Treskjerar. Foreldre: Husmann og målar Trond Larsson Hus (1806–78) og Marta Helgesdotter Bråvoll (f. 1822). Gift 1) i Sund 11.11.1869 med Johanne Amalie Andrea Johannesdotter Kjærland (16.9.1844–14.8.1881), dotter til lærar og klokkar Johannes Johnson Kjærland (f. 1804) og Karen Andrine Sommer Gartner (f. 1808); 2) i Kinsarvik 28.1.1885 med Anna Johannesdotter Lofthus (4.5.1862–14.4.1888), dotter til bonde Johannes Larsson Lofthus (f. 1819) og Marita Olavsdotter Hus (f. 1827); 3) i Kinsarvik 13.6.1889 med Kristi Arnesdotter Skeie (6.11.1863–1950), dotter til forpaktar Arne Nilsson Skeie (f. 1810) og Kari Brigtsdotter Mo (f. 1818).

Lars Kinsarvik er kalla skaparen av “den norske stilen” i nyare treskjerarkunst, og spela ei viktig rolle i norskdomsmiljøet rundt 1900, også som spelemann, målmann og foredragshaldar.

Faren var ein kjend rosemålar, og Lars synte tidleg anlegg for teikning og måling. 1864 vart han sendt til Stavanger i målarlære. Eit par år seinare kom han til teikneskolen i Bergen, og han var ei tid elev hos målaren Anders Askevold. Men snart tok interessa for treskurd meir og meir over, og spesielt vart han inspirert av arbeid han såg etter treskjeraren Ole Olsen Moene frå Oppdal. Kinsarvik heldt likevel oppe ei verksemd som kunstmålar heile livet.

Sist i 1870-åra var Kinsarvik så etablert som treskjerar at han tok til å ta imot elevar. Frå denne tida kom han også i kontakt med Henrik Grosch, den seinare direktøren for Kunstindustrimuseet i Kristiania. Det var Grosch som tok initiativet til å starte treskjerarskolar for å gi ungdom utdanning i treskurd og såleis hjelpe fram husfliden. Kinsarvik starta ein slik skole 1886, og han fekk stor påverknad på treskurden i landet gjennom elevane sine.

Kinsarvik tok frå tidleg i 1880-åra til å orientere seg mot det som vart kalla den “nordiske” stilen eller dragestilen, basert på ornamentikken i stavkyrkjeportalane og dyreornamentikken frå førkristen tid. Denne stilen fekk gjennomslag i arbeidet hans frå 1885. Frå midt i 1890-åra tok han også til å fargeleggje skurden, og han utvikla eit eige fargesystem dominert av djupe blå- og grønfargar. For å få større effekt ut av dette slutta han å lage berre små turistprodukt og pyntegjenstandar, og gjekk over til å lage store ting, som møblar, spesielt skåp og stolar. Han fekk nå også fleire utsmykkingsoppdrag, som spisesalane på Mælands hotell i Granvin og det nye Hotell Hardanger i Odda og ungdomshuset Krossvoll i Ullensvang. Gjennombrotet som kunstnar kom sist i 1890-åra. Ved sida av utsmykkingsoppdraga hadde han gjennom mange år tatt del på utstillingar i inn- og utland, m.a. på verdsutstillinga i Paris 1900, med stort hell. Frå 1899 fekk han årleg statsstipend så lenge han levde.

1905 flytta Lars Kinsarvik med familien frå Kinsarvik til Sunnmøre, først til Ørsta, seinare til Volda, der han heldt fram med å ta imot elevar. I dei første åra framover fekk han mykje arbeid med å innreie kaffistover rundt om i landet, først og fremst i Kristiania og Trondheim, men også i andre byar. Frå 1910 fekk han også etter kvart fleire oppdrag med å lage innreiing i kyrkjer, fargesette kyrkjerom og restaurere eldre kyrkjeinventar. Det største kyrkjearbeidet hans er i Eid kyrkje i Nordfjordeid, der han både laga nytt interiør og måla heile kyrkjerommet.

Ved sida av treskjeringa engasjerte Kinsarvik seg mykje i folkemusikken, både som spelemann og kappleiksdommar. Han var også kjelde for Grieg da denne dreiv innsamling av folkemusikk. Kinsarvik var dessutan journalist og diktar, og 1904 gav han saman med Halvdan Koht ut folkeskriftet Gamall norsk prydkunst. Han var også mykje brukt som foredragshaldar, og han hadde eit nært forhold til folkehøgskolen, som lærar både i Hardanger og på Sunnmøre.

Frå 1915 tok Lars Kinsarvik til å miste synet på grunn av grøn stær, og 1917 flytta han og den tredje kona attende til Kinsarvik, der han budde til han døydde.

    Treskjerar- og utsmykkingsarbeid (eit utval)

  • Dekorasjonar på Mælands hotell, Granvin, 1890
  • dekorasjonar på Hotell Hardanger, Odda, 1896
  • dekorasjonar på ungdomshuset Krossvoll, Ullensvang, 1901
  • skap, Gamlehaugen, Bergen, 1901
  • møbler, Hotell Trønderheimen, Trondheim, 1913
  • interiør til Eid kyrkje, Nordfjordeid, 1915

    Trykt materiale (eit utval)

  • Om det keltiske element i norsk treskjæring, i Ringeren 1899, s. 548–550
  • Gamall norsk prydkunst (sm.m. H. Koht), Norske folkeskrifter 16, 1904
  • Trond Larsson Hus, i Hardanger 1914, s. 18–31
  • Olav Rusti, i Norsk Aarbok 1921, s. 63–69
  • Aa. K. Bu: “Lars Kinsarvik”, i Norsk Folkekultur 7, 1921, s. 69–72
  • J. Mannsaaker: “Lars Kinsarvik”, i Norsk Aarbok 1925, s. 138–149
  • M. Dagestad: “Vestlandshovdingen i treskurd, Lars Kinsarvik, og nokre minne fraa mi læretid paa Kinsarvik-verkstaden”, i Form og Farge 11, 1931, s. 161–169
  • R. Kloster: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • J. Carlsen: “Lars Kinsarvik. Mannen bak Hovdenrommet på Sunnmøre Museum”, i Sunnmøre Museum Årbok 1978, s. 7–16
  • d.s.: biografi i NKL, bd. 2, 1983
  • I. Skou: To norske treskjærere. Ole Moene og Lars Kinsarvik, 1991
  • A. Engen: Lars Kinsarvik. Skaparen av “den norske stilen” i nyare treskjerarkunst, Lillehammer 1996

    Kunstnarlege portrett

  • Teikning av Mons Breidvik, 1915
  • Måleri (skulderbilete) av Lars Osa, 1920; Hardanger folkemuseum, Ullensvang