Sylvsmed og folkemusikar. Foreldre: Ingeniør Olav T. Bråten (1919–82) og Kjellfrida Adelheid (“Lillemor”) Lied (1919–). Gift 2.9.1977 med bonde Bjørgulv N. Berg (26.9.1950–), son til bonde Niklos B. Berg (1916–2004) og Sigrid Hovet (1926–).

Kirsten Bråten Berg er visesongaren frå Arendal som enda opp som den fremste kvedaren i Setesdal. Samarbeid med felespelarar og musikarar frå andre sjangrar har vore viktig, men ei stemme som blir karakterisert som ein av dei vakraste me har her i landet, same kva sjanger, er og blir hennar sterkaste kort.

Ho er fødd og oppvaksen i Arendal. Faren var bygdespelemann og kom frå ei slekt av danseglade folk. Det var mykje song og musikk i barndomsheimen. Felespelet til faren og moras interesse for bunadssaum vekte Kirstens interesse for norsk folketradisjon. Samtidig vanka ho i eit visemiljø i Arendal og byrja å opptre med visesong og gitar. Interessa for folkemusikken og folkedansen skaut fart då ho 1970 drog til Oslo og blei folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag. Ho kom samtidig inn i eit folkemusikkmiljø rundt Club 7. Dette kombinert med folkedansen førte til at ho fekk ei sterk interesse for dei gamle balladane.

I Oslo melde interessa for sylvsmedyrket seg, og Kirsten tok seg arbeid i gullsmedfirmaet David-Andersen. Men så trefte ho sylvsmeden og spelemannen Torleiv H. Bjørgum frå Rysstad i Setesdal. Og etter eit år på gullsmedlina på Oslo Yrkesskole byrja ho å gå i lære hjå Bjørgum. Ho tok svennebrev 1976, og 10 år seinare fullførte ho mesterbrevet som gullsmed. Det fall naturleg for henne å spesialisere seg på bunadssylv.

Kirsten Bråten Berg blei gift til ein gard på Rysstad og kom rett inn i eit aktivt folkemusikkmiljø; spelemenn som Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum hadde flytta heim att. Men aller fyrst hadde ho møtt kvedarar som Tarjei og Gro Heddi Brokke. Ho blei med i gruppa Slinkombas, som drog heim ein Spellemannpris 1979.

Berg kom med si fyrste soloplate 1980 med eit viserepertoar frå yngre år. Å koma utanfrå og lære seg stev og viser frå Setesdal var ikkje uproblematisk, men for Kirsten Bråten Berg var det nødvendig å gje dette eit moderne uttrykk for å skape ny interesse. Etter det norsk/svenske samarbeidet SetesDalarna kom ho 1988 med si andre soloplate, Min kvedarlund, ei plate som fekk Spellemannprisen. På denne plata er det balladesongaren Berg som briljerer. Viktigaste kjelda for balladane var voksrullopptaka etter Svein Hovden.

Svein Hovden var òg døropnaren då jazzbassisten Arild Andersen fatta interesse for Berg, eit møte som har blitt det viktigaste for musikkarrieren hennar. Bestillingsverket Sagn frå 1990 blei eit gjennombrot. Dette langvarige samarbeidet har ført Berg til store delar av verda. Og prisar har ho fått, bl.a. Radka Toneffs ærespris 1997. CD-en Sagn har blitt ståande som eit banebrytande verk i si samtid.

Eit pionerprosjekt blei òg Frå Senegal til Setesdal. Kirsten Bråten Berg deltok saman med munnharpespelaren Bjørgulv Straume og dei to afrikanarane Solo Cissokho og Koame Sereba. Men Berg har heile tida vendt tilbake til røtene, og seinast 2005 vann ho vokalklassa på den tradisjonsrike Landskappleiken.

Den tredje soloplata, Syng du mi røyst, tok på ny for seg visesongen. Syngjestilen hennar blir av mange karakterisert som ei unik blanding av kvedarstil og visesong. Dette var kanskje grunnen til at gruppa Vamp tok henne med på plate og turné like etter tusenårsskiftet. Ho har elles deltatt på ei rad innspelingar med ulike artistar.

Med kombinasjonen dans, spel og song såg Stemmenes skygge dagens lys i form av ei framsyning og ei plate. Her samarbeidde Kirsten Bråten Berg med svenske Lena Willemark og danske Marilyn Mazur pluss dansarar. Hausten og våren 2005/2006 gjennomførte ho to lange turnear med suksessen Tryllefløyta, ein folkemusikalsk opera sett i scene av Leif Stinnerbom.

I tillegg til utøvinga har Kirsten Bråten Berg drive opplæring i kveding gjennom mange kurs. Ho har òg vore tilsett ved Valle vidaregåande skule. 2005 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Sjølv var ho glad for at denne høge utmerkinga både omfatta kvedinga og sylvsmedkunsten.

    Plater

  • Slinkombas (med H. Bjørgum, G. Stubseid og T. Kvifte), 1979
  • Kirsten Bråten Berg, 1980
  • Slinkombas og bas igjen, 1982
  • SetesDalarna (med B. Ståbi, M. Röjås, P. Gudmundsson og G. Stubseid), 1984
  • Min kvedarlund, 1988
  • Juletid (med H. T. Bjørgum og E. Hægeland), 1991
  • Sagn (med A. Andersen, N. Vasconcelos, F. Alnæs, B. Hofseth og B. Wesseltoft), 1992
  • Cohen på norsk (med S. Endresen, K. Bremnes, Somebody's Darling, C. Scott m.fl.), 1993
  • Våre beste barnesanger (med Bukkene Bruse, G. Lystrup m.fl.), 1993
  • Arv (med A. Andersen, P. Vinaccia, N. Vasconcelos, B. Wesseltoft, E. Årseth og B. Hofseth), 1993
  • Suède et Norvège (med L. Willemark, A. Møller, P. Gudmundsson, G. Stubseid), 1993
  • Pilegrimen av Paal Helge Haugen og Jan Eik Pettersen (med S. Tindberg, B. Straume), 1996
  • Frå Senegal til Setesdal (med Solo Cissokho, K. Sereba og B. Straume), 1997
  • Smak av himmel, spor av jord (med K. Asbjørnsen, A. Vada, K. Saunes, O. Nordstoga m.fl.), 1999
  • Runarstreng (med H. Bjørgum), 1999
  • Syng du mi røyst, 2000
  • Stemmenes skygge (med L. Willemark og M. Mazur), 2005

    Bøker

  • Svein Knutsson Hovden – kvedar og sogemann (sm.m. L. Jansen), Bykle 1991
  • R. Myklebust: 50 år med folkemusikk, 1982
  • HEH 1994
  • K. Bitustøyl: “Kirsten Bråten Berg – sylvsmed med gullstrupe”, i Spelemannsbladet nr. 4/2002
  • T. L. Fossnes: “Ridder Kirsten av Valle”, i Bunad nr. 1/2006
  • opplysninger fra Kirsten Bråten Berg