Politikar og skulemann. Foreldre: Postopnar Ola Bondevik (1872–1961) og Severina Stenehjem (1870–1960). Gift 1) 1928 med Agnes Sundal (7.6.1899–1955), dotter til klokkar A. M. Sundal (1870–1933) og Ragnhild Sundal (1873–1923); 2) 1957 med Torhild Bjørnstad (12.7.1912–), dotter til Adolf Bjørnstad (1886–1958) og Ingeborg Vikøren (1883–1952). Farbror til Kjell Magne Bondevik (1947–).

Kjell Bondevik var den fremste KrF-politikaren i 1960-åra, først som parlamentarisk leiar for partiet i Stortinget og sidan som kyrkjestatsråd i seks år.

Familien flytta til Sogndal då Kjell Bondevik var i 8–9-årsalderen. Heimen var ein avgjort kristen heim, og familien var aktiv i kristen verksemd for både indremisjon, ytremisjon og sjømannsmisjon. Som gymnasiast på Voss landsgymnas byrja Kjell opphaveleg på reallina for å verta ingeniør. Men norsklæraren, seinare professor i folkeminnevitskap Nils Lid, fann på å gjeva klassen i oppgåve å skriva stil om “Joletradisjonar på heimstaden”. Den stilen Kjell Bondevik skreiv, vart av læraren løna med karakteren S. Læraren meinte at ungguten måtte ha særleg talent for folkeminnegransking. Dermed skifta Bondevik over til latinlina. Og frå då av var interessa for folkeminne vekt hos han.

1922 vart han student og tok til å studera filologi. Etter eit studieopphald i Berlin kom han til Oslo, og møtte igjen Nils Lid, som i mellomtida var blitt professor. Etter råd frå han fullførte Bondevik magistergraden i folkeminnevitskap 1927, og same året tok han embetseksamen i filologi (med faga tysk, norsk og historie) og pedagogisk eksamen! Trass i både mag.art.- og cand.philol.-kompetanse fekk han likevel ikkje fast stilling i skulen i desse vanskelege åra. I staden vart han timelærar ved Kristeleg Gymnasium i Oslo. I tillegg livnærte han seg og familien som lærar ved ulike kurs m.m. På fritida heldt han fram med studiene i folkeminnevitskap, og bar nok på ei von om stipend som kunne opna vegen for forsking på heiltid. Men den vegen opna seg ikkje.

1933 flytta han til Vestlandet og vart lektor ved Haugesund høgre skule. Fire år seinare, 1937, vart han “skulestyrar og lektor” ved Sauda realskule og gymnas; frå 1948 hadde han tittelen rektor.

Under den andre verdskrigen var Kjell Bondevik ein av dei mange norske lærarane som den tyske okkupasjonsmakta sende til Finnmark. Der skreiv han salmen Å kor eg stunda. Den vitnar om tankemessig strev med livslagnadens gåte i ei tid då livet kunne ta ein brå slutt: “Kvar vil eg finna/ feste for min tanke?/ Kor vil eg vinna/ trygd mot all min anke?/ Kan ingen svara,/ løysa meg or snara,/ visa ein farveg til fred?” Det djupt personlege svaret kjem i vers tre: “Kristus meg møtte/ med sin kjærleik trugen./ Allting han bøtte,/ skapte fred i hugen,/ løyste mi gåta,/ frygdfullt laut eg gråta./ Livet fekk meining og med.”

1939 var Bondevik blitt engasjert i Sauda lokallag av Kristeleg Folkeparti, eit parti som før krigen berre hadde stortingsrepresentasjon frå Hordaland fylke. I seinare år fortalde han ofte at det var striden om diktarløn til kristendomsmotstandaren Arnulf Øverland som vekte han til politisk engasjement. Frå 1939 var han styremedlem i Rogaland fylkeslag av KrF, 1946 vart han vald inn i Sauda herredstyre og formannskap, og 1949 vart han vald inn på Stortinget som KrF-representant for Rogaland. Perioden hans som stortingsrepresentant kom til å vara frå 1950 til 1965, til saman 16 år.

Som skulemann vona nok Bondevik på ein plass i Kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget. Men den komiteen var oppteken av KrF-veteranen Hans Svarstad. Bondevik vart i staden plassert i Sosialkomiteen. Slik vart han i 1950-åra kjend som Kristeleg Folkepartis fremste sosialpolitiske talsmann – og profilerte nok ofte partiet noko til venstre for det dåverande sentrum. Frå 1954 var han formann i Sosialkomiteen. Først då han 1961 vart partiets parlamentariske leiar, vart han flytta over i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Internt i Kristeleg Folkeparti vart han utan tvil oppfatta som “vestlending” – i den vesle spenninga som vel kunne skimtast mellom ein Oslo-fløy (Erling Wikborg) og krinsen rundt veteranen Nils Lavik frå Hordaland. Ved overgangen til 1960-åra vart Bondevik forsøkt mobilisert som “Europa-tilhengjar”. Men ved den første EEC-striden 1962 braut han med Erling Wikborgs interne parolar og stemte med nei-sida, både i debatten om Grunnlovas § 93 og i debatten om medlemskapsøknad.

Utover i 1960-åra skifta han gradvis syn i spørsmålet om Kristeleg Folkeparti kunne tenkjast å delta i ei ikkje-sosialistisk regjering. Stortingsvalet 1961 hadde aktualisert dette. Ved regjeringskrisa 1963 sa KrFs stortingsgruppe under Bondeviks leiding ja til å delta i Lyng-regjeringa. Bondevik sjølv vart sosialminister. Regjeringsdeltakinga hausten 1963 vart preludiet til ei særs samarbeidsviljug haldning frå KrFs side ved stortingsvalet 1965. Ved dette valet var Bondevik sjølv ikkje lenger stortingskandidat. Han var blitt utnemnt til dosent i folkeminnevitskap ved Universitetet i Bergen, etter å ha vore fast eksamenssensor sidan 1958. Men valutfallet førte til ikkje-sosialistiske regjeringstingingar. Og dei utvikla seg slik at Kjell Bondevik vart kyrkje- og undervisningsminister.

Medan desse tingingane delvis ennå gjekk føre seg, vart Bondeviks kandidatur emne for ein nokså spesiell polemisk strid i pressa, ein strid som fekk redaktør Arthur Berg til å skriva at Bondevik i realiteten vart “kreert av Dagbladet”. Krinsar i det sokalla “Dagblad-venstre”, Venstres kulturradikale fløy, slo fast at Bondevik “sjølvsagt” ikkje kunne godtakast som kulturminister – på grunn av KrFs “særstandpunkt i kulturpolitikken”. I den situasjonen hadde KrF ikkje noko val. Partiet laut krevja å få Bondevik som kyrkjestatsråd.

Regjeringsskipinga vart starten på ein hektisk og turbulent fase i Kjell Bondeviks liv. Borten-regjeringas periode (1965–71) var sterkt merkt av “Bondevik-kampane”. Striden gjorde han kjend over heile landet og var ved nokre høve nær på å fella regjeringa. Kan hende kan tre fasar skiljast ut som særleg intense: striden om skrivne retningsliner for NRK, striden om forsøksgymnaset/friskuleprinsippet og striden om eksamensrett for Norsk Lærarakademi. I alle tre sakene meinte opposisjonen først å kunne fella Bondevik. Men etter kvart synte kvar sak seg å vera av ein slik karakter at Bondevik i det vesentlege hadde sitt på det turre. Det urokkelege ved han midt i all striden vart tolka som ei hovudårsak til den sterke framgangen KrF vann ved stortingsvalet 1969. Kjell Bondevik stod med eitt i manges tanke som ein “sterk mann”. – I statsrådåra fekk han elles igjennom mange viktige reformar i norsk skulepolitikk, mellom anna den omfattande desentraliseringa av ungdomsskuleutbygginga.

Dei to siste åra vart Borten-regjeringa gradvis oppløyst frå innsida på grunn av striden om EEC. Regjeringa fell like før Kjell Bondevik skulle til å høgtida 70-årsdagen sin den 11. mars 1971. Dei ikkje-sosialistiske partia vart samde om å be Bondevik skipa ny regjering. Som folkeminnegranskar likte han å forma fyndige poeng ved hjelp av gamle norske ordtak. “Det er von i hangande snøre,” sa han til pressa då han starta desse tingingane – noko som gav nytt liv til dette gamle ordtaket. Nokre dagar seinare laut han gje opp å skipa regjering. Sjølv meinte han å vera førd bak lyset av Senterpartiet, men det er i ettertid omstridt mellom forskarane. Til pressa sa han: “Eg er djupt såra og vonbroten” – utan tvil Bondeviks mest siterte fråsegn.

Også som politisk pensjonist stod Kjell Bondevik frå tid til annan offentleg fram. Han valde nei-sida under EF-striden 1972. Og 1983 åtvara han KrF mot å “selja førstefødselsretten sin for ein rett linser”; KrF vurderte nett då å gå inn i Willoch-regjeringa trass i Høgres abortstandpunkt. Men mest nytta han pensjoniståra på dei ufullførte folkeminneprosjekta. Mellom anna fullførte han det store prosjektet om Jordbruket i norsk folketru.

“En rettlinjet politiker”, skreiv Kåre Willoch i eit minneord då Kjell Bondevik døydde like før jul i 1983.

  • Dei norske trollvisone, 1927
  • Jordbruket i norsk folketru. Ei jamførande gransking, 3 bd., 1933–77
  • Sogndal Sparebank i 100 år, Sogndal 1941
  • Studiar i norsk segnhistorie, 1948
  • Sogndal Sparebank i 125 år, Sogndal 1966
  • Høgtider i Noreg og på Island, 1969
  • Sogndal folkehøgskule i 100 år. 1871–1971, Sogndal 1971
  • Kristent innslag i norsk politikk 1800–1930, 1975
  • A. Berg: I stridens hete – Kjell Bondevik, 1969
  • J. Aano m.fl. (red.): Demokrati og kulturansvar. Festskrift til Kjell Bondevik på 70-årsdagen 11. mars 1971, 1971
  • HEH 1979
  • I. Haddal: Statsministeren vi ikke fikk, 1981
  • O. J. Sæter (red.): Kristelig Folkepartis historie 1933–1983, 1985