Faktaboks

Lars Røstvig
Lars Jakobsen Røstvig
Fødd
17. august 1846, Hemne, Sør-Trøndelag
Død
1. februar 1936, Trondheim, Sør-Trøndelag
Verke
Misjonær
Familie
Foreldre: Lærar og gardbrukar Jakob Steffensen Røstvig (1821–52) og Maren Larsdotter Romundset (1815–68). Gift 10.9.1876 i Morondava, Madagaskar med Anne Elisabeth Figved (17.5.1846–9.2.1878), dotter til handelsmann Lars Guttormsen Figved (f. 1801) og Anne Elisabeth Valentinsen (f. 1814); 2) 14.4.1881 i Tulear (no Toliary), Madagaskar med Martha Serine Olsen Finnestad (9.9.1862–19.1.1941), dotter til seilmakar Ole Olsen Finnestad (1835–1911) og Marie Sivertsen (f. 1836).

Lars Jakobsen Røstvig arbeidde som pionermisjonær på vestkysten av Madagaskar i til saman 37 år frå 1874, mesteparten av tida i Tulear (no Toliary). Han grunnla misjonsstasjonane i Tulear og Morondava, og innsatsen hans tydde mye for utviklinga av misjonen.

Røstvig voks opp under svært fattige kår i Hemne. Han seier sjølv at dei harde livsvilkåra i oppveksten bidrog til å forme karakteren slik at han heldt ut under krevjande bu- og arbeidstilhøve på Madagaskar. Etter at faren døydde da Lars var seks år gammal, sat mora att med forsørgjaransvaret for fem barn. Då Lars var 12 år gammal, flytta han heimanfrå og budde og arbeidde som dreng på ein annan gard i bygda. Etter impulsar frå haugianarane, med deira sterke fokus på gudsfrykt og omvending, opplevde Røstvig 1863 eit kristent gjennombrot.

I 22-årsalderen søkte Røstvig seg til Misjonsskolen i Stavanger, men på grunn av manglande forkunnskapar vart han ikkje teken opp før han hadde supplert desse gjennom privatundervisning. Etter tre år med lange og krevjande studiedagar avslutta han studia 1873. Biskop von der Lippe i Kristiansand ordinerte han til misjonsprest 1874.

Det var først etter at Røstvig kom til Madagaskar, at han fekk greie på at han skulle etablere ein misjonsstasjon på vestkysten. Han var ikkje budd på ei slik oppgåve. Kummerlege butilhøve, mangel på språklege hjelpemiddel, det varme og fuktige klimaet og ikkje minst den til dels fiendtlege haldninga til lokalbefolkninga, gjorde dei første åra svært krevjande. Ei rekkje gangar vart han overfallen, og ved fleire høve vart han trua på livet med våpen. Dessutan var det vanskeleg å vere vitne til slavehandelen, som gjekk føre seg i stor målestokk. Alt dette sleit på Røstvigs fysiske og mentale helse. Han kom i tvil om han hadde dei nødvendige føresetnadene for å vere misjonær, om han hadde “den troesstyrke og den glade villighet til at ofre livet i kampen for Guds riges sag blant hedningene”.

Arbeidsforholda i Tulear var uhyre vanskelege heilt til 1886, da det kom ein noko meir vennlegsinna person som høvding. Men det var først etter at hovaene etter eit blodig slag 1890 tok kontrollen over Tulear, at arbeidsforholda blei nemneverdig betre. Hovaene var vennleg innstilte til misjonsarbeidet. Det viste seg likevel at dei ikkje makta å bringe opprørske element blant sakalavar og baraer i sjakk.

Det er på denne bakgrunnen vi må forstå Røstvigs sterke sympatiar for franskmennene då dei koloniserte øya 1895. Han hadde nær kontakt med franske koloniembetsmenn over fleire år. Røstvig og kolonimakta hadde gjensidig nytte av kvarandre: Franskmennene gav misjonen betre arbeidsforhold medan embetsmennene innsåg at misjonsarbeidet hadde stabiliserande verknad i lokalsamfunnet.

Trass i at Røstvig hadde openberre sympatier først for hovaene, og seinare for den franske kolonimakta, fekk han gjennom strategisk kløkt og oppofrande arbeid stor tillit i lokalbefolkninga. Hans gode kjennskap til lokalt språk og kultur gjorde at han kunne gå inn i rolla som bodbringar mellom dei involverte partane i borgerkrigen og som tolk i forhandlingane mellom dei franske kolonistyrkane og den lokale “kongen”.

Røstvig kjempa også aktivt mot slavehandelen. Gang på gang skreiv han brev til den britiske konsulen i Tamatave og bad han formidle vidare til dronninga dei skandaløse tilhøva i Tulear. Han gav nøyaktig informasjon til den britiske marinen, som jakta på slaveskuter til og frå vestkysten av øya. I sin siste og tredje periode, 1904–11, fekk han glede av å oppleve at hans lange og uthaldande innsats byrja å gje gode resultat.

Røstvig var ein flittig skribent i Misjonstidende. Han skreiv også boka Sakalaverne og deres Land. Etter at han kom heim for godt 1911, vart han året etter utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1912 for sin lange og sjølvoppofrande innsats.

Verker

  • Sakalaverne og deres Land, Stavanger 1886
  • ei lang rekkje artiklar og brev i Norsk Misjonstidende, 1874–1911

Kilder og litteratur

  • G. Petersen: “Misjonsprest L. Røstvig som jeg så ham”, i Luthersk kirketidende 1936, s. 203–209
  • E. Danbolt: Det norske misjonsselskaps misjonærer 1842–1948, Stavanger 1948
  • R. Bolling: Lars Røstvig. Pionér på Solskinnsøya, Stavanger 1952
  • E. Birkeli: biografi i NBL1, bd. 12, 1954