Bilethoggar. Foreldre: Bonde og snikkar Jørund Amundsson Utne (1813–89) og Brita Torgilsdotter Jaastad (1819–1902). Gift 1) 23.4.1887 i København med Elisabeth Christiane Semb (11.5.1867–3.6.1927), dotter til agent, seinare brukseigar Fredrik Herforth Semb (f. 1821) og Josephine Maximiliane Eugenie Dahm (f. 1826), ekteskapet oppløyst 1899; 2) 25.9.1900 i Kristiania med Ragnhild Hafslo Qvam (10.1.1869–26.5.1954), dotter til skulestyrar Peter Qvam (1822–1907; sjå NBL1, bd. 11) og Elise Dal (1835–1909).

Lars Utne var eksponent for den allegoriske og naturalistiske bygningsskulpturen som prega tida kring 1900, men er også kjend for framifrå intimskulptur.

Som smågut viste Lars Utne uvanlege evner med å skjera i tre. I ung alder kom han til Lars Kinsarviks treskjerarskule og hadde læretid der til han vart teken opp ved Den kgl. Tegneskole. Brynjulf Bergslien og Mathias Skeibrok var lærarane hans i Kristiania. Saman med Skeibrok tok han ein studietur til Paris 1882–83, og 1887–88 var han i København. I Berlin skaffa professor Hans Gude han plass ved den store verkstaden til professor Otto Lessing. Her arbeidde Utne seg opp til ei fri stilling og skaffa seg innsikt i problem som knytte seg til å innpassa figurkomposisjonar og ornamentikk i ny monumentalarkitektur. Mellom større oppdrag han utførte, var dekorative relieff og fire kolossalgrupper til Wandelhalle i riksdagsbygningen og figurar på begge sider av hovudinngangen der. Til Den kvite sal i keisarslottet i Berlin utførte han basrelieff, og til riksrettsbygningen i Leipzig leverte han to Justitia-figurar og gruppa Dømt.

1896 slo Utne seg ned i Kristiania, og her vart han engasjert til utsmykkinga av Nationaltheatret, som var under bygging. Gavlgruppa i sandstein (Sigurd Fåvnesbanes død) og dei to ekspressive dyregruppene i bronse på taket over hovudfasaden er hans verk, likeeins innandørs utsmykking, m.a. dei fire allegoriske figurane Dramaet, Komedien, Dansen og Tragedien i foajeen til 1. losjerad og nokre yndige kvinnefigurar under himlinga i teatersalen. Vidare utførte han plastiske detaljar til Historisk museum, Kunstindustrimuseet, Justisbygningen og Norges Bank (no Museet for samtidskunst), der kolossalgruppa Arbeid og fred, to figurar med riksvåpenet mellom seg, pryder fasaden. 1905 utførte han relieff til monumentet over Harald Hardråde i Gamlebyen. Mellom einskildfigurane står Guten med beltet som hans fremste. Den livfulle, men harmoniske figuren med si glatte overflate er eit inntakande verk. Til Utnes intimskulptur må ein også rekna minnesmerket Fred på Nordre Gravlund; det eig ein stillferdig styrke.

Utne modellerte fleire portrettbyster, såleis av Marcus Thrane og av arkitekt Henrik Bull, som han hadde eit nært samarbeid med om mange store byggeprosjekt. Portrettet av odelstingspresident og statsråd Lars K. Liestøl utmerkjer seg ved intimt formspråk og skarp karakterisering. Utne modellerte også fleire medaljar, m.a. til Carnegies heltefond. Skatta for sine mange dekorative arbeid vart han også involvert i større oppgåver innan gullsmedfaget. Mest kjent er eit overdådig bordgarnityr i sølv til dronning Maud, laga i samarbeid med Torolf Prytz.

Lars Utne deltok i kunstnarorganisasjonane, m.a. to periodar i Bildende Kunstneres Styre. Frå 1903 like til han døydde, var han overlærar i modellérklassen ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Gjennom si pedagogiske gjerning gjorde han ein stor innsats for å utvikla norsk plastisk kunst. Gunnar Janson har karakterisert han som “en fast og myndig personlighet som skjøttet sin lærergjerning med uanfektet og overlegen saklighet”.

Ragnhild Qvam Utne gav 1931 kunstnarens etterlatne arbeid til heimbygda; samlinga står no i den eldfaste museumsbygningen til Hardanger Folkemuseum på Utne.

    Eit utval

  • Dømt (skulpturgruppe) og to Justitia-figurar, 1890-åra, Reichsgericht (no Bundesverwaltungsgericht), Leipzig, Tyskland
  • Sigurd Fåvnesbanes død (sandstein), 1901, Nationaltheatret, Oslo
  • To ynglinger med løve og To ynglinger med tiger (båe bronse), sst.
  • Dramaet, Komedien, Dansen og Tragedien, sst.
  • Henrik Bull (byste, gips), før 1904, SHKS, Oslo
  • Harald Hardråde (bronserelieff), 1905, Harald Hardrådes plass, Oslo
  • Arbeid og fred (kleberstein), 1906, Norges Bank (no Museet for Samtidskunst), Bankplassen, Oslo
  • Marcus Thrane (byste, bronse), 1910; Folkets Hus, Oslo
  • Mathias Skeibrok, portrettrelieff (bronse), 1911, på Skeibroks grav, Vår Frelsers gravlund, Oslo
  • Gutten med beltet (bronse), 1915, NG
  • Lars K. Liestøl (byste, marmor), u.å., Stortinget, Oslo
  • J. Thiis: Norske malere og billedhuggere 3, Bergen 1905, s. 32
  • A. Durban: Norsk skulptur gjennem hundre år, 1942, s. 48–49
  • R. Storaas: Bilethoggaren Lars Utne og samlingane hans, Utne 1960 (og seinarre utg.)
  • M. Fritsvold i Vår bank nr. 1/1960
  • E. Røine: Vandring i Nationaltheatret, 1967
  • Ø. Parmann: Tegneskolen gjennom 150 år, 1971, s. 266–267 o.fl.st.
  • O. Thue: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • d.s. og S. Rømke Thue: biografi i NKL, bd. 4, 1986

    Kunstnarlege portrett

  • To måleri av Christian Krohg, båe antakeleg 1888; attgjeve i O. Thue: Christian Krohgs portretter, 1971, plansje 22 og 24
  • Karikaturteikning av Olaf Gulbranson, 1896; attgjeve i M. Schulerud: På Grand i hundre år, 1974, s. 119
  • Relieff (granitt) av Torbjørn Alvsåker, 1922; på Utnes grav, Vestre gravlund, Oslo