Faktaboks

Lars Reinton
Fødd
29. mars 1896, Hol, Buskerud
Død
15. oktober 1987, Oslo
Verke
Historikar
Familie
Foreldre: Lærar og kyrkjesongar Sigurd Reinton (1855–1932) og Ågot Skattebøl (1860–1937). Gift 1939 med rektor Ingrid Evang (8.8.1904–30.10.1984), dotter til byråsjef Jens Ingolf Evang (1873–1914) og adjunkt Anna Wexelsen (1875–1954). Svoger til Karl Evang (1902–81) og Vilhelm Evang (1908–83).

Lars Reintons namn er først og fremst knytt til lokalhistorisk forsking og organisasjonsarbeid. Bygdebokverket om heimbygda Hol vart mønstergjevande, og meir målmedvite enn nokon annan arbeidde han for å skape ei vitskapleg og organisatorisk sikker plattform for lokalhistoria.

Reinton voks opp i ein heim og eit miljø med sikker forankring i tradisjon og historie, og der ættekjensla var sterk. Talande er den setninga den niårige guten skreiv inn i dagboka si ved utgangen av året 1905: “Du gamle Nøri, so jaga Kongen sum ein fremanukse”! Etter eit år på folkehøgskolen gjekk han 1914 i gang med lærarutdanning. Lærarprøva tok han 1917 og examen artium to år seinare. 1928 vart han cand.philol. ved universitetet i Oslo med historie hovudfag, og 1940 dr. philos.

Til saman 24 år var Lars Reinton lærar og lektor i den høgre skolen, på Buskerud folkehøgskole 1919–21, i Arendal 1929–34 og deretter i Aker/Oslo til 1955. Skolearbeidet tok han på alvor, noko bøkene Den norrøne litteraturen og Gamalnorsk og gamalislandsk vitnar om. Men han makta òg å kombinere skolearbeidet med forsking og ein mangslungen innsats som kulturarbeidar.

1955 vart Reinton statsstipendiat og kunne samle seg om det storstilte forskingsarbeidet som han var i gang med, nemleg soga om det norske sæterbruket, i regi av Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Det vart tre dryge band (1955, 1957 og 1961).

Dokoravhandlinga frå 1940, Villandane, kalla han “ein etterrøknad i norsk ættesoge”. Det var sine eigne forfedrar, Villandsætta frå øvre Hallingdal, han skreiv om; historier han hadde høyrt frå han var ein neve stor. No tok han tradisjonen for seg, og ved å dra inn tingbøker og anna historisk materiale frå 1600- og 1700-talet kunne han både verifisere tradisjonen og vise korleis ættegransking kunne drivast på vitskapleg grunnlag.

Doktoravhandlinga er å rekne som eit biprodukt av arbeidet med heimbygdshistoria, eit arbeid som han aldri slepte taket i. Heilt frå sin tidlege barndom var Reinton oppteken av ætt og tradisjon, noko som går levande fram av dagboka, som han førde noko uregelmessig frå sitt 10. til sitt 25. år. Det systematiske og vitskaplege arbeidet med bygdesoga starta i 1920-åra, m.a. valde han bygdehistoria fram til 1815 som emne for hovudoppgåva si. Første bandet av bygdebokverket Folk og fortid i Hol kom 1938, det 8. og siste 1982. Dei to første banda tek for seg den generelle bygdesoga, dei fem følgjande er gards- og ættesoge, og verket blir avslutta med eit gjennomarbeidt registerband.

Gards- og ættesoga skreiv han saman med broren Sigurd S. Reinton. I sitt slag er verket til Reinton-brørne eineståande: Bygda, gardane, husmannsplassane og alt folket er granska under eitt. Ingen person var for liten til å få sin plass, inga stove så ring at ho ikkje kunne fortelje noko.

Då første bandet kom 1938, hadde Andreas Holmsen sendt ut dei første hefta av si bygdehistorie om Eidsvoll. Dei to forfattarane arbeidde uavhengig av kvarandre, og det er ulikskapar i dei opplegga dei valde for historieverka sine, men dei har ein ting felles: den reint vitskaplege grunninnstillinga. På kvar sin måte braut dei med gamle former og tradisjonelle opplegg og skapte ein ny standard for bygdebøker.

Like skjellsetjande for lokalhistoria vart den innsatsen Lars Reinton gjorde som formann i Landslaget for bygde- og byhistorie (no Landslaget for lokalhistorie) i 25 år (1945–70) og som mangeårig redaktør av Landslagets tidsskrift Heimen (1955–66). Tida etter den andre verdskrigen vart ei sterk veksttid for den lokalhistoriske rørsla, og entusiasmen slår igjennom i Lars Reintons karakteristikk av lokalhistoria som “den glade vitskapen”. Landslaget og Heimen kom til å spele ei sentral rolle, m.a. gjennom ei aktiv konsulent- og rettleiingsteneste, som førde direkte fram til skipinga av Norsk lokalhistorisk institutt 1955. Lars Reinton var ei drivkraft i dette arbeidet. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1970. Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi vart han 1953.

I dagboka si (Rolv Rimes dagbok) skriv den unge Lars Reinton rett frå hjarta og utleverer sine inste tankar. Han lika å vere best, men det førde ikkje til ovmod. “Eg er ærekjær veit du,” noterer han 3. mai 1916, men det var på vegner av målsaka – han hadde styrt eit møte i regi av det lokale mållaget. Målsak, fråhaldsak og norskdom går att i dagboknotat frå tidlege barneår, og det er omgrep som seinare i livet utkrystalliserer seg i engasjementet for lokalhistoria. “Eg er demokrat frå botnen av mi sjel. Eg trur på folket, på folkemålet, på folkekulturen,” skreiv han som 25-års student. I sitt liv og virke viste han at det ikkje var tome ord.

Verker

  • Folk og fortid i Hol, bd. 1–2, 1938–43
  • Villandane. Ein etterrøknad i norsk ættesoge, 1939
  • Den norrøne litteraturen, 1946
  • Gamalnorsk og gamalislandsk (sm.m. P. Grøtvedt), 1949
  • Sæterbruket i Noreg, bd. 1–3, 1955–61
  • Til seters. Norsk seterbruk og seterstell, 1969
  • Den lokalhistoriske rørsla og den moderne bygdehistorie 1900–1920, i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, 1970, s. 33–53
  • Folk og fortid i Hol, bd. 3–7 (sm.m. S. S. Reinton), 1972–79, bd. 8 (felles register, sm.m. E. Reinton og M. Myhren), 1982
  • Sjå G. Bæra: Lars Reinton. Ein bibliografi, Elverum 1973

Kilder og litteratur

  • H. Eng (utg.): Rolv Rimes dagbok, 1935
  • Stud. 1919, 1934, 1969
  • HEH, fleire utg.
  • H. Bjørkvik: “Landslaget for bygde- og byhistorie”, i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, 1970, s. 143–193, trykt opp att i I arbeid for lokalhistorie og kulturvern. Landslaget for lokalhistorie 75 år, 1995, s. 11–42
  • O. Bø: “Minnetale over Lars Reinton”, i DNVA Årbok 1988, s. 217–221
  • samarbeid og personlege samtalar med Lars Reinton

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Fotografi i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år, 1970; p.e
  • Fotografi i DNVA Årbok 1988, s. 216; p.e