Rettshistorikar. Foreldre: Lensmann Magnus Robberstad (1867–1954) og Lydia Friis (1873–1939). Gift 1928 med Eldrid Fjalestad (28.5.1898–8.5.1971), dotter til bonde Tellef Fjalestad (1861–1934) og Gunhild Væting (1862–1942).

Knut Robberstad var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo 1941–69 og aktiv målmann mest all sin dag. Han var lærd og kritisk og ikkje redd for å innta kontroversielle standpunkt.

Robberstad var fødd i Herdla to år etter at hans far og farbror kjøpte fri leiglendingsbruket på Rubbestad i Bømlo, der dei kom frå. Han voks opp i Herdla og på Finnås i Bømlo, der faren vart lensmann 1913. Examen artium tok han i Haugesund 1918, finansiert av skipsreiar Knudsen der i byen. Deretter var han lensmannsfullmektig hos faren før han drog til Kristiania og studerte jus med eksamen 1923. Om studietida sa han: “Eg treivst ikkje ein dag.” Møtet med den urbane juristkulturen og embetsmannstradisjonane var ein kulturkollisjon. Etter kvart fekk han vener i Bondeungdomslaget (BUL) og elles i målrørsla, og denne tilhøyrde han deretter heile livet.

Han var dommarfullmektig i Eiker, Modum og Sigdal 1923–25, deretter drog han til Berlin med stipend 1925 og studerte rettshistorie, kyrkjerett og tingsrett. Frå 1925 var han sekretær i Lovavdelinga i Justisdepartementet og frå 1935 byråsjef. Dette førte til at han etter det tyske åtaket 9. april 1940 følgde regjeringa nordover frå Oslo for m.a. å skrive lovreglar som trongst i krig. Saman med stillinga i Lovavdelinga var han adjunktstipendiat i rettshistorie 1926–32. Frå 1927 var han òg lærar i kyrkjerett ved praktisk-teologisk seminar ved Menighetsfakultetet. Ved sida av lovarbeid arbeidde han rettsvitskapleg særleg med rettshistorie og sosialrett. Eit hovudarbeid då han vart utnemnd til professor 1941 (stadfest 1945), var Statsskipnad i Noreg og norske utbygder i eldre tid, serleg i vikingtidi. Men han hadde alt tidleg byrja å gi ut omsetjingar av mellomalderlover med Magnus Lagabøtes bylov 1923 og Gulatingslovi 1937.

Som professor førelas Robberstad særleg i rettshistorie og tingsrett, men og immaterialrett og forvaltningsrettslege fag som ekspropriasjonsrett og sosialrett. Førelesingane var kjende for omfattande kunnskapar og stor bruk av praktiske eksempel, kanskje særleg i tingsrettsførelesingane. Dette hang saman med at han heile livet var knytt til bonde- og fiskarkulturen, særleg på Bømlo, men òg i Telemark, der kona kom frå. Og generelt hadde han store kunnskapar om materiell folkekultur og folkloristikk. Han skreiv m.a. 7 små artiklar om Lov og rett i folkevisone. Under førelesingane kunne han vende seg svært direkte til studentar: Ved sida av ein som sat og noterte svært flittig stogga han og spurde: “Tenkjer du med pennen?”. Gjennom mange år dreiv han eit seminar der studentar og Robberstad saman omsette lover frå bokmål til nynorsk og tilbake. Her sameinte han sine røynsler som lovskrivar og målmann i eit kontinuerleg arbeid for å finne fram til den beste ordleggingsmåten.

Robberstad var ein svært kritisk rettsvitskapsmann, mot andre og mot seg sjølv. Gjennom mest heile tida som professor arbeidde han med eit manuskript til ei stor lærebok i tingsrett, og manuskriptet vart ferdigstilt i fleire utgåver. Men han såg det aldri som så fullført at han gav det ut. Derimot gav han ut lærebøker i rettshistorie, i kyrkjerett og i ekspropriasjonsrett. Og han skreiv mange artiklar, særleg i tingsrett. Den mest kjende er Kløyd eigedomsrett frå 1963, der han prøver å forklare korleis eigedomsrettar tradisjonelt har vore oppfatta i Noreg, og korleis dette må omdannast i rettspraksis når eit teoretisk romarrettsleg omgrep om eksklusiv eigedomsrett vert innført gjennom juridisk teori.

I Sivillovbokutvalet, som vart oppretta 1953, var Robberstad formann til 1969. Utvalet laga utkast til tingsrettslege lover, så som om grannehøve, gjerde, sameige, servituttar og hevd. Då dette arbeidet tok til, såg ein idealisten og demokraten i eitt gjennom hans uttrykte visjon “Lovene skal bli folkelesnad”. Det blei dei nok ikkje, sjølv om Robberstads lovstil nettopp var knapp, enkel og meiningsmetta. Han var òg formann og medlem i ein del andre større lovutval.

Karakteristisk for Robberstad som rettsvitskapsmann var i tingsretten eit særleg realistisk grep – han knytte reglane nær til den faktiske bruken som hadde vore utøvd, i rettshistoria ein kombinasjon av norskdom og eit ope auge for at norsk rett var utvikla i samspel med utanlandske tradisjonar, i forvaltningsretten respekt for samfunnsmessige behov og i kyrkjeretten ei ortodoks, kyrkjevenleg linje.

Ved sida av professoratet var Robberstad svært aktiv i ulike måltiltak og andre kulturtiltak, m.a. som formann i Noregs Mållag 1952–57 og direksjonsmedlem i Fortidsminneforeningen. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1949 og riddar av den svenske Nordstjärneorden og den islandske Falkeorden.

    Eit utval

  • Oms. Magnus Lagabøtes bylov, 1923
  • oms. Gulatingslovi, Norrøne bokverk 33, 1937 (4. utg. 1981)
  • Fyrelesningar um rettssoga i millomalder og nytid, 2 bd. (stensilert), 1943–47
  • Lærebok i kyrkjerett. Fyrelesningar på Det praktisk-teologiske seminaret til Menighetsfakultetet, 1945 (4. utg. 1963)
  • Sosialrett, 1955
  • Til ekspropriasjonsretten. Fyrelesingar 1954, 1956
  • Rettssoga, 1970 (4. utg. 1994)
  • Stud. 1918, 1950, 1968
  • “Med lov skal land byggjast”. Heidersskrift til Knut Robberstad 70 år, 1969
  • HEH, 1979, 1984
  • T. Falkanger: minnetale i DNVA Årbok, 1982
  • Juristmållaget (utg.): Minneseminar for Knut Robberstad, 2001