det metriske, som var emne for hans første avhandling. Det er likevel ikkje det stilistiske isolert han bryr seg om, men samspelet mellom formelle og tematiske element i diktinga, og eit temafelt han har vigd særleg interesse, er innslaget av mystikk. Tydelegast ser ein det i doktoravhandlinga. Seinare har han skrive bøker om Ørjasæter (1986) og Vaa (2001), og han har redigert ei rekkje utval og utgåver av desse to samt Uppdal. Han var elles språkkonsulent ved Det Norske Teatret 1968–97.

Mystikkforskaren Mæhle er ein praktisk mann. Han vart tidleg mykje brukt til administrativt og fagleg-administrativt arbeid. 1972 vart han vald inn som medlem i Norsk Språkråd som representant for nynorsk, og han var skiftesvis formann og nestformann fram til 1988. 1972–81 var han styreformann i Det Norske Samlaget – i ein ekspansjonsperiode for forlaget. Nett dei same åra var han også medlem av juryen for Nordisk råds litteraturpris.

Mæhle vart innvald som medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi 1975. 1986–97 var han generalsekretær i Akademiet. Han er også vald medlem i svenske og danske vitskapsakademi og i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

    Eit utval

  • Ibsens rimteknikk, 1955
  • Skaldespor. Artiklar – Talar – Brev – Dikt av Olav Aukrust, 1965
  • Frå bygda til verda. Studiar i nynorsk 1900-talsdikting,1967
  • Vegen til varden. Ein studie i Olav Aukrusts dikting, dr.avh., 1968
  • Tore Ørjasæter – den rotfaste fararen, 1982
  • “Fann eg ei stiger...”. Vandringar i Aslaug Vaas dikting, 2001

    Redigert

  • Norsk litterær årbok, 1966–88
  • Ei bok om Tarjei Vesaas, 1964
  • Aslaug Vaa: “Og ordet var ...”. Etterlatne dikt, 1999
  • HEH 1994
  • L. Bliksrud og V. Ystad (red.): Hugbod. Heidersskrift til Leif Mæhle på 70-årsdagen,1997

    Kunstnarlege portrett

  • Portrett av Wenche Øyen, 1998; DNVA, Oslo