Artist og lastebileigar. Foreldre: Vegvaktar Tor Storbukås (1916–90) og Marie Roaldstad (1918–). Gift 4.12.1971 med kontorsjef Pia Vivian Jessen (9.1.1953–), dotter til bygningsarbeidar Aksel Johan Jessen (1928–) og reinhaldsassistent Ruth Jørgensen (1929–).

Knut Storbukås har ved hjelp av karismatisk sceneutstråling og heimlege songar blitt ein folkekjær artist. Trass i stor suksess vil han likevel ikkje gje slepp på lastebilkøyringa.

Storbukås har oldefar frå Gudbrandsdalen, men Bostrak i Drangedal er heimstaden der han har sine røter. Han har berre folkeskulen, og knapt nok det: “To av dei sju åra sat eg nok på utedoen og røykte,” seier han sjølv. Lita glede over skulen har samanheng med at han hadde lese- og skrivevanskar. Han fortel gjerne at han aldri har lese ei bok. Men gleda over å lære å spele gitar var stor, og mor var læremeister.

Straks etter skulen blei det skogsarbeid, og då han var 18, tok han til å køyre lastebil for faren. I ungdomstida var Knut med i fleire band, m.a. Sputniks. 1968 kjøpte han seg lastebil og fekk sjølv tilnamnet “Sputnik”, for di han var så rask med å køyre og tippe grus.

Den gitarspelande og syngjande lastebilsjåføren blei 1986 lansert av plateprodusenten Terje Welle Busk i Bamble, med kassetten Sputnik 1. Tekstane handlar mest om kjærleikslengt og heimbygda. Seinare har det kome mest årlege kassettar/CD-er. Grunnserien har kome til Sputnik 13 (2003), men det har og blitt seks utgjevingar med andre titlar. Sjølv seier han at han er påverka av Hank Williams, Buck Owens, Alf Prøysen og Jens Book-Jenssen.

Noko oppsiktsvekkjande var det at Sputnik 1993 gav ut Bedehusmusikken til Sputnik. Men det folkereligiøse står han nær, og han er samanlikna med predikanten og songaren Aage Samuelsen når det gjeld syngjemåte. Samuelsen fekk 1986 overrekkje Sputnik den fyrste sylvplata. Sputnik-kulturen har særleg ein identitet som ikkje er definert frå toppen i samfunnet, og det same er tilfelle med den kristne lekmannsrørsla. Parallelt ser vi at suksessen har vakse fram som resultatet av ei folkerørsle, ikkje som marknadsføring frå store distributørar.

Sputnik kan ikkje noter, han spelar inn ei ny plate på tre timar og ser ikkje poenget med nytt opptak når han har sunge feil strofe. Musikkjennarar har vurdert han som uinteressant, men pianisten Kjell Bækkelund set pris på han og har akkompagnert han. Spelemannen Knut Buen meiner han høyrer heime i det utvida folkemusikkomgrepet.

Fram til 2004 har Sputnik selt ca. 1,1 million plater, fått 8 platinaplater (100 000 selde eksemplar), gjeve ut 9 videogram, vore presentert i vel 30 fjernsynsprogram og fått ei rekkje prisar, t.d. Drangedal kommunes kulturpris (1990), Årets artist i Norge (1990) og Telemarks reiselivspris (1991). Medan country-folket dreg på pilegrimsferd til Nashville, drog Sputnik 1990 til Moskva og spela Lukk opp din hjertedør på Den røde plass – til stor mediedekning. I Drangedal er det opna eit eige Sputnik-museum.

Årsakene til suksessen er ikkje lette å finne, men hans folkelege stil rører ved noko hos tilhøyrarane. Forfattaren Axel Jensen sa han er så ordinær at han blir original. Han vil helst vere vanleg lastebilarbeidar, men med omsut for Bostrak-samfunnet og for enkeltmenneske som kontaktar han. Vidare tek han gjerne ein kamp for norsk kultur, og uttaler seg negativt om engelske tekstar og utanlandske verdiar. Sputnik stiller gjerne opp dersom t.d. Redd Barna eller Radiumhospitalet treng gåver.

Det styrkjer også den folkelege identifikasjonen når Knut Storbukås uttaler at det beste han veit er å dra på fisketur med kona, danske Vivian. Ho syr kostyma og er kontorsjef i musikk- og lastebilfirmaet deira.

    Album

  • Sputnik 1–13, 1986–2003
  • Romjulskassetten, 1989
  • Den norske festkassetten, 1990
  • Bedehusmusikken til Sputnik, 1993
  • Gull og grønne skoger, 1996
  • Lykkeland i Zansibar, 1997
  • 24 sanger som rystet Norge, 2000

    Offentleg tilgjengelege lyd- eller biletepresentasjonar

  • Radioprogram v/Magne Lindholm, NRK, 1990
  • Fra Drangedal til Moskva, video, 1990
  • Sputnik live i Drangedal, video, 1991
  • Vi feirer 40 + 50, video, 1993
  • Til USA fra Drangedal, video, 1993
  • Vi feirer 10 år, video, 1995
  • Fra Drangedal til Zansibar, video, 1997
  • 40 år som artist, video, 1998
  • Sputnikfestivalen 2002, video, 2002
  • Jubileumsvideoen 2003, 2003
  • A. Jensen: Axel Jensen i Sputnikland, i Spekter nr. 1, 1992, s. 7–11
  • T. Rønningen: Sputnik. “Eg bare spellær, eg”, 1992
  • J. T. Tennfjord: Raketten langs landevegen, i Årbok for Telemark 1992, s. 9–46
  • B. Lunde: Sputnik. Sjokoladekake og melk på tanken, 2001

    Kunstnarlege portrett

  • Miniskulptur i leire av Ingrid Jonsmyr, 1993; Sputnikmuseet, Drangedal
  • Vivian og Knut, måleri av Ingrid Jonsmyr, 1996; Sputnikmuseet, Drangedal

    Fotografiske portrett

  • Sputnik i lastebilen, av Erling J. Robertsen, 1986; Sputnikmuseet, Drangedal
  • 1. gong i studio, av Vivian Storbukås, 1986; Sputnikmuseet, Drangedal
  • Portrett av Morten Krogvold, 1992; Sputnikmuseet, Drangedal