Teolog og forfattar. Foreldre: Direktør Knut Isachsen (1906–) og Margit Lolloe Gjertsen (1907–). Ugift.

Karsten Isachsen vil bli hugsa som ein fornyar av norsk preikekunst. Preikesamlingane og dei andre bøkene hans har fått høge opplagstal og har betydd mykje for mange. Isachsen reiste land og strand rundt som føredragshaldar og talar i dei mest ulike samanhengar.

Isachsen voks opp i Oslo og tok examen artium ved Kristelig Gymnasium 1962. Han studerte ved Menighetsfakultetet, vart cand.theol. 1969 og avla praktisk-teologisk eksamen ved Det praktisk-teologiske seminar, Universitetet i Oslo 1970. I perioden 1962–72 arbeidde han som frilansar i NRKs Barne- og ungdomsavdeling og var i samme tidsrom timelærar i norsk, etikk og kristendom ved ulike skolar i Oslo. Han vart ordinert til prest i Den norske kyrkja 1970 og var hjelpeprest i Ullern menighet fram til utgangen av 1974.

1975 kjøpte Isachsen fjellgarden Eivindsplass i Skurdalen ved Geilo. Garden har etter kvart blitt utbygd til konferansesenter. I 10 år fram til 1985 var han stiftskapellan i Tunsberg bispedømme. Etter det var han forfattar og føredragshaldar og underhaldar på heiltid.

Frå debuten med Gjester som ikke vil gå 1978 utga Isachsen eit mangfald av bøker. Dei er alle samlingar av relativt korte tekstar. Dei ulike tekstane reflekterer i seg sjølve forfattarens ulike offentlege roller som prest, førelesar og komikar: Dei er kristen forkynning, hjelp til livsmeistring og humoristiske korttekstar. I nokre bøker, til dømes i vitsesamlingane, er ein av desse teksttypane reindyrka. Men regelen er heller at bøkene inneheld element frå alle tre rollene, i litt ulikt blandingsforhold. Heilt i tråd med forfattarens yrkeskarriere framstår den kristne forkynnaren mest tydeleg i dei tidlege bøkene. Dei seinare bøkene er meir allment orienterte. Mykje tyder på at det er som fornyar av norsk forkynning Isachsen vil bli hugsa best. Det er heller ikkje urimeleg å hevde at Isachsens popularitet som førelesar og komikar i stor grad er betinga av presteidentiteten.

Som kristen forkynnar var Isachsen heile tida opptatt av tilhøyrarar og lesarar i utkanten av den synlege kyrkja. Ein av tekstane i debutboka har talande nok tittelen: Preken til deg som aldri går i kirken. Isachsens forkynning er kjenneteikna ved personlege eksempel, relativt enkle setningar og ved ein sjelesørgjar-tone. Samanlikna med andre norske predikantar speler sjølve preiketeksten og kyrkjeåret ei mindre rolle i preikene hans. Sjølv om forma vart opplevd som forfriskande ny i dei første preikebøkene, var ikkje den intenderte bodskapen radikalt ulik tradisjonell luthersk forkynning: Tittelpreika i debutboka er til dømes ei påskepreike som nesten utelukkande handlar om synd. Isachsen naut stor respekt i store delar av det kyrkjelege landskapet. Dei solidaritetserklæringane han kom med til dei kristne homofile i løpet av 1990-åra, har difor vore verkekraftige.

Noko av det fascinerande med Isachsen som formidlar var at det personlege preget gjekk hand i hand med omfattande gjenbruk av forteljingar og eksempel henta frå eigne og andre sine tekstar. Det mest slåande ved Isachsens tekstar er ikkje det lange forløpet, til dømes utviklinga av eit tema frå A til Å, men dei treffande einskildformuleringane. Isachsen skriv sjølv i innleiinga til ei av samlingane av fyndord, som han kalla “lyspunkter”, at han har samla på “one-linere” og “kjappe replikker” frå gutedagane av. Desse fortetta setningane utgjer eit viktig forråd for den populære talaren. Karsten Isachsen skreiv også lærebøker i kristendom for ungdomskulen.

  • Gjester som ikke vil gå. Essays og prekener, 1978
  • Fjellet som flyttet seg. Essays og prekener, 1979
  • Som når et barn kommer hjem. Essays og prekener, 1981
  • Vis meg ditt ansikt. Essays og prekener, 1982
  • Det handler om å leve, 1986
  • Ut av ensomheten, 1986
  • Før vi går fra hverandre. Essays og prekener, 1987
  • Sint, sant, sunt, 1991
  • En slitesterk livsstil, 1994
  • Et stort indre landskap, 1996
  • Ro med gyldne årer, 1996
  • 365 små lyspunkter, 1996
  • Såkorn fra himmelen, 1997
  • 365 nye lyspunkter, 1998
  • Høydepunkter, 1999
  • 366 funklende lyspunkter, 1999
  • 365 glitrende lyspunkter, 2000
  • Lyspunkter, 2003
  • M. H. Hougsnæs: “Norsk påskepreken. Etterkrigstiden 1945–1995”, i S.-Å. Selander og C. Pahlmblad (red): Luthersk påskpredikan i Norden, bd. 1: Från reformation till nutid, København 2001, s. 235–239
  • R. N. Jakobsen: “Det homiletiske Kattegat. Krysspeilingar i norsk og dansk preikekunst”, i Ki&K nr. 6/2001, s. 467–479
  • Nekrolog over Karsten Isachsen i avisa Hallingdølen