Husdyrkunnig. Foreldre: Bonde Einar Gunleivson Sæland (1837–1911) og Ragnhild Jonsdotter Lende (1847–81). Gift 26.9.1908 i Drammen med (Laura) Amalie Gunheim (1.9.1880–21.12.1938), dotter til bonde Hans Torkjelson Gunheim (1847–1925) og Karoline Marie Jørgine Brunes (1847–88). Bror til Sem Sæland (1874–1940).

Jon Sæland ruvar mellom norske husdyrfolk i første helvta av 1900-talet, som statskonsulent i småfeavl og spesialist på fjellbeite. Han merkte seg òg ut som norskdomsmann, ofte mykje omstridt.

Sæland kom frå ein gåverik familie. Han var tiltøk og skuleflink og fekk fagutdanninga si ved Vinterlandbruksskulen i Kristiania 1897, vart landbrukskandidat ved Noregs landbrukshøgskule (NLH) på Ås 1900 og meierikandidat same staden 1907. Han arbeidde først som lærar og heradsagronom i Modum 1900–04. Etter diverse stipend og tre år som assistent ved NLH overtok han 1907 som skulestyrar ved Storsteigen jordbruksskule i Alvdal. 1917 vart han utnemnd til vår første statskonsulent i sau- og geitavl. Han busette seg i Nes, Telemark og dreiv garden Gunheim i Gvarv til 1954. Han vart pensjonist 1945.

På folkemunne vart det gjerne spøkefullt sagt at det berre var Vårherre som hadde meir greie på sau og sauehald enn Jon Sæland. Gjennom praktisk avlsarbeid (seleksjon) utvikla han rasen dalasau, opphavleg kryssingar mellom dei engelske rasane leicester og sjeviot med spælsau, til ein uniform rase, som sidan har dominert sauehaldet i Noreg. Men hans faglege engasjement stoppa ikkje med det. Han hadde òg ein finger med i spelet ved utforminga av rygjasauen, endå om fleire samtidige fagfolk gjerne ynskte å dela æra for denne “farskapen” med han, i første rekkje Lars H. Kvadsheim. Sistnemnde kom ved eit høve til å snakka negativt om sjeviotrasen, som hadde Sælands godhug, og samstundes framheva han eigenskapane til rygjasauen. I eit tidsskriftinnlegg tok Jon Sæland kraftig til motmæle mot synspunkta hans med desse innleiingsorda: “Hr. Kvadsheim byrjar stykket sitt med noko av det storskrøytet av seg sjølv som me er vane med å høyra frå ein viss kant av Rogaland dei seinste åra.”

Sæland er elles kjend for arbeidet sitt med import og utbreiing av karakulrasen, ein pelssau frå Kasakhstan i Sentral-Asia, i mellomkrigsåra. Det finst fleire namn på skinnproduktet, m.a. persianar og breitschwantz. I 1930-åra fekk denne avlen ei viss utbreiing, først og fremst i Rogaland. Men konjunkturane i bransjen gjekk mykje opp og ned; 1937 kom såleis alle 700 skinna frå Rogaland til auksjonen i London i retur. Same året opplyste Sæland til tidsskriftet Bondevennen at han selde skinn for 5000 kroner, som var meir enn ei god årsløn på den tida. Karakulavlen var eit typisk døme på Sælands iver og fantasi om næringsutvikling for den norske bonden, som i all gjerning alltid stod hans hjarta nær.

Som sauegjætar i fjellet i ungdommen og sidan som praktisk brukar av høgfjellsbeite til sau var Sæland med på å utvikla moderne driftsmåtar for utnytting av fjellviddene våre. Svært mange sauegjætarar i landet fekk si første innføring i dette mangfaldige yrket hjå Jon Sæland. Elles var han med i Høgfjellskommisjonen 1911–17 og den departementale komiteen om “foranstaltninger til sau- og geitavlens fremme” 1916, og han var formann i den departementale komiteen 1917–18 om utnytting av heiebeita. Kvar gong høvet baud seg, stilte han gjerne spørsmål om det kunne vera rett “å skuva fram flesket i beitelandet Noreg”. Han tenkte då sjølvsagt på alt arbeidet som vart lagt ned i forsking og praktisk arbeid med svineavlen. Men av og til kunne han verta vel polemisk i utrykksmåten, som den gongen han karakteriserte gjødsla gras tørka til sauehøy som “Øydlihøy”. Høy for sau skulle etter hans meining vera av småvakse naturgras, ikkje av foredla artar vekststimulert med kunstgjødsel. Han sikta til ei forsøksmelding frå den seinare professoren i gjødsellære, Mikkel Ødelien. Sidan lanserte han likevel sjølv tanken om gjødsling og kalking med fly på visse lokalitetar fjellbeite, men fekk sjølv ikkje oppleva dei første tiltaka i så måte då dei vart utførte i Sirdal i midten av 1960-åra.

Sæland var sterkt prega av den nasjonale frigjeringa i 1905 og markerte seg i alle samanhengar sidan som norskdomsmann. På immatrikuleringa ved NLH 1947 helsa han høgskulen frå 50-årsjubilantane i ein tale der han med intens, lågmælt røyst karakteriserte høgskulen som “avnorskingsanstalten på Ås”, eit utrykk han gjerne brukte i fleire samanhengar.

Sæland hadde ei uvanleg vakker handskrift og ein særmerkt, lett folkeleg stil. Dei skrivne arbeida hans gav førsteklasses fagkunnskap og vart studerte av praktikarar, husdyrkonsulentar, lærarar og elevar på jordbruksskulane og av mange studentar ved NLH. Han skreiv fleire fagbøker og småskrifter, m.a. Lærebok i sauealing, Sauedrifter til fjells, Karakulsau, Ny sauebok, Ull og ullavl og Sau og saustell, forutan ymse ættebøker for sau og norsk buhund og ei rekkje fagartiklar i tidsskrift og aviser.

Jon Sæland vart 1946 heidra med Kongens fortenestemedalje i gull for vitskapleg granskingsarbeid.

  • Nordre Gudbrandsdalen. Beretning om en undersøkelsesreise, bekostet av Selskapet til emigrationens indskrænkning, 1910 (2. opplag Lillehammer 1975)
  • Hallingdal og Numedal. Studier vedrørende utvandringen, 1911
  • Lærebok i sauealing, 1918
  • Sauedrifter til fjells, 1921
  • Sein vaarlembing er best, Bergen 1925
  • Karakulsau, 1930
  • Ny sauebok. Lærebok i saueal, 1930
  • Ull og ullavl. Stutt rettleiding til saueigarane, 1938
  • Sau og saustell. Lærebok i saual, Leikanger 1943
  • B. Karlgård: Norske landbrukskandidater, 1932
  • HEH 1959
  • S. Eikeland: Driftesmalen. Gjætarliv på vegtråkk og villfjell, Sandnes 1966
  • O. Klokk: biografi i NBL1, bd. 15, 1966
  • O. Aurenes og R. Undheim: Time gards- og ættesoge, 1973
  • M. Grimstvedt, T. Hertel-Aas og L. G. Jøssang: Med sauen til heis, Nærbø 1996
  • E. K. Time: “Jon Sæland, – 'sauegeneral' – forfattar – og norskdomsmann”, i Jord og gjerning 2003, utg. av Norsk landbruksmuseum, Ås 2003