Skreddar og politikar. Foreldre: Husmann Tore Ingebrigtson Moen (1859–1944) og Marie Larsdotter Dale (1862–1903). Gift 1911 med Kirstine Diseth (14.11.1878–24.3.1948), dotter til korporal Tollef Diseth (1851–1929) og Anne Engebretsdotter Thingstad (1853–79).

Lars Moen var stortingsmann for Arbeidarpartiet i 30 år og kyrkje- og undervisningsminister 1948–53. Han vann stor respekt som statsråd, m.a. ved at han fekk oppretta fleire sentrale kulturinstitusjonar, og han la fram dei første forslaga om 9-årig skole.

Moen var født på husmannsplassen Rånålykkja nørdst på Lesja. Da han var fire år, flytta familien til plassen Moen, og det var herifrå han hadde namnet. Etter folkeskole og framhaldsskole reiste Lars til Lillehammer for å gå i skreddarlære. Det var nok her han først møtte den unge arbeidarrørsla som hadde kome hit i samband med utbygginga av jernbanen.

Etter ei tid på Elverum, der Moen m.a. fann seg kone, kom han til Dombås som skreddar 1911. Her vart han buande resten av livet. Han vart sentral i oppbygginga av arbeidarrørsla i Gudbrandsdalen, først som leiar av den lokale arbeidarforeininga, og som leiar av kretspartiet i Nord-Gudbrandsdalen. 1932 vart han formann i Gudbrandsdalens Arbeiderparti og sat som formann heilt fram til 1949.

Han kom tidleg med i lokalpolitikken som medlem av kommunestyret i Dovre frå 1919, og her sat han samanhengande fram til 1941 med unnatak av perioden 1926–28. Han var med i formannskapet frå 1923, og var varaordførar 1938. Dovre var elles ein av dei to første kommunane i dalen som fekk ordførar frå Arbeidarpartiet, frå 1925. Moen vart fast stortingsrepresentant frå 1928 (varamann frå 1924), og sat samanhengande på Stortinget i 30 år. Han kom med ein gong inn i kyrkje- og undervisningskomiteen.

Moen viste tidleg interesse for kulturspørsmål, spesielt målsaka. Og han engasjerte seg sterkt i fråhaldsrørsla. Men det var skolespørsmål som mest kom til å stå i sentrum for interessene hans. Han dreiv med skolearbeid på alle plan. Betre folkeskolar i bygda var ein hovudpost på valprogrammet til Dovre Arbeiderparti tidleg i 1920-åra. 1937 kom Moen inn i fylkesskolestyret i Oppland, som formann frå 1939. Og da han kom på Stortinget, kom han altså inn i kyrkje- og undervisningskomiteen, eit arbeidsfelt som skulle kome til å stå sentralt i heile livsverket hans. Dessutan var han med i fleire kommisjonar som arbeidde med skolespørsmål.

Moen kom med i illegalt arbeid da krigen kom, og han vart arrestert. Først kom han til Grini, seinare til Sachsenhausen. Ein av dei tinga han gjorde for å få desse vonde åra til å gå, var å skrive dikt. Dikta hans frå denne tida kom med i samlinga Dikt frå Sachsenhausen.

Da freden kom, heldt han fram med arbeidet i Stortinget, frå 1946 som formann i kyrkje- og undervisningskomiteen. Den breie skolepolitiske erfaringa han hadde, var ein viktig årsak til at han 1948 kom inn i regjeringa som kyrkje- og undervisningsminister. Det var ikkje alle som likte at skreddaren frå Dovre fekk denne jobben. Men det skulle syne seg at Moen skulle bli ein sterk og nyttig statsråd, ikkje minst for kulturlivet på bygdene.

Tiltak som kom i gang i hans statsrådstid, var nok i stor grad motiverte ut frå hans bakgrunn i eit bygdemiljø. Dette var tiltak som Riksteatret, Riksgalleriet og Norsk Bygdekino, som var med på å bringe den kulturen utover bygdene som tidlegare berre byane hadde nytt godt av. Men det kom også andre tiltak i gang som har vore med på å prege heile den norske kulturutviklinga, slik som Norsk Språknemnd, og viktige undervisnings- og forskningsinstitusjonar som Universitetet i Bergen, Norges allmennvitenskapelige forskningsråd og Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd.

1953 fekk Lars Moen slag, noko som gjorde at han måtte trekke seg attende frå regjeringa, men han heldt fram med stortingsarbeidet heilt fram til 1957. I tillegg til dette hadde han denne tida også fleire andre viktige tillitsverv.

  • Dikt fra Sachsenhausen (sm.m. O. Dalgard, C. J. Jakhelln og B. Aanesen), 1945
  • HEH, fleire utg.
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • “Frispråk fra Dovre”, portrett av Lars Moen, i Arb.bl. 1.11.1958
  • nekrolog i Aftenp. 24.7.1964
  • Nordby, bd. 1, 1985

    Upublisert materiale

  • Privatarkiv i Opplandsarkivets avd. Dombås
  • Teikning av ukjend kunstnar; trykt i Arb.bl. 1.11.1958
  • Portrett av ukjend fotograf; trykt i Arb.bl. 24.7.1964