Forfattar. Foreldre: Arbeidsformann Klaus Fløgstad (1915–92) og butikkdame Margit Hegerland (1920–97). Gift 1977 med lege Anne Kathrine Nore (22.10.1949–), dotter til Per Johannes Nore (1917–96) og Karin Sofie Wessel (1922–).

Dragnaden mot eksilet, reisene, kulturmøta, kjensla for historiske overgangar, erfaringane frå oppvekst og ungdom i ein liten industristad, og den intime kjennskapen til arbeidsprosessar og kulturdrag i vestnorsk kvardagsliv, dannar eit komplekst grunnlag for Kjartan Fløgstads bøker. Når det blir bearbeidd av ein diktar med store litteraturfaglege kunnskapar og brei sjølvstendig lesing i moderne kultur- og samfunnsfilosofi, oppstår ein romankunst som er eineståande i nyare nordisk litteratur.

Fløgstad voks opp i Sauda i Ryfylke og tok examen artium på reallinja der 1963. Etter å ha vore innom arkitektstudiet, arbeidd sporadisk ved Sauda Smelteverk og reist ein del bl.a. som sjømann, fullførte han eit filologisk cand.mag.-studium 1971. Da var han alt i gang med den karrieren som skulle gjere han til ein av dei aller fremste norske prosaforfattarane i sin generasjon. Han har sidan stort sett budd i Oslo, men var også ein periode busett i Aust-Finnmark, og han har hatt fleire opphald i Latin-Amerika.

Fløgstad starta som lyrikar med samlingane Valfart (1968) og Seremoniar (1969), inspirert av både europeisk barokk og internasjonal modernisme. Poesien er viktig gjennom heile forfattarskapen, men den endrar karakter. Tidleg i 1970-åra gav han ut omsetjingar av Pablo Neruda og av kubansk samtidspoesi. Seinare har han offentleggjort spreidde gjendiktingar av moderne arabisk poesi og av dikt av den britiske poeten Tony Harrison. Rundt omkring i romanane hans finn ein også lause dikt innfletta. Men dei er ikkje lenger høgmodernistiske som i samlingane frå 1960-åra. Snarare viser dei slektskap med folkelege visetradisjonar. 1993 samla Fløgstad heile sin poetiske produksjon i Dikt og spelmannsmusikk 1968–1993. Den kom i ny og utvida utgåve 1997.

Dei første prosasamlingane hans, Den hemmelege jubel (1970) og Fangliner (1972), viser nye impulsar: sterke innslag av heroisk eksistensialisme i den første, og ei tydeleg interesse for “lågkulturelle” motiv og stilmønster i den andre. Men bøkene vitnar også om noko som etter kvart blir eit varemerke i Fløgstads prosa: den polyfone spenninga mellom ein usentimental hyperrealisme i skildringar av sjømannens og industriarbeidarens kvardag, ein laussloppen fantasi (inspirert både av renessansens og barokkens klassikarar og av den latinamerikanske “magiske realismen”), og den same typen leikande behandling av prosaens former, genrar og stilar som ein finn hos argentinarane Jorge Luis Borges og Julio Cortázar – truleg dei mest permanente av dei mange latinamerikanske påverknadene hans. Saman med romanen Rasmus (1974) er desse tidlege samlingane noko langt meir enn førebuingar til dei store romanane.

For Dalen Portland (1977) vart Kjartan Fløgstad tildelt Nordisk Råds litteraturpris 1978. Eit kresent nordisk publikum fekk dermed sjå at det også i Noreg kunne skrivast romanar på heilt nye måtar. Samstundes vart det tydeleg at ein hadde med ein romanforfattar å gjere som var i starten av eit ambisiøst litterært prosjekt. Etter Dalen Portland har dette prosjektet gitt seks store romanar. Alle er prega av burlesk stil og fantasi, realistisk presisjon, sosial- og kulturhistoriske skarpsyn, og ein kritisk vilje som ofte hentar grepa sine frå den satiriske tradisjonen. Saman skaper dei mektige tolkingar i skrift og fiksjon av dominerande prosessar som har prega Noreg og det internasjonale samfunnet på 1900-talet – frå jordbrukssamfunn til industrisamfunn, og vidare inn i dagens postindustrielle samfunn.

Fløgstad kunne truleg ha vore vår fremste moderne realist, om det hadde vore hans prosjekt. Men som teoretisk velskolert forfattar veit han at “realismen” berre er ein skrivemåte blant mange andre, som forenklar røyndomen dersom den blir reindyrka. Skal romanen kartleggje det moderne samfunnsmennesket i all sin kompleksitet, må den vere “urein”, blande ulike skrivemåtar, fjerne skiljet mellom “høgt” og “lågt”, det kroppslege og det åndelege, gi rom for livets burleske sider og ikkje minst: bruke fantasiens krefter i fullt monn. Alle desse registra spelar Fløgstad ut i sine beste romanar.

Fyr og flamme (1980) er bygd opp kring den proletariske helten Hans Hertingen. Men Hertingen er like mykje ein myte som ein realistisk skildra proletar, og nettopp desse dimensjonane gjer han til ein av dei mest uforgløymelege figurane i norsk romankunst. Det er både melankoli, nostalgi og beisk satire i romanens skildringar, men samstundes eit driv og eit overskot som langt på veg opphevar både nostalgien og desillusjonen.

Ved sida av Fyr og flamme er det først og fremst Det 7. klima (1986) og Kron og mynt (1998) som ruver hos Fløgstad, både i omfang og betydning. Det 7. klima er ein satire over typiske trekk ved det postindustrielle samfunnet og dei “virtuelle realitetane” dette samfunnet produserer, men også ein refleksjon over (roman)kunsten i dag. Aldri har Fløgstad fjerna seg lenger frå romansjangerens konvensjonelle reglar enn i den bruken han her gjer av postmoderne grep for å kritisere typiske trekk ved det postmoderne samfunnet. Romanen har difor vekt stor diskusjon, både da den kom ut og seinare. I Kron og mynt er refleksjonen over kunstens vilkår ført tilbake til barokken, som var så viktig for Fløgstad i den første fasen av forfattarskapen. Romanen inneheld bl.a. dei mest overdådige tolkingane av barokk kyrkjekunst som nokosinne er skrivne på norsk, samstundes som samtidssatiren slett ikkje er mildare enn i tidlegare romanar.

Ikkje alle romanane til Kjartan Fløgstad har slikt spenn. Etter kvart som dei marknadsliberalistiske samfunnskreftene vart dominerande i 1990-åra, kunne det sjå ut som om bøkene hans vart strengare og bitrare. Dette er spesielt tydeleg i Fimbul (1994), ein roman som utforskar den type politisk desperasjon det blir terroristisk handling av. Mange har meint at dette er ein av hans veikaste romanar. Det er ikkje sikkert det er rett. Sikkert er det i alle fall at Fimbul er Fløgstads store “vinterroman”, og kanskje hans mest konsekvente. I sin siste store roman, Grand Manila (2006), er Fløgstad imidlertid tilbake til velkjende landskap (industristaden Sauda) og til ei framstilling av moderne kapitalisme som er skarpare i sin politiske kritikk enn kanskje nokon gong tidlegare i forfatterskapen.

Kjartan Fløgstad er også ein framståande sakprosaforfattar. Dei fem essaysamlingane hans, frå Loven vest for Pecos (1981) til Antipoder (1996) og Dei ytterste ting (1998), har spela ei viktig rolle i norsk kulturdebatt. Biografien Portrett av et magisk liv. Poeten Claes Gill (1988) handlar om eit av Fløgstads førebilete: ikkje teatermannen og kulturpersonlegdomen Gill, men vagabonden og poeten med oppvekst i eit vestnorsk industriarbeidarmiljø (Odda). Fløgstad har også skrive det industrihistoriske verket Arbeidets lys (1990), om Sauda Smelteverk gjennom 75 år. 1999 kom Eld og vatn, ei historisk og samstundes fabulerande framstilling av høgst forskjellige lagnader blant nordmenn som utvandra til Latin-Amerika, og såleis ei gransking av ulike sider ved eksilet som eksistensform. Ei ny og utvida utgåve av reiseboka Pampa Unión frå 1994 kom 2000 under tittelen Sudamericana. Latinamerikanske reiser. Same året debuterte Kjartan Fløgstad også som scenediktar, med farsen Evig varer lengst på Det Norske Teatret. 1999 utgav Det norske samlaget Fløgstads verk frå åra 1968 til 1996 i elektronisk utgåve (CD-ROM) under tittelen Kjartan Fløgstads forfattarskap. Ein digital katalog. 2000 kom essayet Osloprosessar om den sosiale omskapinga av Oslo by på slutten av 1900-talet. Kontakt i sin polemikk er også debattboka Brennbart (2004), medan den flotte boka om arkitektfirmaet Snøhetta frå same året er skriven meir con amore.

Forutan Nordisk Råds litteraturpris har Kjartan Fløgstad bl.a. mottatt den store Gyldendal-prisen for sin forfattarskap (1999). Våren 2000 var han også festspeldiktar ved Festspillene i Bergen. I 2004 mottok han både den chilenske Bernardo O'Higgins-ordenen og Neruda-medaljen for sitt arbeid med å utbreie kunnskapen om chilensk og latinamerikansk kultur.Han er omsett til svensk, dansk, finsk, tysk, engelsk, fransk og russisk.

    Romanar

  • Rasmus, 1974
  • Døden ikke heller (under pseud. K. Villum), 1975
  • Ein for alle (under pseud. K. Villun), 1976
  • Dalen Portland, 1977
  • Fyr og flamme. Av handling, 1980
  • U3, 1983
  • Det 7. klima. Salim Mahmood i Media Thule, 1986
  • Kniven på strupen, 1991
  • Fimbul, 1994
  • Kron og mynt. Eit veddemål, 1998
  • Paradis på jord, 2002
  • Grand Manila, 2006

    Prosasamlingar, essays m.m.

  • Den hemmelege jubel, 1970
  • Fangliner. Fortellingar, 1972
  • Loven vest for Pecos og andre essays om populær kunst og kulturindustri, 1981
  • Ordlyden, 1983
  • Tyrannosaurus text, 1988
  • Pampa Unión. Latinamerikanske reiser, 1994 (utv. utg. Sudamericana. Latinamerikanske reiser, 2000)
  • Antipoder, 1996
  • Dei ytterste ting. Nødvendighetsartiklar, 1998
  • Osloprosessar, 2000
  • Shanghai Ekspress, reiseskildring, 2001
  • Hotel Tropical. Nettenes fedreland, 2003

    Dikt

  • Valfart, 1968
  • Seremoniar, 1969
  • Dikt og spelmannsmusikk 1968–1993, 1993 (2. utg. 1997)

    Anna

  • Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill, 1988
  • Arbeidets lys. Tungindustrien i Sauda gjennom 75 år, 1990
  • Eld og vatn. Nordmenn i Sør-Amerika, 1999
  • Evig varer lengst eller Where have all the lovers gone? Komedie i to akter, 2000
  • Brennbart, 2004
  • Snøhetta – hus som vil meg hysa, 2004
  • A. Kittang: “Mellom fiksjonar og realitetar. Kjartan Fløgstad og 'Dalen Portland'”, i SogS 1977, s. 514–525
  • T. Obrestad og K. Fløgstad: “Dalen Portland”, i SogS 1977, s. 526–533
  • D. Østerberg: “Kjartan Fløgstads forfattarskap”, i SogS nr. 1/1995, s. 56–67
  • M. Morken Andersen: “Staden i skogen er den evige stad. Samtale med Kjartan Fløgstad”, i Vinduet nr. 4/1996, s. 2–9
  • Ø. Rottem: “Kjartan Fløgstad – sosialsatirisk polyfoni”, i NLH/Beyer, bd. 7, 1997
  • Dag og Tid, vedlegg til nr. 25/1999 (temanummer om Fløgstad)
  • Kjartan Fløgstad. Eit forfattarhefte, 1999
  • A. J. Aasen: “Retretten til skrifta”. Språkkritikk og globalisering i nokre romanar av Kjartan Fløgstad, dr.avh. NTNU, Trondheim 2006