Skulemann og politikar. Foreldre: Bonde Ola Olson Markhus (1849–1928) og Marta Sakariasdotter Vinje (1843–83). Gift 1) 1904 med Aasa Kristine Leonora Larsen (17.5.1880–30.5.1905), dotter til målarmeister Thore Larsen (1852–1900) og Anne Karine Gunnarshaug (1854–1936); 2) 1909 med Kristine Amalie Jacobsen (20.9.1879–1.5.1966), dotter til skipsførar Ingebrigt Jacobsen (1851–1940) og Malena Nesheim (1848–1937).

Knut Markhus var framståande skulemann med bakgrunn i folkehøgskulen og aktiv på fleire område i skuleverket. Han hadde viktige posisjonar som stortingsmann for Venstre, og han var leiande i nynorskorganisasjonane og i fråhaldsorganisasjonane. Han fekk ry som ein framifrå folketalar.

Markhus tok lærareksamen ved Notodden lærarskule 1899 og var lærar i Skåre 1899–1902 og i Haugesund 1902–12. Han var redaktør av Haugesunds Avis 1911–13, opna på nytt Sunnhordland folkehøgskule på Halsnøy kloster 1914, var styrar fram til 1924, og var så lærar ved skulen og styrde ein småbrukarskule som var knytt til folkehøgskulen. 1929 vart han konstituert som skuledirektør i Nidaros og 1933 i Bjørgvin bispedøme, der han vart utnemnd 1937. Under den andre verdskrigen sat han i Bergens krinsfengsel ein månad våren 1942 og var avsett frå embetet frå mai 1942 og til frigjeringa. Han fekk avskil som skuledirektør 1949.

Markhus fekk tidleg ombod i partiet Venstre: Han var medlem av Haugesund bystyre 1908–10, av Fjelberg heradstyre 1917–19 og av Strinda heradstyre 1932–33. Han var òg stortingsrepresentant for Hordaland fylke 1922–24, 1925–27, 1928–30 og 1937–45, sekretær i Odelstinget 1925–27 og 1928–30, varapresident 1937–45. Markhus var parlamentarisk leiar for Venstre 1928–30. I skulesektoren hadde han fleire ombod, m.a. var han leiar i Noregs Høgskulelærarlag 1917–25 og frå 1937 leiar i Skuledirektørrådet.

I målrørsla gjorde Markhus ei viktig og arbeidsam gjerning. Alt 1905 var han med og skipa Haugesund Mållag og var leiar der 1905–08. Ein lang bolk med mange hende hadde Markhus leiarplassen i Noregs Mållag (1936–46, i okkupasjonsåra var laget nedlagd på grunn av nazifiseringa).

I fråhaldsorganisasjonane la Markhus ned mykje arbeid; såleis var han med i rådet åt Noregs storlosje av IOGT 1911–32. Han var med i programrådet for Norsk Rikskringkasting 1945–53.

Markhus byrja sitt yrkesliv då Noreg heldt på å riva seg ut or unionen med Sverige og nasjonale og demokratiske idear hadde ei blømingstid. “Det var den nasjonale viljen som var vakna på breid front,og skapte ein rik og sterk vokster i nasjonal leid,” skreiv han. Dette var grunnlaget for Markhus, og han mynta det ut i praktisk politikk både på Stortinget, i yrkessamanheng og i det friviljuge arbeidet han stødde.

I mellomkrigstida vart ei rad bynamn og områdenamn førde attende til meir opphavlege norske former, såleis vart Kristiania bytt ut med Oslo 1925 utan nemnande strid. Med då Stortinget vedtok å skifta Trondhjem ut med Nidaros, vart det reine stormen. Markhus hadde som parlamentarisk leiar for Venstre stått bak framlegget, som vart vedteke i Stortinget juni 1929, og då han i august same året kom som skuledirektør til Trondheim, vart han og huslyden utsette for uvanleg sterk mobbing.

Som skuledirektør hadde Markhus god kontakt med folk i distriktet, og han var ein god rettleiar og rådgjevar som gjorde særleg mykje for at skulen skulle fungera godt i etterkrigsåra. I politikken synte Markus stor vilje og evne til samarbeid, utan å gje avkall på det han meinte var rett og tenleg.

Målsak og fråhaldssak hadde ein trugen talsmann i Knut Markhus. Han var ein god møteleiar og ein dugande organisasjonsmann, og i hans leiartid i Noregs Mållag hadde nynorsken stor framgang som skulemål.

  • Plan for Sunnhordlands folkehøgskule, Halsnøy, Haugesund 1914
  • Ved innvigjingi av Sunnhordlands folkehøgskule 11te oktober 1914, Stord 1914
  • Sunnhordlands folkehøgskule, Stord 1918 (ny utg. 1921)
  • Aarsmelding um smábrukarskulen på Halsnøy Kloster 1919 og 1920, Stord 1920
  • Plan for Smaabrukarskulen ved Sunnhordlands folkehøgskule, Stord 1921
  • Forbodet, 1924
  • Oddmund Vik. Ein samfunnsbyggjar, Bergen 1960
  • Nynorsken i skuleverket, i I. Eskeland (red.): Halvtanna hundreår med Ivar Aasen,1964, s. 79–89
  • Privatarkivet til Markhus er i privat eige (familien)
  • E. Hirth: biografi i NBL1,bd. 9, 1940
  • Haffner, bd. 1, 1949
  • S. Sandvik: “Knut Markhus”, i H. Framnes, S. Eskeland og L. Jerdal (red.): Vestlandske mållag 1904–1954,Bjørgvin 1954, s. 220–223
  • I. Eskeland: I strid for norsk mål,1956
  • K. Gramshaug o.fl. (red.): Haugesund Mållag 1906–1956,Haugesund 1956
  • T. Greve: Det Norske Storting gjennom 150 år,bd. 3, 1964
  • R. Danielsen (utgj.): Protokoll for Venstres stortingsgruppe,bd. 2 og 3, 1976–78
  • B. Slapgard: Omkring namnestriden Trondhjem – Nidaros – Trondheim,Trondheim 1977
  • O. Almenningen o.fl.: Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981, 1981
  • Byste (bronsehovud på steinsokkel) av Ståle Kyllingstad, 1966; Sunnhordland folkehøgskule, Halsnøy