Skodespelar. Foreldre: Gardbrukar Knut Haldorsen (1843–1927) og Eli Jørgensdotter Leidal (1842–1927). Gift 5.7.1923 i Kristiania med Gudrun Friedricksen (16.11.1894–27.11.1982), dotter til kjøpmann Severin Peter Friedricksen (1850–1919) og Gerhardine Olivia Gundersen (1852–1926).

Lars Tvinde var eit naturtalent som utvikla seg til å bli ein av dei fremste karakterskodespelarane i norsk teater på 1900-talet. Med frodig og livsglad folkehumor som utgangspunkt skapte han uvanleg fantastisk-groteske figurar i både det komiske og det tragiske rollefaget.

Tvinde voks opp på ein traust bondegard på Voss, som òg fungerte som skysstasjon for farande folk av ulikt slag. Livsglad og nysgjerrig studerte han det mangfoldige folkelivet. Samstundes arbeidde han som gjetar, skyssgut og onnekar.

Etter å ha gått to år på den nye folkehøgskolen til Lars Eskeland byrja Tvinde som butikksvein hos halvbroren til faren, der han vart verande i 8 år og lærte å kjenne mennesketypar frå mange ulike land og miljø. Han sa sjølv at åra bak krambudisken hadde vore ein god teaterskole. Samstundes var han ein aktiv amatørskodespelar i Voss Spellag, så det var eigentleg ein velrøynd teatermann som 1912 vart dregen inn i startfasen til Det Norske Teatret, der han var ei hovudkraft heilt til han gjekk av med pensjon 1957. Dei to første åra arbeidde han òg som maskinmeister.

Det var Tvinde som sa fram den første replikken som Trond på Bøen i Ervingen av Ivar Aasen på opningsframsyninga i Kristiansand 2. januar 1913. Dei første åra gjorde han særleg lykke i folkekomediar. Naturtalentet skapte ein særmerkt komediestil, bygd på eit grotesk tvisyn. Tvinde makta å sveise saman merkelege detaljiakttakingar til ein naturleg heilskap. Han fekk eit gjennombrot i den komiske sjangeren 1916 som bygderaringen Tuppe-Morten i den danske folkekomedien Bolettes bryllaupsferd av Orla Bock og Henrik Malberg. Med fantasifull bruk av maske, mimikk, kostymering og ganglag skapte han groteske komediefigurar, t.d. den låghalte originalen Daniel med flirefjeset i Situasjonens herre av Vilhelm Krag (1915). Året etter fekk han mange lovord for den elskverdige fløytespelaren i Jeppe Aakjærs Når bønder elskar.

Den første alvorlege karakterrolla hadde Tvinde som Salomon Storbrekke i Garborgs Læraren (1914), men eit verkeleg gjennombrot i den tragiske sjangeren fekk han 1921 som den gamle knarken Rike-Knut i Ran av Eindride Tveito. Han skapte òg ein fantastisk figur av den halvgamle Tuss-Jo som løyser ut katastrofen i Henrik Rytters Herman Ravn (1924) og gav ei gripande tolking av den truskuldige bondeguten i Godvakker-Maren av Oskar Braaten (1927).

Tvinde takla òg den klassiske komedien, m.a. Holberg-figurane Pierre i Jean de France (1930) og Herman von Bremen i Den politiske kannestøyparen (1940) og Harpagon i Molières Gjerugknarken (1939) og Argan i Den innbilt sjuke (1951). 1934 spela han med stor suksess Jeppe på Berget i Hans Jacob Nilsens moderniserte versjon. Og som Laksamålaren i Veslelorden av Olav Hoprekstad (1931) skapte han ein av sine beste lystspelfigurar. Han hadde òg lynne for Kaj Munks særeigne humor; med diskret komikk gav han ypparlege karakteristikkar av Presten i Ordet (1933), Den engelske sendemannen i Sigeren (1936), Predikanten i Kjærleik (1940) og den drukne munken i Niels Ebbesen (1945), der han igjen kopla saman det komiske og det tragiske. Karakterskodespelaren nådde eit høgdepunkt som ein infernalsk Didrik i Olav Duuns Medmenneske (1937). På ein gripande måte makta Tvinde å spela på tvisynet i vondskapen, slik at Didrik likevel vart eit uvanleg medmenneske. Kritikkane var overveldande, og Tvinde vart tildelt den første Kritikarprisen for denne eminente prestasjonen. Stykket vart sett opp att både 1939 og ved 50-årsjubileet til Det Norske Teatret 1963.

Overgangen var stor til Sidney Howards heidundrande farse Stakkars Tony (1938), der karakterkomikaren laga ein av sine mest saftige typar av den italienske vinbonden Tony. Han overtydde òg som ein typisk amerikansk storbonde i Mus og menn av John Steinbeck (1939). Realistisk truverdig forma han så ulike karakterar som Agilulf i Hans E. Kincks Agilulf den vise (1942), Vår Herre i Guds grøne enger av Marc Connelly (1947) og Knappestøyparen i Peer Gynt (1948). Han gav diskrete og ruvande tolkingar av Chris i Anna Christie av Eugene O'Neill (1951) og den døyande Krister i Bleikeplassen av Vesaas (1953). Her makta Tvinde igjen å gi truverdig innsyn i ein djupt menneskeleg tragedie. Og han lyfta den blinde spåmannen Teiresias opp på eit tidlaust plan både i Antigone (1945) og Kong Oidipus (1957).

Eit nytt høgdepunkt i den tragisk-groteske sjangeren nådde Tvinde som Edgar i Strindbergs Dødsdansen (1949). Artillerikapteinen stod fram som brutal, komisk og inderleg tragisk på same tid. 1953 spela han Gubben Hummel i Spøksonaten med fullkomen sadistisk vondskap. Den svenske instruktøren Olof Molander gav denne attesten: “Tvinde er den største samtidsskodespelaren i norsk teater.”

Våren 1957 gjekk Tvinde ut av ensemblet, men han var òg aktiv som pensjonist. Han laga fargerike portrett av sysselmannen Tor Eindrideson i Husfrue 1960 og Gamle Ekdal i Vildanden 1968. 1965 spela han Gammal-Jostein i Spelet om Heilag Olav på Stiklestad.

Tvinde hadde òg fleire filmroller. Han debuterte 1929 som Haldor i Rasmus Breisteins Fante-Anne, spela Lars Timiansbakken i Himmeluret (1925), Dokteren i Godvakker-Maren (1940) og Torgal Skaret i Trysil-Knut (1942). Men mest kjend er han nok som Sebaldus Sjæl i Fant (1937) og Lensmann 2 i Gjest Baardsen (1939), begge med Tancred Ibsen som regissør. Han arbeidde òg i Radioteatret og som opplesar, særleg av Per Sivles Vossa-stubbar.

Lars Tvinde var styremedlem i Norsk Skuespillerforbund 1932–39. Han vart tildelt Hulda Garborgs stipend 1926 og Kritikarprisen 1937, fekk Statens kunstnarløn 1955 og vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden 1964.

  • Det Norske Teatret 1913–1938, 1938
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963, 1963
  • O. Dalgard: Lars Tvinde. Biografi, 1966
  • O. Dalgard: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • L. Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 1963–1988, 1988
  • L. T. Braaten, J. E. Holst, J. H. Kortner (red.): Filmen i Norge. Norske kinofilmer gjennom 100 år, 1995
  • SNL, bd. 14, 1998
  • HEH, fleire utg.
  • arkivet på Det Norske Teatret
  • Måleri av Agnes Hiorth, 1961; Det Norske Teatret, Oslo
  • Portrettbyste av Ståle Kyllingstad, u.å.; sst
  • Måleri (som Didrik Dale i Medmenneske) av Eva Seliga, 1970; sst