Klaus Sletten var bladmann og forkjempar for ungdomen heile livet, samstundes som han brann for målsak, fråhald og forsvar og kjempa til det siste for det han meinte var rett. Han veik ikkje unna for strid og kunne vera sta, slik at han ikkje alltid berre fekk takk for det han gjorde. Men dei som kom nær han, såg at sjølve grunndraget i livssynet hans var kjærleiken til andre.
Sletten var fødd i Høyland utanfor Stavanger 1877. Faren var kyrkjesongar, og 1882 reiste familien attende til heimstaden hans i Lindås ved Bergen. Klaus kom tidleg med i ungdomslaget, der han synte gode talegaver og vart formann. På eit stevne i Lofthus 1895 valde han veg, han ville “arbeide for å reisa ungdommen i reinare rekkjor”. Etter fleire innlegg i Den 17de Mai vart han journalist i avisa 1897–1916.
Sletten var eit arbeidsjarn og engasjerte seg sterkt i ungdomsarbeid. Han var oppteken av at “bylivet hev so lite aa bjoda bondeungdomen, mange vantrivst og lengtar attende til heimbygdi [...] dei treng samfeste”, og saman med fire andre tok han initiativ til å starta Bondeungdomslaget i Kristiania 15. oktober 1899. Med små avbrekk, m.a. for ein vinter på Askov folkehøgskole i Danmark (elles hadde han berre folkeskole og mellomskole), var han formann og styrte laget med disiplin og klare retningsliner gjennom mange harde brottsjøar i 15 år. Han var og ei av drivkreftene for kaffistove-institusjonen med “billeg mat, heimleg stell og vern mot skjenkestove- og varietélivet”.
Sletten var sterkt prega av tankane til folkehøgskolemannen Christopher Bruun. Dotter til Bruun, Margit, vart den første nestleiaren i Bondeungdomslaget. “Dei to levde lenge i aandelegt ekteskap i samarbeid til dei vart endelig gifte og,” skreiv Severin Eskeland i Bondeungdomslagets 30-årsskrift.
Sletten gav ut ungdomsbladet Symra 1902–04 og var ein av bladstyrarane i Norsk barneblad 1907–16. Han var formann i Noregs Ungdomslag 1902–06 (fungerande formann frå 1901) og skrivar (dagleg leiar) 1906–12; kona Margit var kassestyrar 1901–12. I mange år dreiv Sletten Norsk Maalkontor, han var ein sterk talsmann for nynorsk messe i kyrkja og for å byggja ei kyrkje for bondeungdom i Oslo, og han kjempa varmt for nynorsk teater. 1913–16 var han sekretær i Norges Forsvarsforening, og han var medlem av den store forsvarskommisjonen frå 1920. 1916–17 var Sletten bladstyrar for Olsok i Trondheim og 1917–20 for Møre Tidend i Ålesund. 1923 kom han til Stavanger Aftenblad som politisk medarbeidar og var der til han gjekk av for aldersgrensa 1943. 1928–32 vikarierte han som redaktør medan Lars Oftedal var stortingsmann og statsråd.
Klaus Sletten brukte mykje tid på dei arbeidslause i Stavanger; til slutt vart køane av arbeidssøkande ungdom som stod i trappene i avisa, til hinder for arbeidet, og dei vart nekta å koma om formiddagen. Då forlenga Sletten arbeidsdagen og sat utover kveldane og tok imot. Han var med i Stavanger bystyre (1929–40), skolestyre, arbeidsløysenemnd og priskontroll, og han tok initiativ til Stavanger Skoglag og Stavanger Hageselskap. Under krigen skreiv han ei bok om Christopher Bruun og ei om den frilyndte ungdomsrørsla, Då dagen rann; båe kom ut etter at han døydde 1946.